Psykisk helse og rus

Tidleg og rask hjelp er eit godt utgangspunkt for å gjenvinne oversikt og kontroll over livet!

Helse Vest RHF har ansvaret for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengigheit (TSB) til befolkninga i regionen. Behandlingstilbodet blir gitt av sjukehusa og av private avtalepartar.

Poliklinisk konsultasjon er den vanlegaste behandlinga, både innanfor psykisk helsevern og TSB, men nokre gonger er innlegging nødvendig. Det finst også dagbehandling og ambulant (oppsøkjande) behandling.

Fritt behandlingsval psykisk helsevern og TSB



Psykisk helsevern for barn og unge

Helse Vest tilbyr behandling ved barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar i ale fylke på Vestlandet. Psykisk helsevern for barn og unge rettar seg mot barn og unge under 18 år med psykiske vanskar, og deira familiar.

Dette kan for eksempel vere utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrringar, AD/HD, depresjon, tvangslidingar, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar, skulevegring og anna. Her er våre behandlingstilbod:

Lokale  tilbod til barn og unge i helseføretaka:

Regionale tilbod:

Regional funksjon for hørsel og psykisk helse for barn og unge

Helse Bergen ivaretek den regionale funksjonen for høyrsel og psykisk helse for barn og unge. Pasientar blir tilviste til poliklinisk behandling frå sin fastlege eller BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk).

Regionalt senter for hørsel og psykisk helse

Regionalt kompetansesenter for spiseforstyrrelser (RKSF)

Helse Bergen ivaretek ansvaret for det regionale kompetansesenteret for spiseforstyrringar. Pasientar blir tilviste frå sin fastlege, DPS (distriktspsykiatrisk senter) eller sjukehus.

Lenke til Bergen

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

Autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi
Pasientar med autisme, ADHD og Tourettes syndrom blir utgreidde og behandla både innanfor habilitering og i psykisk helsevern, både for barn og vaksne.

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

Narkolepsi
Pasientar blir utgreidde og behandla på barneavdelingane og ved nevrologiske avdelingar på våre sjukehus. Pasienter i desse målgruppene blir tilviste frå sin fastlege.

Les meir om psykisk helse for barn og unge på helsenorge.no

Psykisk helsevern for vaksne

Poliklinisk behandling er den vanlegaste behandlinga for vaksne. Nokre gonger er innlegging nødvendig. Her er behandlingstilboda i Helse Vest:

Lokale tilbod til vaksne i ​helseføretaka:​​​​​

Regionale tilbod​​​​ og senter

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

Pasientar med autisme, ADHD Tourettes syndrom og narkolepsi blir utgreidde og behandla både innanfor habilitering og i psykisk helsevern, både for barn og vaksne.

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse

Seksjon for spiseforstyttingar https://helse-bergen.​no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykosomatisk-medisin/spiseforstyrringar

Meir om psykisk helse på helsenorge.no

Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Region vest (RVTS)

Kompetansesenter for sikkerheits-, retts- og fengselspsykiatri

Medikamentfri behandling

Ved medikamentfri behandling mottek pasienten aktiv behandling for ei psykisk liding, utan bruk av medisiner. Pasienten får god informasjon om fordeler og ulemper ved dei behandlingsalternativa som finnst, slik at pasienten kan velje kva behandlingsalternativ som er det beste for han eller ho.

Pasienten kan også velje om han eller ho ønskjer å bruke færre medisiner og/eller lågare dosar. Behandlaren skal gi pasienten god informasjon om eventuelle konsekvensar. Pasienten kan velge medikamentfri behandling der det er vurdert forsvarleg, sjølv i dei tilfella der behandlaren ikkje vurderer dette som eit optimalt behandlingsalternativ.

Det medisinfrie tilbodet skal vere del av det ordinære tilbodet i psykisk helsevern, og gjeld om du er innlagt til døgnbehandling eller om du går til poliklinisk behandling.

I Helse Bergen sitt opptaksområde er det frå 1. juni 2016 etablert eit pilotprosjekt med medisinfritt psykoseforløp. Alle dei distriktspsykiatriske sentra (DPS-a) i Helse Bergen sitt opptaksområde er med på det treårige prosjektet, der dei har et tett samarbeid DPS-a imellom om behandling av psykoselidingar uten medisinar. Forløpet gjeld også dersom pasienten ønskjer å trappe ned på medisinane.


Eksempel på terapeutisk behandling utan medisinar er:

  • Familie- og nettverksarbeid
  • Fysisk aktivitet og ernæring
  • Psykoedukasjon
  • Ulike psykoterapeutiske metodar
  • Fysioterapi
  • Individuell jobbstøtte (IPS)
  • Miljøterapi
  • Musikkterapi
  • Kunst- og uttrykksterapi
  • Anna

​ ​Kronstad DPS, medisinfr​itt tilbod

Helsedirektorate​​ts innsamling av erfaringar og tips

Rusbehandling

Innanfor TSB er om lag 60 prosent av døgnbehandlinga og 25 prosent av poliklinisk behandling i private institusjonar med avtale med Helse Vest.

TSB i helseføretaka

I forbindelse med kjøp av døgnplassar frå private leverandørar er det utarbeidd følgjande definisjonar på døgntilboda.

TSB – private leverandører

Helse Vest har avtale med sju leverandørar om åtte behandlingstilbod. Avtalen med Helse vest ser slik ut. Leverandørene har levert tilbod etter følgjande kravspesifikasjon.

Rusbehandling - private avtalar

Meir informasjon på helsenorge.no

Rus og avhengigheit

Pasienterfaringar frå tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)


Tilvising

Psykisk helsevern
For å bli tilvist til behandling innanfor psykisk helsevern må fastlegen sende tilvising til spesialisthelsetjenesta.

​Rusbehandling
For å bli tilvist til rusbehandling må enten fastlege eller den kommunale sosialtenesta (NAV eller helse- og sosialkontor) sende tilvisinga.

Pårørande

Pårørende kan vere foreldre, barn, søsken, ektefelle, besteforeldre, venner, partnar. Vi ønskjer å gi eit tilbod til alle som definerer seg sjølv som pårørande.

Når pasienten er i behandling, gjeld lov om pasient- og brukarettar. Då er det pasienten sjølv som bestemmer kven som er pårørande. Pårørande har då tilgang til informasjon om, og involvering i, behandlinga etter pasientens samtykke.

Pårørande har krav på generell informasjon om behandlingsstaden, uavhengig av om pasienten samtykker eller ikkje. På helsenorge.no finn du meir informasjon:

Tilbod for pårøra​​nde

Når barn blir pårørande

Distriktspsykiatriske senter​