Hjerneslag - Kvart sekund tel

Eit hjerneslag kjem som oftast utan forvarsel. Straks begynner cellene i hjernen å døy. For at konsekvensane av eit hjerneslag skal bli så små som mogleg er det avgjerande at vi kan symptoma og ringjer 113 med ein gong.

hjerneslag_smil_2015_860x400.jpg 

Dei tre vanlegaste symptoma som oppstår akutt og er lamming i fjeset, lammingar i arm eller fot eller språkforstyrringar. Kjenner du desse teikna er det kunnskap som kan redde liv og auke sjansane for at hjerneslaget ikkje gir varige skadar.

FJES: Smil – du har fått hjerneslag!

Lamming i fjeset er eit vanleg symptom på hjerneslag. Dersom du sjølv eller den du trur har fått hjerneslag plutseleg blir lamma i delar av fjeset og ikkje klarer å smile, må du ringje 113 med ein gong.
Testen er enkel: Be personen om å smile.

ARM: Juble med armane i vèret – du har fått hjerneslag!

Lamming i arm eller fot er eit anna vanleg symptom. Dersom du sjølv eller den du trur har fått hjerneslag plutseleg blir lamma i den eine armen og ikkje klarer å løfte begge armane over hovudet, må du ringje 113 med ein gong.
Testen er enkel: Be personen om å løfte begge armane over hovudet.

SPRÅK: Ut med språket – du har fått hjerneslag!

Språkforstyrringar er det tredje vanlege symptomet på hjerneslag. Dersom du sjølv eller den du trur har fått hjerneslag plutseleg snakkar utydeleg eller har problem med å gjenta ei enkel setning, må du ringje 113 med ein gong.
Testen er enkel: Be personen om å gjenta ei enkel setning.

TID: Kvart sekund tel!

Skadeomfanget kan reduserast dersom den som har fått hjerneslag kjem raskt til sjukehus. På sjukehuset finst det effektive behandlingsmetodar. For mange kan blodproppoppløysande medisin vere ein effektiv måte å opne blodtilførselen til hjernecellene – slik at området i hjernen ikkje døyr.

Jo fortare den ramma kjem til sjukehus, desto større er sjansen for at det ikkje blir varige skadar. Å ringje medisinsk nødtelefon tidsnok kan derfor vere forskjellen mellom liv og død.

Hjerneslag kan ramme alle

Kvart år blir om lag 16.000 personar i Noreg ramma av hjerneslag. Hjerneslag er ein av dei hyppigaste årsakene til død og funksjonshemming, og er ei stor utfordring både for den enkelte som blir ramma, dei pårørande, for helsetenesta og for samfunnet.

Hjerneslag kan ramme både menn og kvinner, gamle og unge. Lær deg symptoma og ikkje nøl med å ringje 113. Det kan redde liv.

Informasjonsmateriell (pdf)

Meir på helsenorge.no

Du finn meir informasjon om hjerneslag, behandling og rehabilitering på nettsida til helsenorge.no. Her finn du også informasjon som kan vere nyttig dersom du er pårørande til nokon som har hatt hjerneslag.


 

Kampanjefilmar