Retningslinjer for kliniske forskarstipend
Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Ein vesentleg del av midlane skal gå til forskarutdanning og bygging av forskingskompetanse. Kliniske studiar er ei prioritert oppgåve i spesialisthelsetenesta. Samarbeidsorganet vil tildele kliniske forskarstipend til forskarar tilsett i klinisk verksemd. Kliniske forskarstipend skal stimulere og styrkje utvikling av klinisk forsking i det medisinske fagmiljøet i regionen. Kliniske forskarstipend kan også nyttast i pågåande kliniske behandlingsstudiar
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Søkjar må vere tilsett ved eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon i regionen og ha si stilling i klinisk eller paraklinisk verksemd i minst 50 prosent stilling. Søkjar må ha helseprofesjonsutdanning og vere helsepersonell med autorisasjon etter helsepersonellova.
Søkjar må ha avlagt doktorgrad og gjennomført minimum ein periode som postdoktor, eller vore aktiv i forsking i ein tilsvarande periode etter avlagt ph.d.-grad.
Stipenda er personlege og kan ikkje overførast til andre. Søkjarar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.
Kva kan det søkjast om
Klinisk forskarstipend skal dekke løn til eiga stilling (postdoktorstipendsats) og ekstra driftsmidlar. Tildelinga skal nyttast til løn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet. Total kostnadsramme er p.t. 1,35 millionar kroner per år i 1-3 år.
Dersom søkjaren ønskjer å bli vurdert i kategorien postdoktorstipend eller som eit vanleg fleirårig prosjekt i tilfelle søknaden om klinisk forskarstipend ikkje når opp i konkurransen, må det sendast inn separate søknadar. Budsjett og prosjektframstilling må i så fall bli tilpassa kvar enkelt søknadskategori.
Ved eventuell tildeling
Ved tildeling av klinisk forskarstipend frå Helse Vest skal kandidaten tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkarinstitusjon»).
Klinisk forskarstipend kan søkjast for eitt til tre år (100 prosent stilling). Stipend kan takast ut i anten 50 eller 100 prosent stilling (utbetaling av stipendet vil følgje dette). Ved ønske om å gjennomføre stipendet i 50 prosent, skal dette kombinerast med den kliniske stillinga.
Forskarar som får Helse Vests forskingsmidlar, skal gjennomføre kurs i brukarmedverknad. Tilsette i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom læringsportalen.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden. Andre vedlegg enn det som er lista nedanfor, skal ikkje leggjast ved søknaden:
Revidert juni 2024