Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

MEDARBEIDARAR OG KOMPETANSE

Hovudmål 2: Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon

Medarbeidarane er den viktigaste ressursen i Helse Vest. Vi må derfor ha ei leiing og ein organisasjon som er attraktiv for nye medarbeidarar, og som legg til rette for at dei utviklar og bruker kompetansen og kapasiteten sin best mogleg. Dei skal meistre jobben sin, og kommunisere godt med pasientane.

Et par kvinner i scrubs

Vi skal ha eit godt arbeidsmiljø, der systematisk arbeid med HMS, kompetanse og pasientsikkerheit underbyggjer kvarandre, og gir trygge rammer både for medarbeidarane og pasientane. Det er gjennom samspelet mellom medarbeidarar og leiarar, individuell handlekraft og tilliten den enkelte skaper, det blir mogleg å få til det ekstraordinære som ein del av det ordinære.

Dagens situasjon og utfordringar

Medarbeidarane liker arbeidsstaden sin, og er stolte over yrket sitt. Likevel opplever mange utfordringar i jobbkvardagen. Dei er ofte pressa på tid, og fortel at dei ikkje får gitt pasientane god nok oppfølging. I tillegg kan det vere vanskeleg å få tilgang til rett informasjon til rett tid. Medarbeidarane må ofte bruke mykje tid på å samle inn eksisterande informasjon – særleg når pasientane har vore innom andre deler av helsetenesta.

I enkelte tilfelle opplever medarbeidarar at dei ikkje har dei rette kvalifikasjonane. Andre gongar gjer dei oppgåver dei er overkvalifiserte for, eller som er langt utanom avtalt arbeid. 

Vi har òg utfordringar med ugunstige turnusar og stillingsstørrelsar. Samtidig blir tilgangen på nye medarbeidarar med rett kompetanse stadig knappare. Om vi skal nå måla vi set oss, og handtere utfordringane vi står overfor, må vi evne å dra betre nytte av vår viktigaste ressurs – medarbeidarane.

 

Innsatsområder

Strategisk mål

Helse Vest skal rekruttere og utvikle leiarar som kan handtere utfordringane som kjem, og som legg grunnlaget for eit velfungerande arbeidsmiljø der kvar enkelt opplever å vere ein viktig del av heilskapen i Helse Vest. 

Bakgrunn og utfordring

Medarbeidarane skal i strategiperioden bidra i gjennomføringa av store utviklingsløp. Leiarane må derfor kunne involvere medarbeidarane og motivere for kontinuerleg forbetring og resultatoppnåing. Ein av dei viktigaste utviklingsfaktorane er innføring og bruk av nye teknologiske og digitale løysingar. Leiarane må meistre utviklings- og forbetringsløp der teknologi er eit gjennomgåande element. 

Ein stor del av aktiviteten i spesialisthelsetenesta skjer i samband med pasientar med fleire sjukdomar og lidingar. Samtidig blir spesialiseringane fleire og meir avgrensa. Det gjer at pasientforløpa vil involvere stadig fleire behandlarar og fagområde. I tillegg skapar nye og kostbare medisinar og metodar behov for tydelege og gode prioriteringar. 

God kommunikasjon ligg til grunn for god leiing. Leiarane har ansvar for heilskapen i verksemda, og må handtere utfordrande situasjonar gjennom dialog og relasjonsbygging. Leiarane må også kunne prioritere, og kommunisere prioriteringane på ein tydeleg og formålstenleg måte. Sjølvinnsikt er òg ein viktig eigenskap, som saman med eit reelt ønske om å utvikle seg som leiar skal bidra til eit velfungerande arbeidsmiljø der kvar enkelt opplever å vere ein viktig del av heilskapen i Helse Vest 

Forventningane til leiarane aukar. Ivaretaking og oppfølging av og støtte til leiarane er derfor ei viktig oppgåve og ein nødvendig del av leiarskapet. 

Utviklingsretning

Vi må løyse ei rekkje utfordringar for å kunne levere gode nok helsetenester i tilstrekkeleg omfang i tida framover. Då er god og tydeleg leiing ein nøkkelfaktor. 

Mange av dei store utfordringane må løysast tverrfagleg i nettverk og team. I nær framtid skal vi òg yte tenestene på ein annan måte enn i dag. Nye virtuelle tenester gjer det mogleg å utvikle virtuelle team på tvers av einingane og sjukehusa, men det krev ein annan kultur og ei anna type leiing enn før. Ein stor del av leiarane siner oppgåver er derfor å motivere og leggje til rette for å ta inn ny teknologi, og å integrere forsking og innovasjon som ein tydelegare del av den kliniske verksemda.

Leiarane skal ha ei heilskapleg forståing av korleis profesjonane speler saman, og dei må koordinere og skape arenaer for samhandling i og utanfor Helse Vest. Vår felles helseteneste krev at vi jobbar tettare saman, og leiarane må evne å skape samhald og byggje gode team. 

 

Strategisk mål

Medarbeidarane i Helse Vest skal ha eit godt arbeidsmiljø. Dei skal vere stolte av yrket sitt og ha kompetanse og evne til å handtere framtidig spesialisering og nye oppgåver. 

Bakgrunn og utfordring

Spesialisthelsetenesta må kunne handtere nye oppgåver og utfordringar. Mange oppgåver skal løysast på tvers av tradisjonelle faglege og organisatoriske grenser, både i team og nettverk. Samtidig blir det meir spesialisering. Det vil seie at den enkelte medarbeidaren må ha evne og vilje til utvikling og samspel.

Tilgangen på nye medarbeidarar med rett kompetanse blir stadig knappare. Rekruttering er derfor ei stor og stadig aukande utfordring. Ekstern turnover skapar òg utfordringar. Samtidig har sjukehusa ei nøkkelrolle i utdanninga av helsepersonell og spesialistar, som vi kan dra meir nytte av. Vi ser store moglegheiter for ytterlegare samvirke og gjensidig nytte mellom utdanningssektoren og eit breitt spekter av aktørar i spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta.

Behovet for fagleg utvikling er stort, men ForBedring-undersøkinga frå 2021 peiker på at vi ikkje alltid legg godt nok til rette for det. Påstanden «Eg har fått utvikla meg fagleg til tross for smitteverntiltaka» fekk ein skår på 62 av 100. Samtidig meiner mange medarbeidarar at vi har utfordringar med det fysiske arbeidsmiljøet. Påstanden «Det er eit godt fysisk arbeidsmiljø her» fekk ein skår på 56 av 100. Likevel er engasjementet høgt og oppslutninga om eigen arbeidsplass god. Med ein skår på 89 av 100, fortel medarbeidarane at «Samla sett er eg godt nøgd med å jobbe her». 

Utviklingsretning

Medarbeidarane i Helse Vest skal ha høg relasjonskompetanse og bidra til godt samspel med kvarandre, pasientane og dei pårørande. God kommunikasjon er avgjerande for godt samarbeid og tryggleik, og for å gi pasientane best mogleg behandling. Kunnskap om rettleiing og undervisning, i tillegg til samhandling med primærhelsetenesta, vil få meir å seie når vi skal utvikle kompetansen til medarbeidarane. Utdanning, kompetanseutvikling og forsking rundt nye kompetanseområde skal skje i tett samarbeid mellom utdanningssektoren og eit breitt spekter av aktørar i spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta. 

I planperioden vil spesialisthelsetenesta på Vestlandet møte store utfordringar og krav om nye måtar å jobbe på. Medarbeidarane våre skal møte dette med nye verktøy, nye metodar og prosessar, ny organisering og endra oppgåvedeling. I Helse Vest skal det råde ein kultur som legg til rette for og bidreg til kontinuerleg utvikling og forbetring, i godt samspel med medarbeidarane sine representantar. 

Den nasjonale bemanningsmodellen viser at det vil vere stort behov for å rekruttere medarbeidarar i strategiperioden. Vi må derfor halde på medarbeidarane våre, rekruttere folk med rett kompetanse og dra nytte av ulike bakgrunnar, kunnskapar og ferdigheiter. Vi skal òg leggje til rette for fleire heiltidsstillingar, og unngå uønskt deltid.

Dei fire strategiske hovudmål i utviklingsplanen

Sist oppdatert 22.03.2024