Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Utdanningskonferansen 2024

28.
november
2024
2 dagar
  1. 28. nov. 2024, 15:30 - 21:00
  2. 29. nov. 2024, 08:30 - 13:00

Tid og stad

Når

  1. 28. nov. 2024, 15:30 - 21:00
  2. 29. nov. 2024, 08:30 - 13:00

Kvar

Radisson Blu Atlantic Hotel Stavanger

Program og påmelding

Fullt program og detaljer om påmelding kommer.

 

Regionalt samarbeidsorgan for utdanning i Helse Vest arrangerer konferanse 28.-29. november 2024 på Radisson Blu Atlantic Hotel i Stavanger, med fleire dagsaktuelle tema:

  • Vi har ei demografisk utvikling med stadig fleire eldre og pasientar med samansette behov. Samstundes vil det bli mangel på helsepersonell. Både generalist- og spesialistkompetanse er viktig for spesialisthelsetenesta. Er dagens organisering berekraftig, eller står vi føre viktige vegval for tydelegare satsing på generalistkompetanse? Korleis kan vi behalde, rekruttere og utdanne generalistene utan at det skal gå på kostnad av behovet for spesialistkompetanse?
  • Tverrfagleg samarbeid er peika på som ein av løysingane på fleire av utfordringane vi står ovanfor. Kva seier forskinga om tverrfaglege team og korleis kan samarbeid lærast?
  • Kven er framtidas helsepersonell? Kva behov utpeikar seg hos nye generasjonar, og korleis kan utdanningsinstitusjonane og sjukehusa imøtekome desse behova? 

Konferansen startar med registrering og kaffi klokka 15.00, og fagleg program frå klokka 15.30 torsdag. Det er middag om kvelden med utdeling av Helse Vest sin utdanningspris. Konferansen blir avslutta med lunsj klokka 13.00 fredag.

Konferansen er gratis for deltakarane, men kvar enkelt må dekkje reise sjølv.

Det er sett eit tak på 100 deltakarar.

 

Målgruppe: Leiarar og medarbeidarar i føretaka (Stavanger, Fonna, Bergen, Førde og HDS) og utdanningsinstitusjonane (UiS, UiB, HVL og VID) som har ansvar for utdanning, klinisk undervisning og praksis for studentar.

Målsetjing er at konferansen skal bidra med fagleg påfyll samt byggje nettverk på tvers av profesjon, fag og organisasjon.

Utdanningspris

Helse Vest sin utdanningspris blir delt ut under konferansen. Fristen for å sende inn forslag til nominerte kandidatar er fredag 18. oktober.

Forslagsskjema sendast til sekretariatet for samarbeidsorganet (asta.optun@helse-bergen.no ) innan 18. oktober 2024. Forslaga vil bli behandla konfidensielt.

Sjå statuttar for meir informasjon.