Retningslinjer for postdoktorstipend

For søknader om postdoktorstipend skal stipendiaten stå som søkjar. Postdoktorstipend er personlege stipend og kan ikkje overførast til andre. Det kan ikkje søkjast om ikkje-namngitte stipend.

​Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet

Søkjaren må vere tilsett ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved universitet og høgskular i regionen, samt private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon. Sjå Kven kan søkje.

Det gis ikkje stipend dersom kandidaten tidlegare har hatt postdoktorstipend ved ein institusjon i regionen.

Det er råd å søkje postdoktorstipend før disputas er gjennomført og godkjent. Dersom søkjar på søknadstidspunktet ikkje har levert doktorgradsavhandlinga, skal det gjerast nærare greie for framdrifta i vedlagt erklæring frå hovudrettleiar.

Stipendiaten kan ikkje ta til i stillinga før disputasen er gjennomført og godkjent. Vi gjer merksam på at disputas må vere gjennomført og godkjent før 1. juli i det første tildelingsåret, då det er krav om at søkjaren må kunne starte stipendet seinast 1. juli. Dette gjeld uavhengig av planlagte eller starta permisjonar.

Ved eventuell tildeling

Ved tildeling av postdoktorstipend frå Helse Vest skal stipendiaten tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkarinstitusjon»).

Postdoktorstipend gis i utgangspunktet for to og eit halvt. år (100 prosent stilling). Dette er nytt frå og med stipendutdelinga for 2017 (den nye ordningen har m.a.o. ikkje tilbakeverkande kraft) . Stipendet kan forlengast med 6 eller 12 månadar dersom stipendiaten skal gjennomføre eit utanlandsopphald av tilsvarande lengde.

Stipendet kan takast ut i 50 eller 100 prosent stilling. Utbetaling av stipendet vil følgje dette. Dersom det er behov for andre ordningar må det søkjast særskilt etter at tildelingsbrevet er motteke.

Det bør leggjast til rette for at stipendiaten kan bytte arbeidsgivar under stipendperioden så framt dette gjeld flytting til andre helseføretak eller private, ideelle institusjonar i regionen. Det er likevel søkarinstitusjonen som har det avgjerande ordet for om også ansvarleg institusjon for stipendiaten sitt prosjekt skal bli endra. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.

Kva kan det søkast om

Satsar

Postdoktorstipend blir tildelt etter sats som blir regulert årleg med utgangspunkt i estimert prisstigning i statsbudsjettet. Satsen skal nyttast til løn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.

  • Sats 2017: 1020 000

Ekstra driftsmidler

Dersom det skal søkast om ekstra driftsmidlar til stipendiatar, skal dette fremjast i stipendiatsøknaden, med vedlagt erklæring frå prosjektleiar eller leiar av forskingsgruppa. Skjema for søknad om ekstra driftsmidlar skal nyttast.

Utenlandsstipend

Samarbeidsorganet ønskjer at postdoktorstipendiatar gjennomfører eit utanlandsopphald ved relevant forskingsinstitusjon i løpet av stipendiatperioden. Det kan søkjast om utanlandsstipend samtidig med søknad om postdoktorstipend, (sjå eigne retningslinjer for utanlandsstipend).

Det kan også søkjast om utviding av postdoktorstipend med tilhøyrande utanlandsopphald ved seinare utlysing av forskingsmidlar.

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastes opp to vedlegg til søknaden:

1. Prosjektframstillinga: Det er utarbeidd ein felles mal for prosjektframstilling som skal nyttast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).

2. Andre obligatoriske vedlegg: Vedlegga skal samlast i eit vedlegg i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.

For alle søknader gjeld

1. ​Søkjaren skal leggje ved CV (tilrådd lengde 2 sider) og publikasjonsliste for dei siste fem åra. Merk at for søknader om postdoktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar.

2. Forankringsavtale, dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen.

For søknad om postdoktorstipend

Obligatoriske vedlegg for søknader om postdoktorstipend dersom doktorgraden ikkje er avlagt på søknadstidspunktet:

3. CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for hovudrettleiar.

4. ​Rettleiarerklæring med vurdering av gjennomførbarhet.

Der det er aktuelt

5. Dersom det blir søkt om ekstra driftsmidlar, skal det leggjast ved ei grunngjeving frå prosjektleiar/leiar av forskingsgruppa, sjå mal for dette.

6. Dersom det blir søkt om utanlandsstipend, er følgjande vedlegg obligatoriske:

1) Invitasjon frå utanlandsk fagmiljø

2) Uttale frå eige forskingsmiljø

7. CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for prosjektleiar og viktige samarbeidspartnarar. ​