Retningslinjer for korttidsprosjekt
Søknadskategorien er meint for prosjekt som kan avsluttast i løpet av eitt år. Spørsmålsstillinga i søknadar om korttidsprosjekt skal derfor vere veldefinert og avgrensa. Søknadskategorien er ikkje meint for start eller avslutning av doktorgrad, driftsmidlar til stipendiatar og skal heller ikkje nyttast til prosjekt som allereie har fått midlar frå Helse Vest. Søkjarar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent stilling) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved universitet og høgskular i regionen, i tillegg til private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon.
Kva kan det søkjast om
Det kan søkjast om inntil kr. 500 000. Det kan søkjast om dekking av kostnadar til personell og drift. Følgjande kostnadar til personell kan bli dekt:
- Støttepersonell som laboratorieteknikar og forskingssjukepleiar o.a.
- Frikjøp av klinisk stilling i sjukehus. Det bør godtgjerast at andre alternativ for forskingsfri er brukt eller ikkje tilgjengeleg, (overlegepermisjon, D-stilling o.a.).
Ved eventuell tildeling
Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).
Brukarmedverknad i forsking
Alle som får Helse Vest sine forskingmidlar, skal ta kurs i brukarmedverknad i forsking. Les meir om brukarmedverknad i Helse Vest.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden: