Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
En dame med VR-briller

Digitalisering i Helse Vest

God bruk av teknologi er viktig for å redusera arbeidsbelastninga til medarbeidarar og gjere arbeidskvardagen enklare. Digitalisering skal bidra til at medarbeidarane får ein betre arbeidskvardag og at pasientar får god behandling.

Foto: Helse Vest IKT
illustrasjonsbilde av grafer og diagrammer
Strategi for digitalisering

Strategien peikar ut dei viktigaste innsatsområda for digitalisering. Helse Vest har innført ei rekkje store løysingar dei siste åra. No skal vi vektlegge brukarvennlegheit, auka brukskvalitet og god informasjonsflyt ved forbetring av digitale løysingar. 

illustrasjonsbilde av grafer og diagrammer
Ambisjonar
  • Brukarvennlegheit, auka brukskvalitet og god informasjonsflyt ved forbetring og forenkling av dagens og nye digitale løysingar.
  • Dei digitale løysingane skal bidra til å behalda, utvikla og rekruttera medarbeidarar.   
  • For medarbeidarar skal digitaliseringa gi redusert arbeidsbelastning og ein enklare arbeidskvardag.
  • Digitaliseringa skal bidra til meir effektive tenester.
  • Prioritera initiativ som bidreg til god ressursbruk og effektiv drift i nye og rehabiliterte bygg.

Les heile strategien for digitalisering i Helse Vest

Korleis jobbar vi med digitalisering i Helse Vest?

I Helse Vest har vi fleire prosjekt som skal bidra til forbetring, slik at sjukehusa er i stand til å møte kapasitetufordringar i framtida.

Prosjekta er delt inn i ulike område: pasientbehandling, økonomi og forsyning, infrastruktur for sjukehusdrift, medarbeidar, organisasjon, analyse, utdanning og kompetanse, og arkitektur- og datastyring.

Form, rektangel
Digitaliseringsprosjekt i Helse Vest

 

Journaldokumentasjon: 

Vel heim

AMK IKT 

Multimonitor

Prehospital EPJ

Fødejournal

Fosterovervåking

Kritisk informasjon

Støtte til kliniske einingar: 

Pasientflyt og ressursar 

Dialog med inneliggande pasient

Integrert ressursplanlegging

Mitt timeval

Digitale helsetenester:

Diabetes og digitale helsetenester

Digitale skjema og brev

CheckWare konsolidering

Pasientens journaldokument

Pasientens prøvesvar

Norse feedback

Rettleiia internettbehandling

Digitale helsetenester - kreft

Legemiddel og kurve: 

Anestesikurve

Kritisk informasjon

Ny e-reseptløysing

Logistikkstøtte til akuttmottak

Labratorie: 

Celleterapi

Digital patologi

Labratorie-informasjonssystem

Bilde:

Hjertepacs

KI innen bildediagnostikk i Vest

LIBRA fase 2

STERIOP

Innføring av Omega 365 i Helse Vest

Innføring Matforsyning (Matilda) 

Ny reinhaldsløysing

Tenester for lokalisering av utstyr

Medarbeidar, organisasjon, teknologi

Datatilgjengeliggjøring

Internkommunikasjon og Samarbeid i M365

Analyse

Modernisert Folkeregister

Byggstøtte IKT

Privat sky

Mobilitet

Korleis jobbar vi med risiko?

Ei risiko med å innføra nye IKT-system i spesialisthelsetenesta, er at vi ikkje veit om vi nyttar dei digitale verktøya best mogleg. Det er viktig med kompetanse og meistring hos medarbeidarar.

Nytte av digitalisering er eit av områda vi jobbar særleg med knytt til risikostyring. Målet er å legge til rette for at nye, digitale løysingar blir tatt i bruk best mogleg, og at dei riktige løysingane blir prioritert utvikla.