Samval
Pasienten skal oppleve openheit, respekt og medverknad i val av behandling og korleis denne skal gjennomførast.
Samval er ein prosess der behandlaren saman med pasienten kjem fram til og tek avgjersler om kva for nokre undersøkinger som skal gjerast og kva behandlingsmetodar som skal brukast.
Det er særleg viktig å leggje til rette for samval i medisinske og helsefaglege avgjersler som inneber val mellom fleire tilgjengelege og forsvarlege behandlingsalternativ og der pasienten sine eigne prioriteringar er viktige.
Gjennom samval skal pasienten få tilstrekkjeleg, presis og relevant informasjon om kva ulike utgreiings- og behandlingsalternativ betyr, slik at pasienten blir sett i stand til å vurdere og ta del i avgjerder om behandling.
Samval betyr ikkje at pasienten alltid skal få sitt ønske etterkome. Helsehjelpa skal vere forsvarleg og behandlinga må vere innanfor det tilbodet som finst i helsetenesta.
Samvalprosessen skal likevel gi helsepersonell kunnskap om kva som er viktig for pasienten og bidra til behandling som tek omsyn til livssituasjonen til pasienten.
Samval er tema i utdanning. Eit eksempel er læringsmåla for den nye spesialistutdanninga for legar, der fleire læringsmål omhandlar samval. Samval er også omtalt i fleire retningslinjer for utdanningar som for eksempel medisinutdanninga, radiografutdanninga, i fysioterapiutdanninga og i sjukepleieutdanninga.
Det er elles ønskjeleg at helseføretaka utviklar og tek i bruk undervisningsopplegg og kurspakkar i samval.
Kurs og informasjon om samval vil bli lagt på nettstadene til helseføretaka.
I forbindelse med samval kan ulike kan verktøy vere gode verkemiddel. Eit verktøy for samval er kunnskapsbaserte hjelpemiddel som er laga for å støtte pasientar med å delta i avgjersler og gjere dei i stand til å ta spesifikke og informerte val mellom ulike behandlingsalternativ.
Det er til særleg hjelp når det finst fleire alternativ og ikkje berre ein definert beste praksis. Verktøya hjelper pasient og pårørande å bli kjende med ulike valmogelegheiter, mogleg resultat og risiko ved behandlinga og kan bidra til auka bevisstgjering rundt eigne verdiar og preferansar.
Verktøy for samval kan brukast før, under og etter ein konsultasjon og skal bidra til at pasienten får relevant og påliteleg informasjon om helseproblema og alle valmoglegheitene som finst.
Verktøya blir lagde ut på Helsenorge når dei er klare. Dei er utarbeidde i tråd med nasjonale kvalitetskriterium. Det er også utvikla mal/rettleiar for korleis slike verktøy kan utviklast, mellom anna ved Samvalgssenteret ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN).
Dei regionale helseføretaka har etablert eit felles prosjekt for å auke bruk av samval og verktøy for samval og stimulere til utvikling av fleire liknande verktøy.
Sjå informasjon til pasienten på Helsenorge
Du vil også finne informasjon om samval på nettsidene til sjukehusa våre.
Samval og det å leggje til rette for samval er omtalt i oppdragsdokumenta til dei regionale helseføretaka ved fleire høve.
I Nasjonal helse- og sykehusplan (2016-2019) er den norske definisjonen omtalt:
Ved samval samarbeider pasient og helsepersonell om å ta avgjersler om utgreiing, behandling og oppfølging. Pasienten får støtte til å vurdere alternativa, ut fra beste tilgjengelege kunnskap om fordeler og ulemper, og til å utforske eigne verdiar og preferansar og dermed kunne ta eit informert val.
Det er også omtalt i Nasjonal helse- og sykehusplan 2020-2023
Foto toppbilde: Helse Bergen