Page in English
Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Ved søknadar om doktorgradsstipend må anten stipendiaten, hovudrettleiar eller prosjektleiar vere tilsett ved eller ha ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon i regionen. Sjå Kven kan søkje.
Søkjar må ha avlagt masterutdanning eller liknande, (jf. krav om karakterutskrift som skal leggjast ved søknaden).
I etterkant av tildeling av forskingsmidlar, skal kandidaten takast opp i eit doktorgradsprogram, som hovudregel ved eit universitet i regionen. Stadfesting på opptak kan ettersendast innan 3 månader.
Ved eventuell tildeling
Ved tildeling av doktorgradsstipend frå Helse Vest skal stipendiaten tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkarinstitusjon»). Det er forventa at stipendiatar er aktivt deltakande i miljøet dei skal vere ein del av.
Doktorgradsstipend kan forvente tildeling i inntil 3 år (100 % stilling). Stipend kan takast ut i anten 50 % eller 100 % stilling (utbetaling av stipendet vil følgje dette). Dersom det er behov for andre ordningar må det søkjast særskilt etter at tildelingsbrevet er motteke.
Merk! Søkjarar til doktorgradsstipend må kunne starte stipendet seinast 1. juli i tildelingsåret. Dette gjeld uavhengig av starta eller planlagde permisjonar.
Det bør leggjast til rette for at stipendiaten kan bytte arbeidsgivar under stipendperioden så framt dette gjeld flytting til andre helseføretak eller private, ideelle institusjonar i regionen. Det er likevel søkarinstitusjonen som har det avgjerande ordet for om også ansvarleg institusjon for stipendiatens prosjekt skal bli endra. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast gjennom avtaler mellom dei aktuelle institusjonane.
Brukarmedverknad i forsking
Alle som får Helse Vest sine forskingsmidlar, skal ta kurs i brukarmedverknad i forsking. Les meir om brukarmedverknad i Helse Vest.
Kva kan det søkjast om
Doktorgradsstipend blir tildelt etter sats som blir regulert årleg med utgangspunkt i estimert prisstigning i statsbudsjettet. Satsen skal nyttast til løn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.
Det kan ikkje søkjast om stipend for fullføring av doktorgrad.
Satsar Doktorgradsstipend
Behov for driftsmidlar ut over det som ligg i stipendsatsen, skal dekkjast frå andre kjelder. I søknaden må det gjerast greie for finansiering av kostnadar som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet, men som ikke dekkjast av satsen.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden.
1. Prosjektframstillinga:
Det er utarbeidd ein felles mal for prosjektframstilling som skal brukast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-format).
2. Andre obligatoriske vedlegg:
Vedlegga skal samlast i eit vedlegg i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.
- Søkjaren skal leggje ved CV (anbefalt lengde 2 sider) og liste over publikasjonar for dei siste 5 åra. Merk at for søknadar om doktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar.
- Forankringsavtale, dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen.
- CV og publikasjonsliste frå dei siste fem åra for hovudrettleiar og eventuelt prosjektleiar.
- Rettleiarerklæring frå hovudrettleiar, med ein vurdering av om det er mogleg å gjennomføre.
- Vitnemål og karakterutskrift frå embetseksamen høgare grad (f.eks. cand. med.)
Der det er aktuelt: - Søkjarar med utanlandsk grad må dokumentere korleis denne blir vurdert i høve til norsk høgare grads eksamen.
Sjå blant anna opptakskrava for doktorgradsutdanning ved Universitetet i Bergen
Revidert juni 2022