Kan hjerneavbilding auke korleis vi forstår angst og depresjon?
Dette lurte Olga Therese Ousdal på, då ho sette i gang med forskinga på neurobiologiske endringar i hjernen ved psykiske lidingar og behandling av desse. For dette fekk ho «prisen til ung forskar» i Helse Vest.
Forskingsfeltet hennar er i skjæringspunktet mellom radiologi, nevrologi og psykiatri.
– Det er relativt lite forsking som blir gjort i dette skjæringspunktet, men eg håper at ved å kombinere kunnskap frå desse felta vil vi kunne auka forståinga av desse lidingane, sa Ousdal, då ho mottok prisen. – Prisen er ein stor inspirasjon for meg. Det at eg er vist tillit til å kunne forske på dette, motiverer meg til videre innsats.«De unges lidelse»– Angst og depresjon debuterer ofte i ungdomsåra, og vi såg ein auka førekomst under pandemien, fortel Ousdal. – Eg ønskjer å forstå kva det er som gjør at ungdomsåra er ein sårbar fase, seier Ousdal. Ho har blant annet forska på korleis traumatiske opplevingar i ungdomsåra, ein viktig risikofaktor for angst og depresjon, påverkar struktur og funksjon i hjernen. Ho har også undersøkt om eventuelle endringar i hjernen sin struktur, eller funksjon etter traumer, varierer mellom ungdommar som har symptom på angst og depresjon og dei som ikke har symptom.
Effektive behandlingar for angst og depresjon
Ousdal har utmerkt seg stort innanfor fagfeltet, og i forskinga bruker ho nevroradiologiske metodar og avanserte analyseverktøy for å undersøkje hjernen. I dei seinere åra har Ousdal også forska på effektive behandlingar for angst og depresjon, inkludert ECT (elektrosjokk) og psykoterapi.
– I disse studiane gjer ein MR-undersøkingar før og etter behandlinga, for å undersøkje om behandlinga fører til målbare endringar i hjernen sin struktur eller funksjon. Det blir også undersøkt om desse endringane har samanheng med den kliniske responsen på behandlinga. Ved å forstå korleis behandlingane verkar, håper eg at vi også kan forstå meir av sjølve lidingane, fortel Ousdal.Persontilpassa behandling i framtida
Då Ousdal fekk pris til ung forskar, skreiv juryen at denne typen forsking kan gi ei auka forståing av det nevrobiologiske grunnlaget for lidingane og korleis hjernen blir endra etter behandling. Slik kunnskap vil kunne ha stor betyding for å kunne utvikle persontilpassa og effektiv behandling hos yngre og eldre pasientar i framtida.Ein ønskt foredragshaldar og samarbeidspartnar
På grunn av henar unike kompentanse og gode samarbeidsevner, er Ousdal ein ønskt samarbeidspartnar i mange store nasjonale prosjekt der nevroradiologiske metodar blir brukte i forskinga på psykiske lidingar. Ho leier mellom anna bergendelen av den nasjonale studien MoBaBrain.
Ousdal er oppteken av å kombinere forsking og klinikk, og ønskjer å bruke sin radiologiske kunnskap til å svare på klinisk relevante problemstillingar. Hennar evne til å balansere mellom kliniske oppgåver og forskingsarbeid av høg kvalitet er til inspirasjon for yngre legar ved avdelingen som ønskjer å involvere seg i forsking, alt dette ifølgje forslagsstillaren til at Ousdal skulle få prisen.