Eit grunnleggande mål med eit kvalitetsregister er å forbetre kvaliteten på pasientbehandlinga.
Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest lyser ut stimuleringsmidlar på vegner av Helse Vest. Det er to ynskjemål med desse midlane:
Kliniske fagmiljø nyttar data frå lokale, regionale eller nasjonale kvalitetsregister i forbetring av helsetenesta.
Etablering av lokale eller regionale medisinske kvalitetsregister
Skjema for å søkje om stimuleringsmidlar til forbetringsarbeid
Skjema for å søkje om stimuleringsmidlar til etablering av kvalitetsregisterSøknaden skal sendast til kvalitetsregistre@helse-vest.no
Kven kan søkje?
Kliniske fagmiljø/avdelingar og lokale/regionale kvalitetsregister forankra i Helse Vest kan søke om midlar. Maksimal tildelingssum er 150 000 NOK. Midlane vil bli tildelt som ein eingongssum. Prosjektet skal vere ferdig innan 31.12.2022
Kva må kome klart fram i søknaden?
Gjeld for begge søknadar
fagområde
behov for arbeid med å forbetre kvalitet på tenestene
støtte i fagmiljø
støtte i leiing
konkret skildring av kva midlane skal brukast til
realistisk tidsplan
eit detaljert og realistisk budsjett
korleis brukarane bidreg i planlegging og gjennomføring dersom det er aktuelt
bruk av forbetringskompetanse
Gjeld for søknad om midlar til kvalitetsforbetringsarbeid
mål for arbeidet (spesifisering og tidfesting)
korleis du skal måle effekten av tiltaka
kva register skal du hente data frå
korleis du har tenkt å anvende forbetringsmetodikk
korleis du vil formidle resultat og erfaringar til andre einingar
Gjeld for søknad om midlar til etablering av medisinske kvalitetsregister
kva formålet med registeret skal vere
kva slags pasientar og prosedyrar som blir inkluderte
kva variablar ein ser for seg at ein treng
finst andre overlappande medisinske kvalitetsregister?
kvar data skal registrerast og lagrast
Presisering:
Det blir ikkje tildelt midlar til ordinær registerdrift, gjennomføring av forskingsprosjekt eller til investeringar – som til dømes kjøp, utvikling og/eller drift av elektronisk innrapporterings- og/eller resultatløysing.
Kva skal rapporterast ved prosjektslutt?
Ein fagleg sluttrapport og ein poster skal sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister innan 20.01.2023. Det skal gjerast greie for resultat av tiltaket, særleg erfaringar som kan vere nyttige for andre fagmiljø i og utanfor Helse Vest. Det er eit mål å formidle resultat frå prosjekta og derfor vil Fagsenteret be om posterpresentasjon over resultat som vil bli formidla av Fagsenteret på blant anna heimesida.
Eventuelle spørsmål kan sendast til
kvalitetsregistre@helse-vest.no