Psykisk helsevern

Tilvisingar til psykisk helsevern

For å sikre at alle no får sine pasientrettar oppfylt, blir det jobba med at alle tilvisingar skal bli sende til eit helseforetak eller privat DPS. Dette gjeld også tilvisingar til avtalespesialist. Når dei ulike helseføretaka er klar for oppstart av ny ordning, vil nettsida bli oppdatert med dato.

Bakgrunnen for ny ordning innanfor psykisk helsevern

Det har vore slik at fastlegar og andre som tilviser pasientar til spesialisthelsetenesta for behandling av psykiske helsevanskar, kunne velje mellom å sende tilvisinga til sjukehuset/DPS eller direkte til avtalespesialistar. Dersom tilvisinga blir sendt til avtalespesialistar, vil ikkje pasienten få vurdert rett til nødvendig helsehjelp eller rett til ein tidsfrist for når behandlinga skal starte.

For å sikre at alle pasientar som blir tilvist til spesialisthelsetenesta får sine pasientrettar oppfylt, blir det jobba med at alle tilvisingar skal bli sendt til helseføretaka for rettigheitsvurdering. Helseføretaket vil tilvise pasienten til ein avtalespesialist.​

Rapport: Tilvisingar til psykisk helsevern - ein veg inn

Fann du det du leitte etter?