To år med pandemi

Eit tilbakeblikk på året frå mars 2020 til april 2022, i tekst og bilete.

Dei to siste åra har vore sterkt prega av pandemien med koronaviruset. Det er etablert beredskap i alle føretak i Helse Vest sidan starten av mars 2020. Dei første pasientane blei då lagde inn på sjukehusa og svært mange medarbeidarar sette i karantene eller isolasjon.

Beredskapsnivået har etter dette vore heva og seinka i tråd med smitteutviklinga og belast​inga på tenestene. Alle medarbeidarar i helseføretak og sjukehus er stilte overfor betydelege utfordringar, krav og forventingar som følgj​e av pandemien.

Det er gjort ein stor innsats for å yte gode og trygge helsetenester, gjennomføre godt smittevern, auke behandlingskapasiteten, omstille drifta og endre til virtuelle og desentraliserte behandlingsløysingar. Tilsette i Helse Vest har bidrege til at Noreg og Vestlandet har klart seg så bra i pandemien, og skal ha stor takk og anerkjenning.​

Foto: Katrine Sunde, Haukeland universitetssjukehus.

To år med pandemi

  1. Februar-april 2020

    Kva er eigentleg covid-19 og kva ligg framfor oss? Situasjonen, særleg frå februar til april, var ny og uviss og ein måtte ta høgde for det verste. Arbeidsplanar blei lagde om, pandemiplanar oppdaterte og smittevernrutinar forsterka.

  2. 11. mars 2020

    WHO karakteriserer koronautbrotet som ein pandemi.

    Det mest brukte biletet av eit koronavirus. Foto.
  3. 12. mars 2020

    Helse Vest RHF set gul beredskap, basert på utviklinga av koronautbrotet nasjonalt og internasjonalt. Vi hadde arbeidd med førebuingar sidan dei første meldingane om koronaviruset kom ved nyttår.

    Det var viktig med regional koordinering, særleg knytt til ressursar og utstyr, og no såg vi at vi hadde ein situasjon som måtte handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak. Dette var også viktig for at medarbeidarar og befolkninga skulle kjenne seg trygge på innsatsen som blei gjort for å sikre beredskapsarbeidet.

  4. 12. mars 2020

    Frå mars og framover var det jamlege beredskapsmøte i føretaksgruppa, frå éin til fleire gonger i veka. Desse møta har halde fram gjennom heile året. Helse Vest har jamlege møte med fylkeslegane på Vestlandet.

    Helse Vest RHF hadde heile tida tett og jamleg kontakt med nasjonale myndigheiter og helseføretaka for å sikre at vi kan ivareta pasientar og medarbeidarar på ein god måte. Det er framleis jamlege beredskapsmøte med nasjonalt nivå.

  5. 12. mars 2020

    Gjennom heile året rapporterer vi også dagleg til Helsedirektoratet på talet på pasientar med covid-19, kor mange av desse som til ei kvar tid ligg med respirator, kor mange medarbeidarar som er i karantene m.v.

  6. 13. mars 2020

    Ber næringslivet på Vestlandet om å bidra med utstyr: Eit koronautbrot krev langt meir smittevernutstyr i sjukehusa enn i ein normalsituasjon. På same tid var det vanskeleg å få tak i utstyr. Helse Vest oppfordra næringslivet til å bidra. Det gjorde ein stor og viktig forskjell innleiingsvis i beredskapen for pandemien.

    Viser del av Stavanger universistetssjukehus. Foto.
    Foto: Svein Lunde, Stavanger universitetssjukehus
    Ber næringslivet på Vestlandet om å bidra med utstyr
  7. 17. mars 2020

    For å sikre et god samordning mellom regionane og for å kunne ta raske avgjersler får Helse Sør-Øst RHF eit nasjonalt koordineringsansvar for innkjøp av smittevernutstyr og legemidlar i samband med koronautbrotet.

    Situasjonen er utfordrande, men under kontroll. Ansvaret gjeld også kommunehelsetenesta. Det blir arbeidd med moglegheiter for produksjon av smittevernutstyr i Noreg og det er bestilt ekstra respiratorar og dialyseapparat.

    Nasjonal koordinering av smittevernutstyr
  8. 18. mars 2020

    Psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) måtte følgje dei same grunnleggjande smitteverntiltaka som andre fagområde. Fysiske møte skulle reduserast til det minimale.

    Pasientar som var i akutt og heilt nødvendig behov av helsehjelp blei prioriterte framfor pasientar som har ein mindre alvorleg tilstand. Vurderingar knytte til prioritering var og er krevjande, men helsepersonell bidrog til dette arbeidet med kunnskap og erfaring. Det ble også brukt digitale verktøy for å oppretthalde normal drift så langt det var mogleg.

    Tilbodet til pasientar innanfor psykisk helsevern og rusbehandling
  9. 22. mars 2020

    Arbeidet med å skaffe smittevernutstyr blei belønna då det første chartra flyet landa på Gardermoen med smittevernutstyr. Det blei arbeidd døgnet rundt for å skaffe nødvendig utstyr til sjukehus og kommunar i heile landet. Arbeidet skjedde i eit godt samarbeid mellom Helse Sør-Øst RHF på vegner av dei regionale helseføretaka, Sykehusinnkjøp, Utenriksdepartementet, Avinor og to spedisjonsfirma.

    Forsendelse med smittevernutstyr til Norge (Helse Sør-Øst)
  10. 22. mars 2020

    Felles dugnad og strenge tiltak i befolkninga hadde effekt også på talet på sjukehusinnleggingar gjennom året. Fram til 20. mars vaks det akkumulerte talet på sjukehusinnleggingar med cirka 36 prosent kvar dag. Det var ei dobling omtrent annankvar dag og svarte til det veldig mange andre land i vesten opplevde på same tida. Men tiltaka verka  og i slutten av mars flata kurva meir ut.

  11. 25. mars 2020

    I føretaksmøte 25. mars fekk dei regionale helseføretaka i oppdrag å leggje konkrete planar for å møte behovet for ein auke av intensivkapasiteten.

    Sjukehusa førebur fleire intensivplassar
  12. 25. mars 2020

    I mars 2020 hadde felles nettløysing for spesialisthelsetenesta, nettsidene til mellom anna sjukehusa landet over, samla over 7,2 millionar sidevisingar. Dette var nær dobbelt så mange som i månaden før og bekrefta at desse sidene var ei viktig kjelde for ulik informasjon.

  13. 31. mars 2020

    Norsk pandemiregister blei oppretta i slutten av mars, som ein del av Norsk intensiv- og pandemiregister i Helse Bergen. Registeret er eit viktig verktøy for oversikt over alle sjukehusinnleggingar som følgje av korona, daglege oppdateringar og analysar, og i framtidig forsking.

    Koronagrafikk
  14. 31. mars 2020

    Sjukehusa i Helse Vest har heile tida følgt anbefalingane frå Helsedirektoratet og FHI, og planlegg kapasiteten i sjukehusa i tråd med scenarioa til FHI. Analysemiljøa i regionen har bidrege med godt kunnskapsgrunnlag, både regionalt og nasjonalt gjennom året.

  15. 1. april 2020

    Frå april kom leveransane inn i eit meir fast system nasjonalt og regionalt og det blei fekk etablert god logistikk for smittevernutstyr.

  16. 16. april 2020

    Kraftig auke i talet på intensivplassar: Sjukehusa i Helse Vest hadde planen klar for å kunne handtere ein kraftig auke i behovet for intensivplassar knytte til koronapandemien. Målet til føretaka er å auke intensivkapasiteten frå 57 til 294 plassar.

    To pleiere med munnbind. De spriter hendene. Foto.
    Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen
    Kraftig auke i talet på intensivplassar
  17. 17. april 2020

    I føretaksmøtet 17. april fekk dei regionale helseføretaka ei rekkje oppdrag, mellom anna å halde fram arbeidet med å planleggje og førebu for eit høgt tal av intensivpasientar, starte opptrapping til meir normal drift i helseføretaka, styrkje samarbeidet med kommunane, ta i bruk digital heimeoppfølging og nettbasert behandling der det er mogeleg – og å auke testkapasiteten til 100 000 analysar i veka nasjonalt.

  18. 17. april 2020

    Beredskapsnivået blei endra frå gult til grønt.

  19. 17. april 2020

    Det skjedde ei gradvis opptrapping av planlagd aktivitet. Sjukehusa på Vestlandet trappa opp den planlagde aktiviteten etter at dei har måtte setje ei rekkje sjukehusavtalar på vent vekene før, for å handtere koronapandemien. Når sjukehusa ville vere tilbake i normal drift ville framleis avhenge av utviklinga av pandemien i befolkninga.

    Helsepersonell, kvinneleg. Illustrasjonsfoto.
    Foto: Kjetil Alsvik
    Gradvis opptrapping av planlagd aktivitet
  20. 23. april 2020

    Helse Vest meldte at dei største byggjeprosjekta gjekk som planlagt og ville truleg halde framdriftsplanane sine, trass i koronapandemien. Pandemien kravde tilpassingar, men framdrifta blei i liten grad påverka i 2020.

    Byggjeplass, nye Stavanger universitetssjukehus. Foto
    Foto: Ingveig Tveranger
    God framdrift i byggjeprosjekta i regionen
  21. 24. april 2020

    I mars/april etablerte vi raskt eit regionalt smittevernlager i Helse Vest. Eitt av mange store lass av utstyr kom til lageret Bergen i form av 150 pallar med mellom anna smittedressar, vernebriller, hanskar og masker. Utstyret blei sendt vidare til sjukehus og kommunar over heile Vestlandet.

    Mannsperson som køyrer truck med smittevernutstyr. Foto.
    Foto: Thomas Martin Abrahamsen
    Stor last med smittevernutstyr
  22. 8. mai 2020

    I føretaksmøtet 8. mai fekk Helse Vest oppdraget å etablere eit nasjonalt beredskapslager for legemiddel på nivå 2 for primær- og spesialisthelsetenesta.

    Ramma for innkjøp av legemiddel, lager og kostnader knytt til arbeidet med beredskapslageret var på heile 1milliard kroner. Arbeidet med legemiddellageret blei leia av Sjukehusapoteka Vest og løysingane for beredskapslageret blei utarbeidd hausten 2020.

  23. 19. mai 2020

    I mars blei ei ny løysing for videokonsultasjon mellom behandlar og pasient klar til bruk. Nesten 10 000 konsultasjonar og sju veker seinare var tilbodet godt utprøvd av fleire behandlarar. Videokonsultasjon er krevjande for mange, både for behandlarar og pasientar, men sjukehusa meldte om stort sett gode erfaringar med konsultasjon over video.

    Lege ved Haraldsplass. Sit foran laptopen. Foto.
    Foto: Haraldsplass Diakonale Sykehus
    Gode erfaringar med konsultasjon over video
  24. 20. mai 2020

    Ein annleis vinter og vår. Koronapandemien forandra samfunnet, og det forandra kvardagen til helsepersonell, både i sjukehusa og i kommunane. Men det var også tida for å forsterke dei gode relasjonane som er mellom oss.

    Et stort og godt lag (sak frå Rogaland legeforening)
  25. 9. juni 2020

    Har du tiltru til at di får behandlinga du treng på sjukehusa – også under pandemien? spurde vi. Og befolkninga på Vestlandet sa at ja, det hadde dei og tiltrua innbyggjarane hadde til sjukehusa auka under pandemien.

    Foto: Katrine Sunde, Haukeland universitetssjukehus
    Auka tiltru til sjukehusa i koronakrisa
  26. 10. juni 2020

    Helse- og omsorgsdepartementet endra enkelte av måla og enkelte nye oppdrag kom til i justert oppdragsdokument frå juni. Blant nokre av oppgavene var oppdraget å utarbeide eit nasjonalt internopplæringsprogram for sjukepleie i intensivbehandling av covid-19-pasientar. Det kom òg økonomiske tiltak som følgje av pandemien, mellom anna med ein større auke i basisbevillinga til dei regionale helseføretaka.

  27. 6. august 2020

    Det var nok fleire som ikkje fekk den sommarferien vi i utgangspunktet kunne tenkt oss i 2020, anten fordi sjukehusa var i beredskap eller fordi vi ikkje kunne reise slik vi ville. Reiseråda og tilrådingane for helsepersonell endra seg med auken i smitte i samfunnet. I august, til dømes, var det obligatorisk testing om vi hadde vore i gule land, og krav om gå i karantene om vi hadde besøkt raude.

    Reiseråd og tilrådingar for medarbeidarar i Helse Vest som har vore i utlandet
  28. 20. august 2020

    Gjennom sommaren 2020 var fleire uroa for testkapasitet og at vi måtte vente for lenge på prøvesvar. Helse Vest forsikra om at ingen skulle trenge å uroe seg for kapasiteten på analyse av koronatestar på sjukehusa. Sjukehusa ga også prøvesvar så raskt som mogleg.

    Helsepersonell ser på skjerm. Foto.
    Foto: Katrine Sunde, Haukeland universitetssjukehus.
    Trygg på koronatesting
  29. August 2020

    Frå august blei det nødvendig å bremse opninga av samfunnet og utover hausten blei lokale tilpassingar tekne i bruk i endå større grad. Utfordringane knytte til handteringa av pandemien i sjukehusa varierte også med lokale smitteutbrot, både når det gjaldt innlagde pasientar, smitteverntiltak i sjukehusa, medarbeidarar i karantene og analyse av testar.

  30. 3. desember 2020

    Dei regionale helseføretaka har ivareteke sørgje-for-ansvaret sitt under pandemien: Fagdirektørane i dei regionale helseføretaka gjennomførte eit interregionalt samarbeidsprosjekt for å beskrive, analysere og vurdere endringar og ulikheit under covid-19-pandemien, samanlikna med periodane med ordinær drift.

    Rapporten sa at sjukehusa har klart å omstille tenesta og prioritere dei pasientane som treng det mest i ein svært krevjande situasjon, men vi må vere opne for at det kan ha vore alvorleg sjuke pasientar som det er mogleg kan ha lidd helsetap.

    Les fellessaka på nettstaden til Helse Midt-Norge
  31. 8. desember 2020

    Street art-kunstnaren Pøbel laga dette motivet til alle medarbeidarane i spesialisthelsetenesta på Vestlandet på oppdrag frå Helse Vest i desember 2020, som ei anerkjenning og ein takk for innsatsen så langt under pandemien.

    Kvinne holder opp julekort til de ansatte, laget av Pøbel. Foto.
  32. 10. desember 2020

    Nye nasjonale innstrammingar kom i tida før jul og igjen på nyåret.

  33. 29. desember 2020

    Dei første vaksinane kjem til Vestlandet. Sjukehusapoteka Vest har ansvaret for å lagre og distribuere vaksinane.

    Legepersonel med sprøyte i hånda. Foto.
    Foto: Katrine Sunde, Haukeland universitetssjukehus
  34. 2. januar 2021

    Folkehelseinstituttet sette av vaksinar mot covid-19 til 15 000 medarbeidarar i spesialisthelsetenesta. I veke 2 i 2021 starta vaksineringa. Det er seinare sett av fleire vaksinar og helsepersonell blir vaksinerte løpande. Målet med vaksineringa er i første omgang å sikre kapasiteten i spesialisthelsetenesta, slik at sjukehusa kan oppretthalde kritiske funksjonar.

  35. 14. januar 2021

    Helse Vest RHF får oppdraget for 2021 frå Helse- og omsorgsdepartementet. Oppdraget er prega av at vi framleis står i pandemien og at pandemisituasjonen framleis ikkje er føreseieleg ved inngangen av året.

  36. Februar-mars 2021

    Korleis har medarbeidarar i sjukehus og føretak i Helse Vest opplevd dette siste året?

    Skjermdump fra film som er laget til YouTube. Medarbeidarar fortel om kvardagen under pandemien. Kollasj.
    Gode medarbeidarar fortel på vår YouTube-kanal
  37. Vinter og vår 2021: Vaksinasjonen startar – og tredje bølgje når toppen

    Nye nasjonale innstrammingar kom i tida før jul 2020 og igjen på nyåret 2021. Det var mykje uro og usikkerheit då ein ny britisk variant av viruset blei påvist i Noreg tidleg på nyåret 2021.

    Det kom raskt kraftige tiltak i kommunar med utbrot av den britiske varianten. Regjeringa lanserte i slutten av januar ein ny plan for å slå ned varianten og område med smitte blei delte inn i krinsar med ulike smitteverntiltak.

    Romjula 2020 og på nyåret 2021 kjem dei første vaksinane mot covid-19 til Vestlandet. Sjukehusapoteka Vest har ansvaret for å lagre og distribuere vaksinane. Folkehelseinstituttet set av vaksinar mot covid-19 til 15 000 medarbeidarar i spesialisthelsetenesta. I veke 2 i 2021 startar vaksinasjonen.

    Det blir seinare sett av fleire vaksinar og helsepersonell blir vaksinerte laupande. Målet med vaksinasjonen er i første omgang å sikre kapasiteten i spesialisthelsetenesta, slik at sjukehusa kan oppretthalde kritiske funksjonar. Helse Vest RHF arbeider med å koordinere og prioritere vaksinar i tett samarbeid med føretaka.

    Smittetrykket blir dempa mot slutten av februar, og færre blir innlagde med covid-19. Men det tek ikkje lang tid før smittetrykket i samfunnet aukar, og det same gjeld for nye innlagde pasientar.

    Talet på innlagde pasientar aukar i andre halvdel av mars og når toppen av tredje bølgje i andre halvdel av april for så å minke framover mot midten av mai.

    Beredskapsarbeidet har knytt seg til mykje av dei same utfordringane som i første bølgje i 2020, men tilgangen på smittevernutstyr og analysekapasitet var betra. Prosjektet for løysingar for forsyningssikkerheit har stor merksemd, også utover områda som er særleg knytte til smittevern, og viktigheita av dette gjer seg gjeldande til dømes når leverandør av infusjonspumper i løpet av året må trekkje tilbake utstyr med manglande erstatningsprodukt.

    Helsepersonell med smittevernutstyr. Foto.
    Katrine Sunde
    Klar med plan for vaksinering av helsepersonell i Helse Vest
  38. Sommar og haust 2021: Deltavirus og gjenopning

    Gjennom sommarmånadane er smittetrykket lågt. Det er nesten ikkje innlagde pasientar med covid-19 i Helse Vest. Helse Vest RHF går ut av beredskap 11. juni, men overvakar situasjonen med stor merksemd. Ein ny variant av viruset, Delta, blir kjent og blir dominerande i juni. Det låge smittetrykket og stadig aukande vaksinasjonsdekning styrkjer oppfatninga i samfunnet om at pandemien minkar og krav om at samfunnet må bli opna heilt opp blir sterkare.

    Smittetrykket stig derimot i Europa, og den auka smitteevna til deltavarianten bekymrar. Fredag 24. september fortel statsminister Erna Solberg at dei fleste restriksjonane knytte til pandemien blir oppheva laurdag 25. september. Samfunnet blir opna og “meteren” fjerna. Smittetrykket aukar utover hausten, og talet på innlagde pasientar stig i Helse Vest frå slutten av oktober. Helse Vest går i grøn beredskap frå 9. november.

    I desember 2021 var nær 100 prosent av medarbeidarane i sjukehusa vaksinerte.

    Grafikk av talet på vaksinerte medarbeidarar i sjukehusa
    Så mange medarbeidarar var vaksinerte i sjukehusa i desember 2021
  39. Juletider: Ny innstramming

    Det er høgt press på sjukehuskapasiteten, med aukande tal på innlagde pasientar med covid-19, press på barneavdelingar med barn smitta av RS-virus og mange innlagde på medisinske postar med andre luftvegssjukdommar. Utfordringar i globale forsyningskjeder påverkar helseføretaka med omsyn til leveransar av kritisk forbruksmateriell. Situasjonsbiletet blir meir alvorleg med aukande fråvær av personell som følgje av smitte eller karantene, og det er stort press på analysekapasiteten.

    Helse Vest er i gul beredskap frå 26. november. Utfordringane gjer at føretaka må redusere planlagd kirurgisk verksemd for å handtere situasjonen. Det kjem nye nasjonale tiltak frå andre halvdel av november, som blir forsterka 15. desember, etter at omikron-varianten blir kjend. Beredskapsarbeidet i Helse Vest konsentrerer seg om kontinuitetsplanlegging, varetaking av medarbeidarar, sikkerheit for forsyning og tredje vaksinedose.

    Situasjonen er spent inn mot jul og nyttår. Utover januar betrar situasjonen seg litt med innlagde pasientar med covid-19, mindre press på barneavdelingane og styrkt kunnskap om lågare sjukdomsbyrde med omsyn til omikron-varianten. Helseføretaka har i byrjinga av 2022 tatt opp att planlagd kirurgi til tilnærma normal aktivitet.

    Likevel blei det i januar lagt planar for ein auke av intensivkapasiteten dersom behovet skulle oppstå.

    Foto: Katrine Sunde
    Oppdaterte planar for ein auke av intensivkapasiteten i Helse Vest
Fann du det du leitte etter?