Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Fastlege: – Dette har vi alltid ønskt oss

For fastlegane er den nye tilvisingsordninga ein draum som endeleg skal oppfyllast. Det beste med ordninga blir at pasientane får rask vurdering, meiner fastlege og leder for Regionutval Vest, Jan Robert Johannessen i Stavanger.

Publisert 28.06.2023
Mann med briller i blå skjorte

Foto: Jan Inge Haga

Jan Robert Johannessen.

Tekst: Tonje Pedersen, Hike kommunikasjon

Det er ein vanleg hektisk dag på Hinnatrekanten Legesenter i Stavanger. På det store venterommet sit pasientar og venter på ein rask tur inn til legen, medan legane så vidt rekk litt lunsj mellom slaga. Kvardagen er travel, fortel fastlege Jan Robert Johannessen.

Store utfordringar i tilvisingar

– Det er eit stort press på alle baugar og kantar, men psykiatrien er heilt klart det tøffaste området. Behovet aukar, og fleire av pasientane våre må vente lenge på hjelp, seier han. 

Jan Robert Johannessen var tidlegare hovudtillitsvald for allmennlegane i Stavanger. I tillegg til å vere fastlege, er han i dag og praksiskonsulent i Helse Stavanger og arbeider med samhandling mellom sjukehus og fastlegar. Stadig fleire pasientar treng psykisk helsehjelp, opplyser Johannessen. Fastlegane veit at mangel på spesialistar har gjort at køane var lange og at pasientane måtte smøre seg med tolmod. Tidlegare måtte ein gjerne tilvise til fleire psykologar før ein fann nokon som kunne ta dei inn.  

– Eg har tilvisa same pasient tre gonger før vi fann nokon som kunne ta dei inn. Det gjekk mykje tid til dette. Ofte måtte eg be pasientane om å ringe rundt sjølve for å sjå om nokon kunne ta dei inn. Det var uverdig for pasienten og heller ingen god kjensle for oss legar, seier han. 

Mann med briller i blå skjorte

Foto: Jan Inge Haga

Jan Robert Johannessen.

Glad for ny ordning

Sjølv om den nye tilvisingsordninga først og fremst skal hjelpe pasientane, er òg legane særleg glade for ordninga. Den store skilnaden for legane framover blir at tilvisinga nå skal sendast til ein stad, kor pasienten får vurdering og vidare svar på behandling. 

– Dette er ei ordning som vi fastlegar alltid har ønska oss. Dette blir mykje betre for vår kvardag og for pasientane våre. Vi slepp å leite etter kven som har avtale, og det held å senda tilvising ein gong. 

Rask vurdering er ein stor fordel for pasientar med psykiske vanskar. Samstundes er det viktig med rask hjelp, meiner han, og håper at ordninga og vil gjere at ventetida på behandling blir kortare. 

– Sjølv om pasientane nå får rask vurdering, er det  òg viktig at dei får raskt hjelp. Mange pasientar treng hjelp raskt for å ikkje bli verre, og så gjer ventetida at dei blir endå sjukare. Det er fortvilande å sjå på. 

Vurdering og diagnose

Noko av det vanskelege med psykiatri, er dei pasientane som har uklare symptom, meiner Johannessen. For fastlegane er det vanskeleg å vite kva slags hjelp dei skal gi utan at pasienten er vurdert hos ein spesialist. 

– Dei enklaste er jo dei pasientane som har klar sjukdom. Dei får  òg hjelp fort. Problemet er når vi ser pasientar som slit, utan at vi kan vite om det er angst, depresjon, livsfase eller andre ting. Eg har pasientar som har gått opptil eitt år utan å få vurdering hos spesialist. Dette håpar vi blir betre nå. 

Dialog mellom lege og behandlar

Med den nye ordninga håper Johannessen også på ein betre dialog mellom fastlegar og behandlarar. I dag får han all informasjon av pasientane sine, men veit lite om korleis behandlinga går. 

– Eg saknar informasjon om vurderingane som blir gjort kring pasienten. Kanskje må eg sjukemelde utan at eg veit heilt kva pasient og behandlar er einige om. Eg ønskjer meg ein betre samhandling om behandlinga og håper vi får til ein betre dialog framover. 

Avslag og kommunikasjon

Sjølv om pasientane nå vil få rask vurdering på om dei har rett på behandling i spesialisthelsetenesta eller ei, er det  òg nokre som ikkje har denne retten. I slike tilfelle får pasientane i dag eit brev om at dei ikkje får behandling. Slike brev er vonde å få for pasientar som kjenner seg sjuke, meiner Johannessen, og oppfordrar sjukehusa til å gi betre informasjon i breva og gjerne ta pasientane inn på samtale i staden.  

– Alle ungdom har rett på samtale, heldigvis, men foreløpig gjeld ikkje dette for vaksne. Det er vondt for folk med psykiske problem å få avslag på hjelp. Eg håper at fleire kan få vurderingssamtale og hjelp til andre tilbod om dei ikkje har rett på behandling i spesialisthelsetenesta. 

Privat og offentleg

Sjølv om den nye ordninga blir lettare for fastlegane, er Johannessen bekymra for kapasiteten i spesialisthelsetenesta. Press om kortare behandlingstid og meir krevjande pasientar kan føre til at fleire behandlarar går over til det private, fryktar han. 

– Vi veit at vi har stor mangel på folk og behandlarar. Med den nye ordninga får vi endeleg oversikt over kapasiteten. Fleire går til det private når vi treng all kompetanse vi kan få i det offentlege. Eg håper at ingen behandlarar byt nå i denne overgangsfasen. Vi treng dei meir enn nokon gong. 

På gangen ventar neste pasient, og Johannessen fortsett arbeidsdagen. Imens gler han seg over at ei ny tilvisingsordning vil letta noko av arbeidspresset i kvardagen.