Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

2017: Christian Moltu

Christian Moltu, fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, er tildelt Helse Vest sin Kvalitetspris 2017. Han får prisen for arbeidet med å utvikle og innføre The Norwegian Response System for Evaluation (NORSE) i Psykisk helsevern i Helse Førde.

NORSE er eit aktivt lærande elektronisk sjølvrapporteringssystem der pasientar melder frå om korleis dei opplever behandlinga dei får innan psykisk helsevern. Verktøyet blir nytta til å tilpasse behandlinga og som samvalsverktøy. Med prosjektet NORSE har Psykisk helsevern i Helse Førde etablert ein ny og forbetra måte å samhandle med pasientar på.

Så langt er det rundt 600 pasientar som har nytta NORSE verktøyet.

- Det å få denne prisen er ei stor anerkjenning for meg og for miljøet som prøver å få til ei endring av praksis der ein i større grad ser verdien av å nytte kliniske brukarrapporterte data i behandlinga. Det å endre arbeidspraksis og å ta i bruk nye metodar er ein tidkrevjande prosess og denne prisen gir i så måte energi til dette viktige arbeidet, seier Moltu.

Brukarmedverknad i utvikling og forsking

Både i utvikling, innføring og i forskinga kytt til NORSE, har brukarmedverknad vore eit gjennomgåande prinsipp. Det har blant anna vore brukarar med i forskargruppa og det er henta inn innspel frå inneliggjande og polikliniske pasientar for å karteleggje deira behov.

Kvalitetsdimensjonane ved å leggje til rette for ei aktiv, medverkande pasientrolle vekkjer interesse utover regionale og nasjonale grenser.

Dagens Medisin: Pasienter gir selvmelding før time på Psykiatrisk klinikk

Algoritmane og metodane i NORSE er laga slik at det kan utviklast etter pasientar og tenesteytarar sine behov. Det betyr at sjølv om NORSE er utvikla innanfor psykisk helse for vaksne, vil det ha overføringsverdi til somatiske tenester, både i spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta og i samhandling mellom tenestenivåa.

Systemet skal no blant anna nyttast i samband med rehabilitering etter fedmekirurgi på fedmepoliklinikken i Helse Førde. Utprøving av NORSE knytt til samhandling med kommunehelsetenesta er under planlegging.

- Vi arbeider no med å utvikle ein ungdomsmodul i Helse Førde, i samarbeid med Helse Bergen. På same måte som ved NORSE for vaksne, utviklar vi ungdomsmodulen gjennom fokusgrupper og individuelle intervju med brukarar og tenesteytararar, samt omfattande litteratursøk i relevant forsking. Prosessen vert dokumentert og kvalitetssikra gjennom vitskapleg publisering, fortel Moltu.

Samrøystes innstilling

Ein samla komité innstilte Christian Moltu som årets prisvinnar. Komiteen trekkjer fram at arbeidet er godt gjennomført og er sterkt på brukarmedverknad. Arbeidet til Moltu har fått stor merksemd nasjonalt og er dokumentert i fleire publiserte artiklar.

Pasienttryggleiksprisen er på 100 000 kroner og blir delt ut til fagmiljø/grupper eller enkeltpersonar i Helse Vest, eller i verksemder som har avtale med Helse Vest RHF, som gjennom forskings- og utviklingsarbeidet sitt har forbetra kvaliteten på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta. Resultata skal vere dokumenterte og publiserte i fagtidsskrift eller i vitskapelige tidsskrift.

Prisen blei delt ut under Helse Vest sin Kvalitetskonferanse i Førde 29. mars 2017.

Sist oppdatert 09.02.2021