Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest
Lege med virtuell data

Datastrategi for Helse Vest

Strategien setter retning for en informasjonsforvaltning som støtter ambisjonene våre​. Strategien setter felles mål for hva vi skal prioritere og hvordan vi skal håndtere og dele data, slik at vi kan bidra til å gjøre helsesektoren mer sammenhengende, brukervennlig, og effektiv.

Visjon

Som ei datadriven verksemd, utnyttar vi verdien av dataa våre til å ta gode og trygge avgjerder og bruke ressursane våre på ein berekraftig måte - til det beste for pasientar og pårørande, medarbeidarar og helsetenesta.

Målsetjing

Gjennom å forbetre korleis vi jobbar med data, legg vi til rette for enklare tilgang til informasjon, redusert registreringsbelastning, forbetra samhandling, redusert risiko, meir effektive tenester og betre bruk av data.

Formålet med datastrategien er å oppnå strategiske mål i DigitaliseringsstrategienRegional utviklingsplan og Nasjonal e-helsestrategi for helse- og omsorgssektoren.

I tillegg ser vi ulike drivarar som påverkar korleis vi må jobbe med data framover:

  1. Helsesektoren blir utfordra av auka krav til datadeling og ny teknologi. Teknologien kan berre gi nytte dersom vi har nok data med god og kjend kvalitet
  2. EU-regelverk som Felles europeisk helsedataområde (EHDS)og KI-forordningen, og nasjonal lovgiving som datadelingslova og dataforvaltningslova er døme på regelverk med auka krav på dette området.
  3. Endra trusselbilete og erfaringar frå pandemien stiller auka krav til god beredskap. Dette gjeld også tilgang til data og informasjon.

Strategien er bygd på overordna føringar

Datastrategien gir retning for korleis vi skal handtere data og informasjon i Helse Vest. Den byggjer på føringar frå overordna strategiar som Strategi for digitaliseringRegional utviklingsplan, og Nasjonal e-helsestrategi for helse- og omsorgssektoren. Strategien støttar mellom anna ambisjonane i digitaliseringsstrategien om betre informasjonsflyt og meir effektive tenester. Gjennom å prioritere grunnsteinar som betre oversikt over data og dataforvaltning vil strategien bidra til å få på plass viktige brikker for å støtte desse ambisjonane. 

Strategien set retning for ei informasjonsforvaltning som støttar ambisjonane våre

Formålet med datastrategien er å beskrive korleis vi kan bruke data for å støtte opp om våre viktigaste mål, og gi styringsstrukturen for digitalisering ei retning for å utvikle informasjonsforvaltninga for å kunne levere på dette. Strategien set felles mål for kva vi skal prioritere og korleis vi skal handtere og dele data, slik at vi kan bidra til å gjere helsesektoren meir samanhengande, brukarvennleg, og effektiv.

Vi må prioritere det grunnleggjande

Strategien gir ei oversikt over utfordringane vi står overfor i dag og prioriterer kva det er viktig å satse på framover gjennom å peike på prioriterte innsatsområde. Innsatsområda er grunnleggjande byggjesteinar som vi ikkje har god nok kontroll på i dag, men som er viktige for å løyse større utfordringar. Automatisert datafangst, forbetra forvaltning av grunndata for å støtte raskare IKT-leveransar, og betre støtte til analyse, forsking og kunstig intelligens (KI) er døme på initiativ som vil bli lettare å levere på når vi gjennomfører dei prioriterte innsatsområda. 

Strategi løyser ikkje alt

Strategien er ikkje ein detaljert handlingsplan med ei konkret tidslinje og måleindikatorar. Den gir ei overordna retning og peikar på forslag til vidare aktivitetar, men ingen utfordringar blir berre løyste ved å ha ein datastrategi. Det må prioriterast tiltak gjennom vegkart, handlingsplanar og oppdrag som støttar operasjonalisering. Vidare oppfølging er beskriven i kapittelet “Frå strategi til handling”.

 

 

Bedre bruk og deling av data er nødvendig for økt effektivitet og innovasjon i Helse Vest

 

Høge forventningar og nye moglegheiter

Helsesektoren står overfor aukande krav til deling, openheit og samarbeid for å skape samanhengande helsetenester. Pasientar ønskjer å delta aktivt i eiga behandling og forventar tilgang til oppdatert helseinformasjon. ​

Ny teknologi som kunstig intelligens gir moglegheit for effektivisering og betre avgjerdsstøtte, men teknologien kan berre gi nytte dersom vi har nok data med god og kjend kvalitet tilgjengeleg.

Regulatoriske utfordringar og auka lovkrav

Dagens regelverk gjer det utfordrande å dele data på tvers av aktørar, spesielt når det gjeld sekundærbruk av data til forsking og avgjerdsstøtte. Samtidig stiller nye lover og regelverk auka krav både til deling og tilgjengeleggjering av data og til tryggleik og kontroll over helseopplysningar. EU-regelverk som EHDS og KI-forordninga, og nasjonal lovgiving som datadelingslova og dataforvaltningslova er døme på regelverk med auka krav på dette området.

Tryggleik og beredskap

Helsetenesta står overfor ein aukande trussel frå cyberangrep. Derfor er det viktig å ha ei aktiv forvaltning av dataa våre. Mangel på oversikt over data kan auke risikoen for datalekkasjar og personvernbrot. Dagens trusselbilete og erfaringar frå pandemien viser at det er viktig med god beredskap, også når det gjeld tilgang til data og informasjon  

Helse Vest har som mål å auke effektiviteten, redusere belastninga på helsepersonell og støtte samanhengande helsetenester. Tilgang til og bruk av data er viktig for å nå desse måla, men vi møter fleire utfordringar på grunn av korleis dataa våre er organiserte og forvalta.

Manglande oversikt og forvaltningspraksis

I dag er dataa våre spreidd i mange ulike system utan at vi har ei samla oversikt over kva data vi har og kvar dei er. I tillegg kan dei vere vanskeleg å vite korleis dei er uttrykte. Vi har ein avgrensa og variert praksis for forvaltning av dataa våre, med uklare roller og ansvar. I tillegg er vi avhengige av leverandørar med lukka løysingar, som hemmar effektiv deling og gjenbruk av data. 

Konsekvensar for effektivitet og databruk

Til saman gjer dette det utfordrande å gi helsepersonell enkel tilgang til rett informasjon og støtte behova deira for effektiv dataregistrering. Det reduserer moglegheita for effektiv deling av data og svekkjer gjennomføringskrafta i digitaliseringsarbeidet. Vi ser også at det påverkar vår evne til å bruke data til forsking og analyse, som kunne ha styrkt avgjerdsgrunnlaget vårt.

Vegen vidare 

Sterke fagmiljø med erfaring frå nasjonale prosjekt gir oss eit godt utgangspunkt for forbetring. Teknologiar som opne API-er og moderne datakatalogar kan saman med opne standardar gi betre datadeling og oversikt. For å utnytte desse moglegheitene må vi styrkje kompetansen vår, stille tydelege krav til leverandørar, og forbetre dataforvaltninga. I tillegg vil det vere utfordringar vi ikkje vil klare å løyse åleine, der vi må satse på samarbeid nasjonalt, interregionalt og internasjonalt. ​

Dette dannar grunnlaget for dei fem innsatsområda som strategien prioriterer.

 

Innsatsområde

Nytte

Datastrategien prioriterer grunnleggjande byggjesteinar som er viktige for å løyse større utfordringar. Desse innsatsområda vil gjere det lettare å finne, dele og gjenbruke data av god kvalitet på ein trygg måte.

 

Gjennom dette vil vi kunne oppnå:

  1. enklare datadeling for å støtte samanhengande helsetenester og pasientinvolvering
  2. auka kvalitet i tenestene og støtte til innovasjon og forsking
  3. redusert registreringsbelastning og raskare tilgang til informasjon
  4. meir effektive IKT-prosessar og lågare kostnad
  5. redusert risiko for feil i pasientbehandling og personvern- og informasjonstryggleik brot

 

Korleis strategien kan levere nytte

Deling av informasjon er viktig for samanhengande helsetenester og pasientinvolvering. Pasienten må ha tilgang til eigen relevant helseinformasjon for å delta aktivt i eige pasientforløp.
 
Oversikt over data vil gjere det lettare å dele data fordi vi veit kva data vi har kvar. Ved å samarbeide nasjonalt om å utvikle og ta i bruk standardar, og stille krav til leverandørar om å bruke standardane og tilby opne API, vil det bli enklare å støtte samanhengande tenester.

Registreringsbelastning gjer at mindre tid er tilgjengeleg til pasientbehandling. Gjenbruk, deling og automatisk fangst av
data kan bidra til å frigjere denne tida til andre oppgåver, samtidig som nødvendig dokumentasjon blir vareteken.
 
Oversikt over data og dataforvaltning med tydelege roller og ansvar vil gjere det lettare å følgje opp behov om deling og gjenbruk av data. Godt samarbeid om bruk av standardar vil bidra til enklare informasjonsflyt mellom omsorgsnivå som kan redusere behovet for manuelle registreringar. 
 

Helsesektoren har store IT-utgifter, spesielt knytt til integrasjonar og
datautveksling. Kostnadene aukar når vi manglar standardisering og det er uklart kven som har ansvar for å følgje opp databehov.
 
Standardisering nasjonalt, oversikt over eigne data og forbetra dataforvaltning gjer det enklare å finne, dele og gjenbruke data. Saman med krav til leverandørar om bruk av opne standardar og felles informasjonsmodellar vil dette forenkle integrasjonsarbeid og bidra til meir effektive IKT-leveransar. 

Den nasjonale ambisjonen er å bruke data for å oppnå betre ressursutnytting, auke kvalitet i tenestene, og støtte innovasjon og forsking. Dette krev oversikt over tilgjengelege data, god datakvalitet, kunnskap om bruken og ein infrastruktur som gjer dei tilgjengelege.
 
Oversikt over data gjer det enklare å finne data til analysar, forsking og avgjerdsstøtte. Gjennom god dataforvaltning kan vi få meir pålitelege data og metadata, og moderne infrastruktur og samarbeid om tilgjengeleggjering av data kan bidra til tilgang på større datamengder. 

Helsesektoren må ha tilliten til innbyggjarane. Derfor er det viktig å sørgje for at informasjonen vår er sikker, til å stole på og at personvern og pasienttryggleik er vareteken. Prosessane, systema og tenestene våre må vere transparente og i tråd med lovverket.
 
Oversikt over data gjer det enklare å følgje opp informasjonstryggleik og personvern. Rett bruk av data bidreg til redusert risiko for feil i pasientbehandling. God dataforvaltning støttar god datakvalitet og korrekt handtering av sensitive data. Krav til leverandørar bidreg
til at vi lettare kan vareta personvern og informasjonstryggleik og overhalde regelverk. 

 

Felles ansvar

Oppfølging av datastrategien er ikkje avgrensa til eitt område eller funksjon, men må følgjast opp av ulike delar av verksemda.

Områda i styringsstrukturen må ta ansvar for prioriteringar, finansiering, kapasitet og gjennomføring av tiltak på eige område. Mandat må bli oppdaterte for å inkludere ansvar for informasjonsforvaltninga i området.

Føretaka må ta ansvar for operativ forvaltning av eigne data etter kvart som ho blir etablert og forbetra gjennom tiltak i områda i styringsstrukturen.

Helse Vest IKT må støtte gjennom å byggje kompetanse, støtte prosessar og bidra med verktøystøtte innan datakvalitet, informasjonsarkitektur og grunndataforvaltning. 

Arkitektur- og datastyring vil leie arbeidet med å etablere overordna føringar og rammar og følgje opp etterleving av desse. For tiltak i områda vil Arkitektur- og datastyring bidra med rettleiing, rådgiving, koordinering og som samarbeidspartnarar. I tillegg ligg ansvaret for å sikre heilskap i operasjonaliseringa av dei strategiske innsatsområda på tvers av styringsstrukturen hos Arkitektur- og datastyring.

Sist oppdatert 22.01.2025