Éin gong i året lyser vi ut midlar til innovasjonsprosjekt. Ny utlysing er ute no.
Innovasjonsmidlar i Helse Vest
Helse Vest RHF lyser ut 16 millionar kroner til innovasjonsprosjekt i 2022. Frist for å søkje var 7. oktober 2022.
Utlysing av midlar til innovasjonsprosjekt i 2022Føringer for søknader om regionale midlerMal for prosjektbeskriving nye innovasjonsprosjektMal for prosjektbeskriving idéoverføringDesse har fått midlar til innovasjon tidlegare
Tildelte innovasjonsmidler i januar 2022
Tildelte innovasjonsmidlar i mai 2021
Tildelte innovasjonsmidlar i 2020
Tildelte innovasjonsmidlar i 2019
Kontaktinformasjon
Lena Forgaard, seniorrådgivar
tlf. 48 124 019
E-post:
lena.forgaard@helse-vest.no
Postmottak:
post@helse-vest.no (merk emnefeltet med Innovasjon)
Strategisk innovasjonsnettverk
Det regionale innovasjonsnettverket består av representantar frå alle føretaka i Helse Vest, i tillegg til dei private ideelle institusjonane. Nettverket skal handtere strategiske og overordna spørsmål kring innovasjon i Helse Vest.
Innovasjonsforum
Regionalt operasjonelt innovasjonsforum er eit forum med deltakarar frå det operasjonelle innovasjonsarbeidet i det enkelte føretak. Deltakarane skal informere om og gi råd til innovasjonsaktivitetar i føretaket.
Oppgåver:
- sikre samarbeid mellom strategisk og operasjonelt nivå
- sikre samarbeid på operativt nivå innanfor eige føretak og på tvers av føretaka
- sikre erfaringsutveksling og kunnskapsdeling
- dra nytte av tilgjengelege ressursar i føretaket
- auke totalgevinsten av innovasjonsarbeidet i Helse Vest
- vere eit rådgivande forum for innovasjonsmidlane i Helse Vest med løpande tildeling
- sikre samspel med prosjekt i eksisterande utviklingsløp i Helse Vest
Medlemmer i innovasjonsforumet:
- Helse Vest RHF: Lena Forgaard (leiar) og Nejla Karahasan
- Helse Bergen: Yvonne Nordvoll, Ingunn Wergeland og Øystein Sørhaug
- Helse Fonna: Helge Børresen og Ingrid Øritsland Våge
- Helse Førde: Gro Rukan og Guro Mjanger
- Helse Stavanger: Kenneth Austrått og Anne Tronslin
- Haraldsplass Diakonale Sykehus: Ida Kristine Sangnes
- Helse Vest RHF IKT: Hilde Alvseike
- Sjukehusapoteka Vest: Jannicke Wathne
- Sykehusinnkjøp divisjon vest: Bjarne Wetteland
Idémottaket
Om du har pasienterfaring, er tilsett, pårørande, samarbeidspartnar eller representant frå næringslivet, er du velkommen til å dele ideen din med oss. Vi vil følgje opp forslaget ditt og gi deg ei rask tilbakemelding.
I Helse Vest vil vi prioritere idear som har størst nytte for pasientar, pårørande og tilsette. Sjølv mindre forbetringar på arbeidsplassen eller eit nytt hjelpemiddel kan gi positive utslag for kvardagen til både pasientar og tilsette i sjukehusa. Hugs at innovasjon handlar om så mykje meir enn avanserte IKT-prosjekt.
Det finst idémottak i alle helseføretaka i Helse Vest. Du kan sende ideen din direkte til:
Helse Førde
Helse Bergen
Helse Fonna
Helse StavangerHar du ein idé som gjeld Helse Vest RHF, Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest, Sykehusinnkjøp divisjon vest eller dei private ideelle, send ideen din inn her: