Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
Ulike helserelaterte ikoner på mørk bakgrunn. Grafikk.

Topp fem risiko

Helseføretaka og det regionale helseføretaket i Helse Vest har definert fem felles, prioriterte område der vi alle set inn ekstra innsats for styring og reduksjon av risiko. Målet er å betre - og ta meir aktivt grep om - risikostyringa, og styrke regionalt samarbeid og læring.

Kvifor har vi topp fem risiko?

Å kjenne til ulike risikoar og korleis dei verker på verksemda i sjukehusa, er viktig for å nå måla våre og sørgje for god utvikling av tenestene, både for medarbeidarar og pasientar. Når vi kjenner kva risikoen er, kan vi gjere noko for å redusere han.

​Formålet med topp fem risiko er å få eit betre og meir aktivt grep om risikostyringa, og på same tid legge til rette for styrkt regionalt samarbeid og læring på tvers av helseføretaka.

Les meir om bakgrunnen for topp fem risiko

Metodikken

Metodikken er først å utarbeide faktagrunnlag og beskriving av pågåande arbeid. Vi veit mykje om kva utfordringane er og det skjer allereie mykje godt arbeid på desse områda. Likevel kan det vere behov for meir kunn​skap og innsats for å ta ned risiko så mykje vi kan. Når vi har eit kunnskapsgrunnlag må vi gjere analyser og vurdere omfanget av kva risikoen inneber for medarbeidarar, leiarar og verksemda.

Når vi veit, må vi gjere tiltak og dele desse med andre helseføretak, anten vi lukkast med alt eller ikkje. Denne delinga er grunnlaget for læring og for at vi heile tida kan forbetre tiltaka. Ein viktig del av riskostyringa er at vi undervegs evaluerer og korrigerer, og aller helst i samarbeid med andre.

Sist oppdatert 13.11.2024