Trygg ortopedi

Prosjektet skal identifisere diagnosar og prosedyrar innanfor den ortopediske behandlinga med mange pasientskadar og finne tiltak som kan settast i verk for å betre pasienttryggleiken.

Pasientskader knytt til ortopedisk kirurgi utgjorde 37 prosent av alle vedtaksaker i spesialisthelsetenesta som blei behandla i Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) i perioden 2008 til 2012.  For pasienten og samfunnet er dette ein stor byrde, både personleg og økonomisk.

Målet for prosjektet Trygg ortopedi er å identifisere tiltak, basert på saker i NPE, som kan redusere talet på pasientskader knytt til ortopedisk behandling i Helse Vest.

Måling av effekt

For å kunne måle effekten av tiltaka er det valgt diagnosar, prosedyrar og utfall/resultat som blir registrererte i dei nasjonale ortopediske kvalitetsregistera (leddprotese, hoftebrot og korsband). Kvalitetsregistera blir på denne måten datakilde for målingane i prosjektet.