Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Desse prosjekta fekk innovasjonsmidlar våren 2021

Les meir om prosjekta som fekk tildelt innovasjonsmidlar frå Helse Vest. 

Publisert 18.05.2021
Sist oppdatert 08.07.2021
En mann som holder en lyspære

17 innovasjonsprosjekt har fått til saman 14 millionar kroner frå Helse Vest. 13 av prosjekta er i kategorien "nye prosjekt" og fire i kategorien "idéoverføring". 

Helse Bergen

Prosjektleiar: Tone M. Norekvål, Spesialrådgiver, Hjerteavdelingen

Samarbeidspartar: Helse Førde, Helse Stavanger, Helse Vest IKT, St. Olavs hospital

Kvart år gjennomfører 12 000 pasientar utblokking av kransårar i hjartet (PCI) i Noreg. Til tross for positive effektar av hjarterehabilitering (HR) får kun 20-30 prosent av pasientane tilbod om HR. Dette skuldast eit stort pasientvolum, få tradisjonelle HR-program og lang reiseveg, noko som gir uønska variasjon i kvalitet og tilgjengelegheit til HR for pasientane. 

Prosjektet skal løyse denne utfordringa gjennom å utvikle eit persontilpassa, digitalt HR-program (eHjerteRehab) som skal auke pasientane sin kompetanse og livskvalitet, og redusere risiko for reinnlegging. 

Det digitale rehabiliteringsprogrammet bygger på internasjonal anerkjent metodikk, tidlegare forsking og brukarmedverknad. Gjennom programmet vil pasientane få avstandsoppfølging gjennom mellom anna filmsnuttar og tekst, eigenrapportering og evaluering av korleis rehabiliteringa fungerar og tilgang til eing medisin-app som skal utviklast i samarbeid med Helse Vest IKT.

Ei innovativ eHjerteRehab vil kunne møte rehabiliteringsbehova til store pasientgrupper uavhengig av deira tilgang til tradisjonell HR. eHjerteRehab vil kunne bidra til å modernisere og digitalisere arbeidsprosessar i Helse Vest, og utvikle mer samanhengande og skreddarsydde pasientforløp. Programmet har potensiale til å betre samarbeid mellom føretak, kommune og brukarane av helsetenesta. 

Digital løysing: CkeckWare Helium

Prosjektet si nettside

Prosjektleiar: Pål Ove Vadset, Seksjonsleder, FoU, Seksjon for helsetenesteutvikling

Samarbeidspartar: Helse Vest IKT

Eit fåtall av pasientane (10 prosent) i Helse Bergen HF står for svært mange av liggedøgna (43 prosent) i helseføretaket. Desse pasientane har hyppige reinnleggingar. 

Prosjektet vil utvikle eit automatisert varslingssystem for pasientar med høg risiko for reinnlegging. Maskinlæringsalgoritmar, som bruker data frå tidlegare innlegging-historikk, skal nyttast til å automatisk identifisere storbrukarar i det dei kjem til akuttmottaket. Basert på denne varslinga kan tilsette i sjukehuset betre vurdere korleis pasienten skal behandlast. Prosjektet vil og samarbeide med kommunen for å lage førebyggande tiltak for sei pasientane som treng det.

Føremålet med prosjektet er å gi betre pasientbehandling og auke livskvaliteten for pasientar, og redusere talet liggedøgn og reinnleggingar på sjukehuset. For helsetenesta vil dette redusere kostnadane og gi ei meir effektiv helseteneste.

Digital løysing: Python

Prosjektleiar: Aslak Bjarne Aslaksen, Avdelingsdirektør, Radiologisk avdeling

Samarbeidspartar: Helse Vest IKT, alle helseføretaka i Helse Vest, Universitetet i Bergen, Betanien Sykehus, Senter for kvalitet i legekontor (SKIL), Gjør kloke valg-kampanjen. private røntgeninstitutt

Tidlegare undersøkingar viser store geografiske skilnadar i allmennlegane sin tilvisingspraksis til MR og CT. Store skilnader i tilvisinga kan føre til overdiagnostikk, overbehandling og uønska variasjon. 

Prosjektet ønsker å betre allmennlegane sin tilvising til bildediagnostiske undersøkingar av muskel- og skjelettlidingar. 

Tilvisingane skal betrast ved hjelp av elektronisk kommunikasjon med tilvisingsråd, kursundervisning og tilbakemelding på eigen praksis. Allmennlegar skal ha kunnskapsbaserte råd tilgjengelege når dei ønsker å tilvise ein pasient til MR eller CT.

Prosjektet vil bidra til betre helsetenester for eldre med slitasjesjukdommar, pasientar med kroniske, revmatiske lidingar, og barn og unge med lidingar i bevegelsesapparatet.

Digital løysing: DIPS Interactor, SECTRA PACS og RIS

Prosjektleiar: Thomas Halvorsen, Prosjektleder, Barne- og ungdomsklinikken

Samarbeidspartar: Helse Stavanger, Helse Fonna, Sjukehusapoteka Vest, Helse Vest IKT

Legemiddelbehandling av barn krev nesten alltid manipulering (utblanding/fortynning) av produkta som finst tilgjengeleg i marknaden. For å sikre same kvalitet nasjonalt (at utblanding, fortynning og administrering av legemiddel til barn blir gjort på same måte) har Nasjonalt kompetansenettverk for ledemidler til barn utvikla 160 blandekort. I dag blir desse blandekorta ofte brukt i papirform. Opplysningar frå blandekort må bli lagt inn manuelt i elektroniske system. Dette krev mye ressursar og kontrollarbeid i kvart helseføretak. 

Prosjektet skal digitalisere blandekorta i ein sentral database. Dei elektroniske systema som blir brukt i klinikken (kurveløysingane og journalsystema) skal hente informasjon  direkte frå blandekorta i databasen. 

Elektronisk tilgang til informasjon i blandekort er avgjerande for pasienttryggleiken. Det vil forenkle og kvalitetssikre arbeidsprosessar for legar og sjukepleiarar ved alle norske barneavdelingar.

Digital løysing: API

Prosjektleiar: Birgitte Berentsen, Prosjektleder, Medisinsk klinikk

Samarbeidspartar: Helse Førde, CheckWare, Sykehuset Levanger

"Mage-tarmskolen" er ein behovsdriven innovasjon som har som mål å gi lik kvalitetssikra informasjon og behandling til pasientar, uavhengig av geografiske barrierar. "Mage-tarmskolen" er det første digitale behandlingsprogrammet for somatiske pasientar i Noreg, for pasientar med irritabel tarmsyndrom (IBS). 

Behandlingsprogrammet inneheld både avansert tverrfagleg pasientopplæring og omfattande behandling i eit digitalt format ved hjelp av ein CheckWare-plattform. Programmet inkluderer fem modular med tekst, video, animasjonar og bilde. I tillegg får pasientane interaktive "heimeoppgåver" kor dei blir rettleia gjennom eksponeringsterapi, etterfølgt av ein valfri kosthaldsintervensjon med ein klinisk ernæringsfysiolog.

Hovudmålet til prosjektet er å bredde "Mage-tarmskolen" i heile Helse Vest og ta i bruk dei nye digitale løysingane i CheckWare Helium, som eigenregistrering av data, bruk av video og korleis pasientane responderer på behandlinga.

Digial løysing: CheckWare Helium

Prosjektet si nettside


Helse Stavanger

Prosjektleiar: Johan Aske Lund, Overlege, Kvinne- og barneklinikken

Samarbeidspartar: Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser, Stavanger kommune, Universitetet i Bergen

Barn med bindevevssjukdommar er i stor risiko for å utvikle leddsmerter og utmatting. Barna sine utfordringar fører til fråvær på skulen og redusert livskvalitet. I helsevesenet har bindevevssjukdommar lenge vore neglisjert. Pasientane har ofte vore i kontakt med fleire avdelingar i spesialisthelsetenesta, utan å ha fått ei heilskapeleg vurdering og avklaring av tilstanden.

Ein gjennomgang ved Barne- og ungdomshabilitering (HABU) ved Stavanger universitetssykehus syner at desse pasientane har mange konsultasjonar i spesialisthelsetenesta, til tross for at dei fleste kan følgast opp i primærhelsetenesta.

Målet med prosjektet er å legge til rette for betre pasientbehandling på tvers av primær- og spesialisthelsetenesta gjennom tenesteinnovasjon. Stavanger universitetssykehus starta i januar 2021 ein tverrfagleg bindevesklinikk som skal vurdere tilvisingar frå både primær- og spesialisthelsetenesta. Målet er å lage ei systematisk og heilskapleg utgreiing på tvers av avdelingar og nivå.

Prosjektet skal mellom anna:

1. Utarbeide digitale spørreskjema til bruk i forkant av konsultasjon

2. Utvikle digitale spørreskjema og sjekklister for behandlar

Digital løysing: CheckWare

Prosjektleiar: Marit Halonen Christiansen, Avdelingssjef, Kvinne- og barneklinikken

Samarbeidspartar: Helse Vest IKT, DIPS

Pasientane ønsker at helsetenesta skal passe best mogleg inn i deira liv. Kvinnene som får helsehjelp ved Kvinneklinikken (KK) kontakter ofte avdelinga for å ombestille timen for at det skal passe med familie og arbeid. I programmet "Alle møter" har ein starta med at pasienten sjølv kan ombestille time. KK ynskjer å starte i motsatt ende – at pasienten skal bestille time sjølv.

 Dette vil vere i tråd med ambisjonen om pasienten sitt helsevern, og vil frigjere ressursar for å skreddersy forløp for meir komplekse pasientar. Prosjektet skal prøve ut løysinga for fire grupper: 

1. Pasientar til tidleg ultralyd

2. Pasientar til rutineultralyd

3. Pasientar med celleforandringar i livmorhalsen

4. Pasientar til beintettheitsmåling

Digital løysing: Robot/DIPS

Prosjektleiar: Siren Rettedal, Postdok, Forskningsavdelingen

Samarbeidspartar: Laerdal Medical, Universitetet i Stavanger, BitYoga

Mangel på oksygen under/etter fødsel kan føre til fødselsasfyksi, ei leiande årsak til død og hjerneskade hos nyfødte. 5 prosent av nyfødte treng pustehjelp etter fødsel. Overtrykksventilasjon skal ifølge retningslinjer starte innan 60 sekund, men sjølv i Noreg skjer det kun i 1/3 av tilfella. 

Prosjektet vil lage ei tidslinje som beskriv hendingar og aktivitetar under gjenoppliving av nyfødte. Tidslinja blir laga ved hjelp av eit varmekamera som skal registrere nøyaktig tidspunkt for fødsel og videoopptak frå gjenoppliving. Prosjektet vil lage AI-modellar (kunstig intelligens) som er robuste, pålitelege, generelle og adaptive for å kunne bli brukt av andre sjukehus.

Hensikta med prosjektet er å lage eit verktøy til å fasilitere kliniske debriefingar, målretta simuleringstrening, forbetringsprosjekt og dokumentasjon. 

Digital løysing: Kunstig intelligens (AI)

Prosjektleiar: Cecilie Sneberg Grøtteland, Avdelingsleder, Analyseavdelingen

Samarbeidspartar: Helse Bergen, Helse Vest IKT

WHO ser på antibiotikaresistens som ei av dei største truslane framover mot global helse, og anbefaler å forbetre overvåkinga av antibiotikaresistens. 

Spreiing av mikrobar og av resistens i sjukehuset kan auka risikoen for sjukdom for pasientane våre og deira pårørande, og i ytste konsekvens død. For å forbetre dagens manuelle rutinar og rapportering, ønsker prosjektet å etablere automatisert, løpande overvåking av auka førekomst av definerte mikrobar på pasient- og avdelingsnivå. 

Prosjektet skal etablere eit automatisert varslingssystem og eit kartleggingsverktøy ved bruk av ny teknologi i Helseinnsikt, skyløysingar og Microsoft Power Platform. Løysinga skal bidra til raskare og meir målretta tiltak ved førekomst av resistente bakteriar i føretaket. Dette vil kunne bidra til at færre pasientar, pårørande og medarbeidarar blir eksponert for desse bakteriane. 

Digital løysing: HelseInnsikt, skyløysingar, Microsoft Power Platform


Helse Fonna

Prosjektleiar: Oddbjørn Hove, Psykologspesialist (PhD/Seniorforsker), Avdeling for forsking og innovasjon

Samarbeidspartar: Helse Stavanger, Helse Bergen, Vestre Viken, Universitetssykehuset Nord-Norge, Helse Vest IKT, Tysvær kommune, Haugesund kommune, Sykehusinnkjøp

Ei rekke menneske har vanskar med formidling av vonde tankar eller følelsar. Vanskane er ofte uavhengige av diagnosar. Ved låg alder har ein ikkje lært ord for ein del vonde tankar og følelsar. Med nedsatt kognitiv fungering, medfødt, tidleg eller seint erverva, kan det vere vanskeleg å formidle sine psykiske vanskar. Alvorlege psykiske lidingar kan overskygge angst, depresjon eller andre lidingar. Menneske utan norsk vil ofte bli møtt med norskspråklege utrednings- og behandlingsmetodar som er krevande språkleg.

iSpe er ein metode kor det nyttast video og bilde som formidlar ulike tankar og følelsar knytt til psykiske lidingar i ein web-applikasjon. I utviklinga av verktøyet har kommunikasjons- og formidlingsvanskar stått i sentrum for valg av løysingar. Depresjonsmodulen har i tillegg teiknspråkstøtte. Prosjektet har, med innovasjonsmidlar frå Helse Vest, utvikla eit unikt brukargrensesnitt og ein modul for å kartlegge depresjon på brukargrensesnittet. Depresjons-modulen skal bli verifisert gjennom ein multisenter-studie som starta mars 2021.

Prosjektet skal undersøke korleis løysinga fungerer for angst og søvnprøblem, og for psykoedukasjon av depresjon. Det skal bli utvikla ein løysingarkitektur og det skal gjennomførast eit forskingsprosjekt på digital eigenrapportering heime med modulane. iSpe skal oversettast til fleire språk.

Prosjektet si nettside


Helse Førde

Prosjektleiar: John Roger Andersen, Forsker, Fag og utviklingsavdeling

Samarbeidspartar: Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger

Interaksjonen mellom pasientar med stomi og helsepersonell ofte er prega av betydeleg underrapportering av symptom og utfordringar knytt til å leve med kronisk sjukdom. Dette kan skuldast at dei viktige spørsmåla aldri blir stilt, at pasienten sine svar ikkje vert høyrt, eller at pasienten føler at det er vanskeleg å sette ord på vanskelege ting og drøfte dette med helsepersonell. 

Gjennom eit forprosjekt har Stomipoliklikken i Helse Førde utvikla ein ny oppfølgingsmetode for tilpassing til å leve med stomi, kalla «Ostomy Adjustment System» (OAS). Pasientane svarar digitalt på validerte spørsmål om tilpassing til stomi. Informasjonen blir samla inn digitalt og gjort tilgjengeleg for stomisjukepleiarar før konsultasjonen. Slik blir informasjon synleg og lagt til grunn for å betre innhaldet, brukarmedverknaden og kommunikasjonen i konsultasjonane. 

 
Prosjektet ønsker å prøve ut OAS i fire ulike poliklinikkar, hauste erfaringar og vidareutvikle OAS som ein ny praksis for betre tilpassing til å leve med stomi. Hensikta er at dette skal betre kvaliteten i pasientbehandlinga av stomipasientar, auke livskvaliteten og arbeidsevne for dei som lever med stomi.

Digital løysing: CheckWare


Haraldsplass Diakonale Sykehus

Prosjektleiar: Frank Olsen, Klinikkdirektør, Kirurgisk klinikk

Samarbeidspartar: Helse Vest IKT

Pasientar som blir operert ved dagkirurgi får ofte svært mykje munnleg informasjon, som det kan vere vanskeleg å ta innover seg. Sjukehuset har også mange kontrollar etter operasjon som ikkje hadde trengt å vere med fysisk oppmøte. 

Prosjektet ønsker å betre pasientforløpa med nye digitale løysingar knytt til dagkirurgi. Det skal:

1. Utvikle innformasjonspakker som sikrar at pasientane er godt informert før eit inngrep. Pasientane får tilsendt videoar om førebuingane før operasjon, informasjon om sjølve inngrepet og tida etter inngrepet med opptrening. Både pasient og pårørande vil vere meir førebudd til sjølve inngrepet og tida etter operasjon. 

2. Utvikle ei løysing som følger opp alle dagkirurgiske pasientar dagen etter operasjon via link som blir sendt til mobiltelefon. Pasienten gir tilbakemelding på smerter, sår og generell status. Tilbakemeldingane avgjer om sjukehuset tar kontakt med pasienten eller ikkje. 

3. Erstatte fysiske møte med elektronisk oppfølging. Pasient fyller ut eit skjema, som avgjer om pasienten skal bli følgt opp via video/telefon eller fysisk konsultasjon. 

Digital løysing: CheckWare


Solli DPS

Prosjektleiar: Leif Arvid Øvernes, Leiar, Stab

Samarbeidspartar: Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS-Vest), Bjørnafjorden kommune, Mental Helse Hordaland, Helse Vest IKT, Landsforeningen for etterlatte ved selvmord (LEVE), prestetenesta ved Haraldsplass sykehus

Kvart år dør rundt 600 personar av sjølvmord i Noreg. Nesten halvparten har hatt kontakt med spesialisthelsetenesta, og over 80 prosent har hatt kontakt med fastlege og primærhelsetenesta i løpet av det siste året før dei tok livet sitt. God kompetanse i å fange opp, vurdere og behandle pasientar med høg sjølvmordsrisiko kan redde liv. Den mest effektive måten å auke klinisk kompetanse på er simulering og ferdigheitstrening, men dette er lite tilgjengeleg og svært ressurskrevande. 

Prosjektet vil utvikle ein digital treningsplattform, for å gi helsepersonell frå heile landet moglegheit til å trene på å møte, kartlegge, vurdere og behandle pasientar med sjølvmordsproblematikk. Solli DPS ønsker å gjere simulering for sjølvmordsførebygging tilgjengeleg for alt helsepersonell i Noreg.

Digital løysing: Simulering


Idéoverføring

Prosjektleiar: Marte-Helene Bjørk, Overlege, Nevroklinikken

Helse Bergen skal adoptere ei løysing for brukarstyrt digital avstandsoppfølging av epilepsipasientar som er utvikla ved Vestre Viken HF.

Pasientgruppa har svært ulike behov, men helsetenesta har til no i liten grad ei persontilpassa oppfølging av epilepsipasientar. Dagens system fangar i liten grad opp kva for pasientar som har ukontrollert epilepsi og alle pasientane har meir eller mindre same oppfølgingsintervall. Fleire av pasientane må vente ut over anbefalt tid for kontrollar. Dette innovasjonsprosjektet vil bidra til at pasientane får behandling og kontrollar når dei treng det.

Løysinga inneber at pasientane skal rapportere digitalt via mobil/nettbrett kvar tredje månad om epileptiske anfall, biverknader av medikamentbruk, psykiske helseplager, vanskar i arbeidsliv/skole mm. Skjemaet blir laga i CheckWare-portalen, i pasientjournalen (DIPS) og i EpiReg: forsknings og kvalitetsregister for Epilepsi i Helse Bergen.

Ut frå svara til pasienten blir rapporten markert som grøn, gul eller rød. Den digitale portalen blir jamleg kontrollert av epilepsisjukepleiar som set opp pasientane til telefonkonsultasjon eller anna type konsultasjon med helsepersonell, ut frå hastegrad og problemstilling.

Oppfølging av pasientar med bruk av brukarrapporterte data, monitorering og behovsstyrt tildeling av ressursar, kan tene som modell for andre kronikargrupper både innan eigen klinikk og for andre fagfelt.

Digital løysing: CheckWare, DIPS, EpiReg

Prosjektet si nettside

Prosjektleiar: Theresa Johannessen, Seksjonsleder, Fysioterapiavdelingen

Helse Bergen ønskjer å adaptere innovasjonen «Pust Deg Bedre», ein app for kronisk lungesjuke, som er utvikla av Elin Johnsen i Helse Førde. Appen Pust Deg Bedre (PDB), viser ti internasjonalt anerkjende pusteteknikkar i lungefysioterapi som bidrar til å fjerne slim og dempe andenaud. Dei slim-mobiliserande teknikkane blir visualisert ved hjelp av ein 3D-modell som viser korleis og kvifor teknikkane skal gjennomførast. Våren 2021 blir det implementert lyd i appen. Ein fysioterapeut tilpassar behandlinga i appen til kvar enkelt pasient. 

Prosjektet er i tråd med nasjonale og regionale satsingsområde. Helse Bergen meiner at det digitale verktøyet er nyttig for å betre tenestetilbodet til kronisk lungesjuke. Fysioterapiavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus vil ta implementere Pust Deg Bedre i klinisk praksis for å betre oppfølging og behandling av lungesjuke med slimplagar og tung pust. Det er viktig for å redusere uønskt variasjon i behandlinga slik at alle innbyggarane i Helse Vest får likt tilbod, uavhengig av kva for eit sjukehus dei tilhøyrar. Målet er å gjere det enklare for lungesjuke å følge opp behandlinga på eige hand og på den måten førebygge infeksjonar/forverringar.

Helse Bergen skal, forutan å ta løysinga i bruk i eige føretak, også koordinere og tilpasse korleis løysinga bør bli tatt i bruk i både Helse Fonna, Helse Stavanger og ved Haraldsplass Diakonale Sykehus. Fysioterapiavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har det største fagmiljøet i Helse Vest innan lungefysioterapi og ved å styrke interne strukturar skal dei bidra til å bredde Pust Deg Bedre regionalt og nasjonalt.

Digital løysing: App

Prosjektleiar: Line Iden Berge, Overlege, Alderspsykiatrisk poliklinikk

NKS Olaviken ønskjer å adoptere ein innovasjon utvikla av Tone E. G. Henriksen ved Helse Fonna. Henriksen fann at maniske symptom blei kraftig redusert hos personer med bipolar liding når dei fekk lysregulerande behandling.

"Brighter Age" skal vidareutvikle denne metoden for å sjå om døgnrytmelys kan nyttast for demenspasientar for å lette agitasjon, uro og søvnvanskar Dette er viktig fordi symptoma er vanlege ved alle demensformar, gir redusert livskvalitet for både pasient og pårørande, auka utgifter til pleie, tidlegare institusjonsopphald og kortare forventa levetid.

Prosjektet vil bruke resultata som erfaringsgrunnlag for å undersøke om døgnrytmelys kan vere eit nyttig, medikamentfritt behandlingstilbod i alderspsykiatrien, om tilbodet er ønska av pasientar og pårørande og om det er mogleg å gjennomføre i denne pasientgruppa.

Prosjektleiar: Siv Krüger Claussen, Seksjonsleder, AFMR Fellesfunksjoner

Helse Bergen ønsker å adoptere ei digital løysing for pasientar med samansette problemstillingar innan muskel- og skjelettplagar utvikla ved Sunnaas rehabiliteringssenter. 

Behandling blir gitt i sann tid både ved rehabiliteringssenter ved fysisk oppmøte og via digital plattform for å nå fleire pasientar utanfor sjukehuset. Dei kan vere heime, i lokalar i eigen kommune med meir. Helse Bergen/Avdeling for fysikals medisin og rehabilitering har ein rekke behandlingstilbod som krev fysisk oppmøte. Avdelinga ønsker å bygge vidare på erfaringane frå Sunnaas og tilpasse til deira pasientar.