Røntgen og laboratorium - private avtalar
For å sikre god nok kapasitet innanfor røntgen- og laboratorietenester kjøper Helse Vest tenester hos nokre private aktørar. Dette tilbodet er eit supplement til det offentlege tilbodet i sjukehusa, og pasienten betaler same eigendel som på eit offentleg sjukehus.
Radiologiske prosedyrar i Helse Vest
Ventetider røntgentenester – søk på Helsenorge
Legar og andre rekvirentar i Helse Vest (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) kan benytte seg av private institutt som Helse Vest har avtale med.
Legg merkje til at røntgentenestene ikkje gjeld brystundersøking (mammografi).
Røntgentenester Bergen
Unilabs Røntgen Bergen
Småstrandgaten 3
5014 Bergen
Telefon: 21 00 08 00
Evidia
Kaigt. 5
Bergen Storsenter 5. etasje
5015 Bergen
Telefon: 22 43 43 43
Røntgentenester Haugesund
Unilabs Røntgen Haugesund
Skippergata 14
5527 Haugesund
Telefon: 21 00 08 00
Røntgentenester Stavanger
Evidia
Lagårdsveien 80
4010 Stavanger
Telefon: 22 43 43 43
Unilabs Røntgen Sandnes
Larsamyrå 18
4313 Sandnes
Telefon: 21 00 08 00
Innhaldet i avtalen
Avtalen omfattar CT, MR, røntgen og ultralyd alle stader. Avtalen gjeld ikkje for mammografi.
Laboratorietenester:
Patologi:
Fürst Medisinsk Laboratorium
Søren Bulls vei 25
1051 OSLO
Telefon: 22 90 95 00
E-post:
post@furst.no
Avtalen gjeld rekvirentar i heile regionen. Avtalen omfattar ikkje cervixcytologi. Desse prøvane skal sendast lokalt helseføretak som tidlegare.
Mikrobiologi og medisinsk biokjemi
Fürst Medisinsk Laboratorium
Søren Bulls vei 25
1051 OSLO
Telefon: 22 90 95 00
E-post:
post@furst.no
Avtalane gjeld berre i opptaksområdet til Helse Stavanger.
Rekvirentar i opptaksområda til Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Førde skal bruke lokalt helseføretak. I Bergen kan Haraldsplass og Hospitalet Betanien brukast for medisinsk biokjemi, som før.
For kontaktinformasjon og andre spørsmål kan rekvirentar ta kontakt med sitt lokale helseføretak.