Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Beredskap

Beredskapsområdet har dei siste åra fått eit større fokus og det blir utarbeidd fleire beredskapsplaner. Dessverre er ikkje planane godt nok kjende blant leiarar og medarbeidarar.

Målet med arbeidet er å finne ei løysing for korleis lokalt planverk skal bli implementert, brukt, evaluert og revidert i Helse Vest.

Beredskapsområdet har dei siste åra fått eit større fokus grunna verdsbilete slik det er i dag. Det blir utarbeidd fleire regionale beredskaps-delplaner. Planane skal gi krav og føringar for lokale beredskapsplaner.

Det er ein risiko for at føretaka ikkje får omgjort regionale planar til eigne tilpassa lokale planar og at planane ikkje er godt nok kjende blant leiarar og medarbeidarar. Dette kan gjere at føretaka ikkje er forberedt på ulike hendingar. Risikoområdet bør sjå på ei metode for korleis lokalt planverk skal implementerast, brukast, evaluerast og reviderast i organisasjonen. Planane må være kjent og øvd av leiarar og medarbeidarar

Sist oppdatert 04.07.2024