Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Uønskt variasjon og prioritering

Framleis er det slik at kva spesialisthelsetenester pasientar får, i mange tilfelle kan vere avhengig av kvar dei bur. Helsetenesta gjer ulike vurderingar av like tilstandar. Dette fører til uønskt variasjon i ei teneste som har likskap som ein grunnlegjande verdi. Korleis kan ein redusere uønskt variasjon?

Spesialisthelsetenesta manglar ressursar til å levere helsetenester av optimal kvalitet på alle områder. Det er risiko for uønskt variasjon og at prioriteringane ikkje er gode nok. 

Vi må arbeide systematisk med prioritering på alle nivå i tenesta for å sikre effektiv bruk av ressursane til fellesskapet, best mogleg bruk av kompetansen til personellet, og for å unngå overdiagnostikk og overbehandling.

Helse Vest skal utvikle eit rammeverk og verktøy for dette, slik at kliniske leiarar og medarbeiarar blir sett i stand til å identifisere uønskt variasjon og gjere gode prioriteringer.  

Kve er uønskt variasjon?

​Variasjon i bruk av helsetenester blir omtalt som uønskt dersom han ikkje kan forklarast med forskjellar i vanhelse, pasientpreferansar eller tilfeldig variasjon. Uønskt variasjon i ​bruk av helsetenester utfordrar prinsippet om likeverdig behandling og kan vere uttrykk for underbehandling, overbehandling eller feilbehandling.​

Målet med arbeidet er å utvikle eit rammeverk og verktøy, slik at kliniske leiarar og medarbeiarar blir sett i stand til å identifisere uønskt variasjon og gjere gode prioriteringer.  
Sist oppdatert 04.07.2024