Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Miljøforhold

Spesialisthelsetenesta har i fleire år arbeidd systematisk med klima- og miljøområdet, og alle regionale helseføretak og helseføretak har vore sertifisert etter ISO standard 14001.

Sertifisering blei valfritt då spesialisthelsetenesta vedtok felles mål for klima og miljø og utarbeidde eit eige rammeverk for klima og miljø, som no blir erstatta av rammeverk for samfunnsansvar.

Helseføretaket er ansvarleg for at det blir arbeidd systematisk med miljøleiing i linjeleiinga i samsvar med systematikken i ISO 14001.

Forbetringssystematikken i ISO 14001-standarden skal førast vidare og integrerast i ordinær verksemdsstyring i helseføretaka. Helseføretaka vurdera sjølv om det er formålstenleg å gjennomføra tredjepartsrevisjon av miljøleiingssystemet med eksternt revisjonsselskap.

Helsetenesteassosierte infeksjonar (HAI) er komplikasjonar som følgje av alle typar sjukehusinnleggingar. HAI påfører pasientar ekstra lidingar og er ressurskrevjande for sjukehusdrift, mellom anna relatert til ekstra liggjedøgn og ekstra bruk av antibiotika. Ein stor del av HAI kan førebyggjast. Redusert HAI vil bidra til redusert forbruk som igjen bidreg til reduserte utslepp. Redusert HAI er allereie eit godt innarbeidd mål i sjukehusdrift og blir målt to gonger årleg.

Delmålet er valt for å kopla klima- og miljøarbeid til kjerneoppgåva i sjukehusdrift, pasientbehandlinga. Delmålet involverer dermed alle medarbeidarar som arbeider med pasientar.

Energiforbruk i sjukehus er den største enkeltfaktoren av direkte utslepp.

Med ein europeisk energimarknad er det ikkje lenger slik at straumen i stikkontakten er rein vasskraft. Det betyr at eit av dei viktigaste bidraga til klimagassreduksjon for sjukehusa blir å redusera forbruk av energi. Gjenvinningskraft blir vurdert som eit vesentleg betre alternativ for å redusera utslepp frå sjukehusdrift enn å kjøpa opphavssertifikat for straum. Gjenvinningskraft vil potensielt bidra til å redusera utslepp frå energiforbruk med 40 prosent.

Digital heimeoppfølging kan bidra til eit meir differensiert og tilpassa tenestetilbod, og betre ressursutnytting. Innovative måtar å tilby tenester i sjukehus som samtidig reduserer forbruk i sjukehus. Redusert forbruk inneber redusert utslepp.

Delmålet byggjer på krav gitt frå Helse- og omsorgsdepartementet i oppdragsdokumentet til dei fire regionale helseføretaka i 2021. Delmålet er valt for å kopla klima- og miljøarbeid i sjukehus til innovasjon og teknologi.

Målet involverer breitt frå pasientbehandling til utvikling av framtidas sjukehustenester, smarte måtar å arbeida på og utnytting og vidareutvikling av teknologi.

Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjera meir med mindre ressursar. I dag forbruker me mykje meir enn det som er berekraftig for kloden. Til dømes går ein tredel av maten som blir produsert bort, utan å bli eten.

Av indirekte utslepp viser berekningar gjennomførte i Helse Bergen at «mat» står for 11 prosent. Matavfall er avfall som er organisk nedbrytbart. Matavfall frå sjukehusdrift er i hovudsak knytt til kantine og matforsyning til pasientar og pårørande.

Helseføretaka skal nytta produkt som er produserte på ein måte som vernar pasienten, tilsette på sjukehusa og i leverandørkjeda, og miljøet.

Delmålet omfattar indirekte utslepp frå sjukehusdrifta. Delmålet er retta mot hovudutfordringane; tap av artsmangfald og klimautslepp. Ved å avgrensa helse- og miljøskadelege stoff i produkta og i produksjon, blir utslepp redusert av giftstoff til luft, vatn og jord og gir tryggare produkt til pasientar. Delmålet inneber å nytta anerkjende miljømerke med eit livssyklusperspektiv og å etterspørja produkt utan skadelege stoff i dei pasient- og tilsettenære kategoriane.

Mål om fossilfri verksemd i 2030 inneber isolert sett at alle fossile kjelder til energi i eigne bygg og fossilt drivstoff for eigne køyretøy skal fasast ut i 2030.

Helse Bergen har allereie dette delmålet som mål for verksemda. Meld. St. 13 Klimaplan for 2021-2030 omtaler at det frå 2022 vil bli innført krav som skal sikra nullutslepp i offentlege kjøp av personbilar og letta varebilar. Frå 2025 vil det stillast krav om nullutslepp for bussar.

Pandemien har medført auka digitalisering og kompetanseheving i bruk av digitale møte for medarbeidarar i helseføretaka. For å føra vidare praksis med digitale møte blir det sett mål om å redusera reiseverksemd for medarbeidarar i tenestereise. Redusert reiseverksemd bidreg til ein effektiv arbeidskvardag, og til å redusera kostnader, og utslepp. Helseføretaka skal redusera tenestereiser med bil med 30 prosent og tenestereiser med fly med 40 prosent innan 2030 (referanseår 2019).

Leiarars og medarbeidarars forståing for miljø- og klima er avgjerande for å lykkast med miljøarbeidet/redusera miljøfotavtrykket i helseføretaka.

Leiarar skal ta ansvar for å kontinuerleg førebyggja og redusera miljøpåverknaden frå eiga verksemd. Føretaka skal ha fagleg kompetente og miljømedvitne medarbeidarar.

Sist oppdatert 13.08.2024