Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Tilsettingskrav
Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.
Ved søknadar om doktorgradsstipend må anten stipendiaten, hovudrettleiaren eller prosjektleiaren vere tilsett ved (i minimum 20 %) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat, ideell institusjonsom har avtale med Helse Vest. Merk: I søknader om doktorgradsstipend skal kandidaten alltid stå som søkjar. Tilsetingsvilkåra må komme fram i CV til stipendiat, hovudrettleiar og eller prosjektleiar.
Førebels tilsett på søknadstidspunktet
Dersom søkjaren er førebels tilsett ved søknadstidspunktet må søkjaren avklare med eventuell framtidig arbeidsgivar at søknaden blir forankra i avdelinga/søkjarinstitusjonen.
Søknadstilgang for ikkje-tilsette
Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved følgjande institusjonar søkje med forankringsavtale:
- universitet og høgskular i regionen
- rus- og rehabiliteringsinstitusjonar
Ved søknad om doktorgradsstipend må stipendiat, hovudrettleiar, eller prosjektleiar vere tilsett i ein av institusjonanene nevnt ovanfor.
Merk! Forankringsavtale kan ikkje nyttast for søknadskategoriane klinisk forskarstipend og klinisk karrierestipend.
Forankringsavtalen skal inngåast mellom helseføretak/privat, ideell institusjon ved klinikk, avdeling eller liknande og søkjarens institusjon ved instituttnivå eller liknande. Avtalen skal signerast i tråd med fullmaktsstrukturen i institusjonane, og skal minimum vere på nivået klinikkdirektør, instituttleiar e.l.
Forankringsavtale
Forankringsavtale 2023(prøv Chrome dersom skjemaet ikkje vil lastast ned)
Merk:
Signert skjema må skannast og leggjast ved søknaden som del av "Alle andre vedlegg".
Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).
Det må leggjast fram ny forankringsavtale for kvar søknadsrunde.
Avtale ikkje nødvendig
Private, ideelle institusjonarHelseføretak i regionenForankringsavtale nødvendig
Universitetet i BergenUniversitetet i StavangerHøgskulen på VestlandetPrivate rusinstitusjonarPrivate rehabiliteringsinstitusjonarKan ikkje søkje
Kirurgi– private spesialisterKirurgi – private, kommersielle sjukehusPrivatpraktiserende spesialisterRøntgen og laboratorium