Retningslinjer for karrierestipend
Samarbeidsorganet skal årleg vurdere tildeling av karrierestipend for forskar under 45 år (født 1976 eller seinare). Formålet er å leggje til rette for at yngre framifrå forskarar kan byggje opp eigne forskingsmiljø. Karrierestipend er neste trinn på karrierestigen etter postdoktor- og/eller forskarperiodar og stiller høge krav til sjølvstende. Karrierestipendet kan ikkje overførast til andre.
Page in English
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent stilling) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsette ved universitet og høgskular i regionen, og private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon. Sjå Kven kan søkje forskingsmidlar.
Ved eventuell tildeling
Ved tildeling av karrierestipend frå Helse Vest skal personar finansierte av forskingsmidlane tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkjarinstitusjon»).
Dersom det skjer endringar i tilsettingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden (jf. "Formål og kriterium"), er det søkjarinstitusjonen som har det avgjerande ordet om ansvarleg institusjon for prosjektet skal bli endra. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.
Brukarmedverknad i forsking
Alle som får Helse Vest sine forskingmidlar, skal ta kurs i brukermedverknad i forsking. Les meir om brukermedverknad i Helse Vest.
Krav til søknad
Det vil bli stilt ekstra sterke krav til søknadar innanfor denne kategorien. Kandidatar må ha vist evner til sjølvstende og det vil bli lagt vekt på om søkjaren vil vere i stand til å byggje opp sitt eige forskingsmiljø i løpet av prosjektperioden. Dette må komme tydeleg fram i søknaden.
Kva kan det søkjast om
Total kostnadsramme er for tida inntil 2,3 millionar kroner per år i 3 år og inntil 1,2 millionar kroner det siste året. Tildelinga skal brukast til løn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.
Karrierestipendet skal dekkje løn til eiga stilling (fire år, 100 prosent), eit tilhøyrande stipend (doktorgrads- eller postdoktorstipend tre år, 100 prosent), og ekstra driftsmidlar.
Dersom søkjaren ønskjer å bli vurdert i kategorien postdoktorstipend eller som eit vanleg fleirårig prosjekt i tilfelle søknaden om karrierestipend ikkje når opp i konkurransen, må det sendast inn separate søknadar. Budsjett og prosjektframstilling må i så fall bli tilpassa den enkelte søknadskategori.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastes opp to vedlegg: