
Helsetenester til 1,1 millionar innbyggjarar
Helse Vest RHF eig fem helseføretak, og er eitt av dei fire regionale helseføretaka som har ansvaret for spesialisthelsetenesta i Noreg.
Helse Vest RHF eig fem helseføretak, og er eitt av dei fire regionale helseføretaka som har ansvaret for spesialisthelsetenesta i Noreg.
Helse Vest RHF har inngått langsiktige avtalar med ei rekkje private leverandørar.
Per 31. desember 2024 har Helse Vest driftsavtalar med 231 avtalespesialistar, innanfor somatikk og psykisk helsevern. Desse fekk driftstilskot frå Helse Vest RHF.
I tillegg hadde det regionale helseføretaket driftsavtale med sju private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, fem private rusinstitusjonar og åtte private rehabiliteringsinstitusjonar i vår region, og to private leverandørar innanfor kirurgi, røntgen og laboratorium.
Helse Vest RHF lys årleg ut midlar for å stimulere til innovasjon og auka berekraft i
helsetenesta. I 2024 starta 25 nye innovasjonsprosjekt på bakgrunn av tildelinga av 18 millionar frå Helse Vest RHF i desember 2023. Samla hadde kring 50 innovasjonsprosjekt i føretaksgruppa finansiering frå Helse Vest RHF i 2024. Totalt fakturerte alle prosjekta Helse Vest RHF for 14,3 millionar i 2024.
Føretaksgruppa, samla sett, har i 2024 brukt 1039 millionar på forsking, der 162 millionar er finansiert av øyremerka tilskot fra Helse- og omsorgsdepartementet, 205 millionar frå andre og 672 millionar er dekka av basisramma.
Forskinga omfattar i hovudsak klinisk forsking. I tillegg til dei øyremerka forskingsmidlane frå Helse Vest, har helseføretaka finansiert kostnader til forsking over basisramma, og dei har mottatt gåver og tilskot frå andre kjelder til forskingsføremål.
76 prosent av medarbeidarane ved sjukehusa og institusjonane i helseregionen er kvinner. I enkelte yrkesgrupper er kvinnedelen spesielt stor, mellom anna blant sjukepleiarar, hjelpepleiarar og reinhaldspersonale.
Av 106 styremedlemmar i føretaksgruppa er 59 kvinner og 47 menn. Når det gjeld toppleiarar er det ei fordeling på 47 prosent kvinner og 53 prosent menn.
Tal frå 2024 viser om lag 23,4 prosent av medarbeidarane i sjukehusa er ikkje-norske statsborgarar. Helse Vest legg til rette for likestilling, sikre like moglegheiter og rettar og å hindre diskriminering. Leiarar på alle nivå har eit særskilt ansvar for at likestillingslova og diskrimineringslova blir følgd.