Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

2010: Christian von Plessen

Overlege PhD Christian von Plessen fekk prisen for sitt arbeid for kvalitetsforbetring gjennom fleire år ved lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen.

​Det var på den første Kvalitetskonferansen i Helse Vest at Christian von Plessen fekk Kvalitetsprisen.

von Plessen har leidd fleire kliniske forbetringsprosjekt og han er ein mykje brukt foredragshaldar om emnet, både innanfor og utanfor Helse Vest. Han har leidd logistikkprosjekt og systemutvikling ved Haukeland universitetssjukehus og oppretta eit såkalla klinisk mikrosystem for lindrande behandling for pasientar med lungekreft, skriv komiteen i si grunngiving.

Kvalitetsforbetring av cellegiftbehandling

von Plessen er opprinneleg frå Tyskland, men har sidan 2003 arbeidd i Noreg, blant anna som overlege ved Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus. Han er spesialist i generell indremedisin og for lungesjukdommmar. von Plessen disputerte i 2008 for PhD-graden ved det Medisinske Fakultetet, UiB, for ei avhandling om kvalitetsforbetring av cellegiftbehandling for pasientar med lungekreft.

Sist oppdatert 09.02.2021