Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Trygg gastro

Prosjektet Trygg gastro skal finne fram til gode førebyggjandetiltak som kan redusere talet på pasientskadar knytt til gastro-enterologisk kirurgi.

Magesekk. Hvit grafikk på grønn bakgrunn.

Illustrasjon av magesekk.

 

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) er klageinstans for pasientar som har fått komplikasjonar eller behandling dårligere enn det man burde, og utbetaler årleg store summar i pasientskadeerstating.

Gastroenterologisk kirurgi utgjorde 7 prosent av alle vedtaksområda i spesialisthelsetenesta som blei behandla i NPE i perioden 2009 til 2013. Til samen blei det innan dette fagområde gjort vedtak i 989 saker kor av 368 (37 prosent) fekk medhald.

Prosjektet Trygg gastro har gjort ein systematisk analyse av skadesaker frå NPE innanfor gastrokirurgi. Resultatet viser blant anna at anastomoselekkasje var ein av dei hyppigaste komplikasjonene etter colorektalkirurgi. Dette er ein svært alvorleg komplikasjon som kan medføre store lidingar for pasienten og i verste fall vere fatal. I tillegg kan rask intervensjon påvirke utfallet for pasientane.

Helse Stavanger har vært regional pådriverorganisasjon for tiltaket Trygg gastro, og har pilotert tiltaka som er anbefalte i tiltakspakken.

Systematisk bruk av scoringsverktøyene MEWS og DULK vil kunne identifisere anastomoselekkasje på eit tidlegare tidspunkt i den postoperative fasa og dermed muliggjere raskare intervensjon når nødvendeg.

Tiltakspakken for å redusere pasientskadar innanfor gastro-enterologisk kirurgi er systematisk bruk av scoringsverktøya MEWS og DULK.

Sist oppdatert 23.01.2023