Om Styringsorgan for IKT-løysingar

Styringsorgan – IKT-løysingar for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest
er etablert ut frå eit behov for eit nytt vedtaksforum for å rapporte og ta avgjerder om utvikling av teknisk løysing for register.

Mandatet til styringsorganet har eit breitt siktemål og inkluderer IKT-utvikling innanfor registerfeltet og den samla oppfølginga  av registera. Styringsorgan – IKT-løysingar for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest har ansvar for satsinga på den tekniske utviklinga, og skal sikre at det blir etablert tydelege rammer for kvart enkelt teknisk utviklingsprosjekt.

Det skal sikre at prosjekta leverer i samsvar med prioritering og rammene som er sett for prosjekta. Assisterande fagdirektør i Helse Vest er finansieringsansvarleg og kan gjere vedtak innanfor sitt myndigheitsområde. På nokre område må og databehandlaransvarleg (det lokale føretaket som er «eigar» av registeret) involverast.

Følgjande aktørar er representerte i styringsorganet:

  • Helse Vest RHF ved assisterande fagdirektør som leiar styringsorganet
  • Fagsenter for medisinske kvalitetsregistre i Helse Vest ved fagleiar
  • Helse Vest IKT ved leiar av seksjon for Styringsdata
  • Helse Vest IKT ved leiar av avdeling «Virksomhetsutvikling»
  • Representantar frå aktuelle register ved behov. Dvs. at det er ønske om at representant (ar) frå aktuelle registerprosjekt kan delta (fysisk eller elektronisk) på deler av møtet for å orientere nærare om status mm
Sjå mandat 
Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.