Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Regional rapport 2024:
Bærekraftig fødekapasitet på Vestlandet
Helsetenesta på Vestlandet skal halde fram med å tilby gode og trygge tenester for svangerskap, fødsel og barsel. For å sikre tilbodet i framtida, er det behov for å gjere fleire tiltak. Betre oppgåvedeling, tettare samarbeid, fleksible vaktordningar og heile, faste stillingar er nokre av dei.
Det kjem fram i ein felles, regional rapport; “Berekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet”. Formålet med rapporten er å gi innsikt i dagens fødetilbod, og finne tiltak som skal sikre fagleg kapasitet ved føde- og barseleiningane i Helse Vest.
Rapporten peikar på syv tiltak som skal bidra til å sikre berekraftig fødekapasitet på Vestlandet:
Etablere ein plan for gjennomføring av ny oppgåvedeling for kvar enkelt eining. Rett kompetanse skal brukast til rett oppgåve. Dette vil krevje eit strukturert og målretta arbeid, med start- og slutt-tidpunkt tidspunkt.
Gjennomføre god opplæring av alle yrkesgrupper for å sikre tryggleik rundt nye oppgåver og god kvalitet i tenesta.
Tilpasse arbeidsplan for reinhaldsmedarbeidarar, postvertar og helsesekretærar, slik at dei er tilgengelige på kveld og i helg.
Tilby heile stillingar til alle nye medarbeidarar.
Jordmødrer har arbeidsforholdet sitt i helseføretaka. Helseføretaka tek på seg oppgåva med å sørgje for å dekkje behovet for oppgåver som er lagt til kommunane.
Kombinere arbeidsplanar med stillingar i poliklinikk, utdanningsinstitusjonar og kommune.
Etablere langsiktige, føreseielege arbeidsplanar, med avtalte moglegheiter for revisjon.
Etablere vaktordningar og arbeidsplanar som kan tilpassast individuelle omsyn ved ulike livsfasar og behov, som samtidig sikrar god fagleg kapasitet.
Etablere ein samhandlingsarena mellom sjukehusa der leiarar og medarbeidarar kan dele forbetringar og erfaringar for heiltid og individuell tilpassing/fleksible arbeidsplanar.
Gi tilstrekkeleg opplæring i eksisterande og nye digitale IKT-løysingar for alle yrkesgrupper.
Utvikle og vidareutvikle tilgjengelege IKT-system som er brukarvennlege og integrerte, i samarbeid med fagmiljøa.
Utvikle elektroniske helsekort for gravide som er integrerte med IKT-systema i spesialisthelsetenesta.
Utvikle og ta i bruk digitale strukturerte skjema for Rask innskriving ved fødsel, som er integrert med IKT-systema. Dette tiltaket vil raskt kunne takast i bruk.
Ta i bruk alle funksjonalitetar i Imatis, inkludert oppgåvedeling.
Vidareutvikle digital informasjon til gravide, fødande og barselkvinner.
Regional koordinering av opptak til jordmorstudiet og fordeling av praksisplassar.
Etablere utdanning av barnepleiarar på heile Vestlandet, og leggje til rette for vidareutdanning til barnepleie for andre faggrupper.
Studentar som blir tekne opp på jordmorstudiet, har to års relevant klinisk erfaring.
Helseføretaka og utdanningsinstitusjonane skal samarbeide om innhald i utdanningane.
For nye medarbeidarar er det etablert fadderordning og gode introduksjonsprogram.
Det er sett av tid i arbeidsplan for opplæring av nye medarbeidarar. Nye medarbeidarar har same turnus som fadderen sin.
Planleggje tid til fagdagar, kurs, vidareutdanning, ferdigheitstrening og simulering.
Byggje eit godt grunnlag for tillit til fødetilbodet på Vestlandet. Eit viktig tiltak er god formidling frå fagmiljøa der ein løftar fram fag, tilbod, team og fagutvikling.
Kvart av føretaka etablerer ein plan for dette arbeidet.
Utfordringsbilete
Rapporten visar at viss vi held fram med å løyse oppgåvene ved føde- og barseleiningane på same måte som i dag, er det høg risiko for at vi ikkje vil klare å dekkje det framtidige behovet innan fødselsomsorga i framtida.
Å behalde, utvikle og rekruttere kvalifiserte medarbeidarar til føde- og barseleiningar blir heilt avgjerande.
Rapporten skisserer tre framtidsscenario, som på kvar sin måte viser endringar som kan påverke føde- og barselavdelingane. Målet med scenarioa er å sjå på moglegheitene og effekten av dei ulike tiltaka. Scenarioa er ingen fasit, men det gir likevel gode beskrivingar av viktige tiltak og strategiske vegval og mål.
Digitale tenester underbyggjer arbeidsprosessane på føde- og barselavdelingar, og forenklar arbeidsoppgåver der det er formålstenleg.
Dette frigjer tid til god oppfølging av fødande og barselkvinner, som opplever at dei blir sett og varetekne i møtet med helsepersonell.
Det bidreg også til rett oppgåvedeling mellom yrkesgruppene.
Medarbeidarar har gode og føreseielege arbeidsplanar som også kan ta omsyn til behovet til den enkelte.
Delt turnus med kommunar sikrar at jordmødrer held oppe den faglege kompetansen sin i fødselsomsorga. Det er avsett tid til fagleg utvikling.
Det er høg bruk av støttepersonell som har ansvar for klart definerte oppgåver.
Tett samhandling og kompetansedeling mellom yrkesgruppene bidreg til å redusere sårbarheit. Rett kompetanse blir brukt til rett oppgåve.
Reinhaldsarbeidarar, postvertar, helsefagarbeidarar, barnepleiarar, sjukepleiarar og jordmødrer utgjer team som bidreg til god balanse og kapasitet. Pasientar og pårørande utfører enkelte oppgåver sjølv.
Der det er formålstenleg er det er teke i bruk automatiserte digitale løysingar.
Kva skjer med dette vidare?
Styremøte i Helse Vest RHF har berekraftig fødselskapasitet oppe i februar 2024, og rapporten blir også tatt opp i alle styra føretaka/sjukehusa i Helse Vest. Les styresaka frå februar 2024 (lenke).
Tiltaka som kan vere felles, skal gjennomførast regionalt i fellesskap.
Tiltaka som gjeld for sjukehusa lokalt, skal gjennomførast i kvart føretak.