Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Vest

Forskning og innovasjon til pasientens beste

Dette forska sjukehusa på i 2023

Hologram, virtuell verkelegheit og robotskannar. I 2023 blei det gjort mykje god og viktig forsking i sjukehusa, der fleire ulike verktøy blei tatt i bruk. Torsdag 30. mai blei rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt for ellevte gong.

Publisert 30.05.2024
Sist oppdatert 18.06.2024
En mann og en kvinne som har sertifikat
Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen og fagdirektør i Helse Vest RHF Bjørn Egil VIkse.

Det er dei regionale helseføretaka som kvart år utarbeidar rapporten, som ein del av årleg melding frå dei regionale helseføretaka til Helse- og omsorgsdepartementet.  

Les heilse rapporten: Forskning og innovasjon til pasientens beste 2023 (PDF)

Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen tok i mot den nasjonale rapporten om forskings- og innovasjonsaktivitetane i helseføretaka i 2023, på eit seminar der også eit utval av prosjekta frå rapporten blei presentert. 

 For regjeringa er forsking og innovasjon ein nøkkel til å møte mange av utfordringane som helsetenestene står overfor. Anten det er nye smittsame sjukdomar, mangel på personell, ventetider eller fleire eldre med samansette lidingar. Klinisk forsking skal bli ein integrert del av all pasientbehandling når det er relevant. Fleire pasientar enn i dag bør få moglegheit til å delta, og fagfolk som ønsker å drive faget sitt framover, bør få støtte, tid og ressursar til dette, seier statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen. 

Gjenbruk på sitt beste 

Viktigheita av ny teknologi og digitale verktøy i spesialisthelsetenesta aukar i rekordfart.  Digitalisering er eit av områda som blir prioritert også innan forsking og innovasjon, og fleire av prosjekta i rapporten handlar om korleis vi kan jobbe smartare. 

Eit av desse prosjekta finn vi ved Haukeland universitetssjukehus, som har utvikla ein ny robot som skannar alt kirurgisk utstyr. Roboten registrerer blant anna når instrumentet sist blei vedlikehaldet, kor mange gonger det kan bli brukt før ny service, om det er feil ved utstyret som gjer at det må bli reparert og kor sakna utstyr blei brukt førre gong. Roboten bidrar til at kostbart utstyr får lenger levetid og er eit godt eksempel på gjenbruk.  

Fleire nye pasientar i kliniske behandlingsstudiar 

Forsking og innovasjon skjer i tett samarbeid med pasientar, pårørande og helsepersonell. I 2023 blei det inkludert 22 506 nye pasientar til 506 studiar i spesialisthelsetenesta. Talet nye inkluderte pasientar har auka med 63 prosent sidan 2019.  

Bord

– Deltaking i kliniske behandlingsstudiar gir betre kvalitet på behandlinga, og det er gledeleg å sjå at talet nye inkluderte pasientar aukar, seier fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse.  

I 2023 blei det tildelt 282 millionar til kliniske behandlingsstudiar.  

Satsar på psykisk helse 

I årets rapport har forskarane også svart på kva diagnosar dei forskar på innan psykisk helse, for første gong. Tidlegare har dei berre svart om dei forskar på psykisk helse eller ikkje.  

bilde av mann i blå skjorte

Foto: Jorunn Busk

Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF

Blant diagnosane dei har forska på, finn vi komorbiditet psykiske og somatiske lidingar, psykoselidingar, stemningslidingar, ADHD, nevroutviklingsforstyrringar, spiseforstyrringar og anna forsking på psykisk helse. 

Ved Nordlandssykehuset har dei tatt i bruk virtuell verkelegheit i behandlinga av angst. I behandlinga blir pasienten eksponert for angstframkallande situasjonar, og dei skal løyse oppgåver i trygge omgivnadar, mens dei har på seg VR-briller. 

– Psykisk helse er eit viktig satsingsområde og utgjer det neste største området i tildeling av forskingsmidlar frå dei regionale helseføretaka. Rapporten viser at det skjer mykje spennande på feltet, som vil kome pasientane til gode, avsluttar Vikse. 

Nasjonal forskning og innovasjonsrapport

    Nasjonal forskning og innovasjonsrapport