Retningslinjer for kliniske forskarstipend

Samarbeidsorganet vil tildele fire til seks kliniske forskarstipend til forskarar under 50 år tilsett i klinisk verksemd. Kliniske forskarstipend skal stimulere og styrke utvikling av klinisk forsking i det medisinske fagmiljøet i regionen.
For søknader om klinisk forskarstipend skal kandidaten stå som søkjar. Stipenda er personlege og kan ikkje overførast til andre.

Page in English

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet

  • Ved søknader om klinisk forskarstipend må prosjektleiar vere tilsett ved eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon i regionen og ha sin hovudstilling i klinisk eller paraklinisk  verksemd.
  • Søkjar må ha helseprofesjonsutdanning og vere helsepersonell med autorisasjon etter helsepersonellova.
  • Søkjar må ha avlagt doktorgrad og gjennomført minimum ein periode som postdoktor, eller vore aktiv i forsking i ein tilsvarande periode etter avlagt PhD.

Ved eventuell tildeling

Ved tildeling av klinisk forskarstipend frå Helse Vest skal kandidaten tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkarinstitusjon»).

Klinisk forskarstipend kan søkjast for eitt til tre år (100 prosent stilling). Stipend kan takast ut i anten 50 eller 100 prosent stilling (utbetaling av stipendet vil følgje dette). Dersom det er behov for andre ordningar må det søkjast særskilt etter at tildelingsbrevet er motteke.

Kva kan det søkjast om

Klinisk forskarstipend skal dekke løn til eiga stilling (postdoktorstipendsats) og ekstra driftsmidlar. Det vil bli stilt krav til delfinansiering av forskarstipendet frå søkjarinstitusjonen (25 prosent). Tildelinga skal nyttast til løn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.

Total kostnadsramme er p.t. 1,15 millionar kroner per år i 1-3 år, inkludert delfinansieringa frå søkjarinstitusjon. I søknadsskjemaet kan det søkjast om 75 prosent av dette beløpet. Det må gå fram av søknaden at søkjarinstitusjon dekkjer det resterande beløpet på 25 prosent, sjå obligatorisk vedlegg.

Dersom søkjaren ønskjer å bli vurdert i kategorien postdoktorstipend eller som eit vanleg fleirårig prosjekt i tilfelle søknaden om klinisk forskarstipend ikkje når opp i konkurransen, må det sendast inn separate søknader. Budsjett og prosjektframstilling må i så fall bli tilpassa den enkelte søknadskategori.

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden:

1. Prosjektframstilling:

Det er utarbeidd ein felles mal for prosjektframstilling som skal nyttast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-format).

2. Andre obligatoriske vedlegg

Vedlegga skal samlast i eit vedlegg i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.

  1. CV (tilrådd lengde 2 sider) og publikasjonsliste for dei siste fem åra.
  2. Ein støtteerklæring frå søkjarinstitusjon (det vil seie helseføretak eller privat, ideell institusjon) der det kjem fram på kva slags måte kandidaten sin kompetanse og etableringsplan inngår i forskingsstrategien til institusjonen. Erklæringa skal også innehalde ei oversikt over eigenfinansiering av stipendet.