Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest
En person som holder en babys hånd med røde prikker på den

Regional plan for risikoområde legemiddel (ROMLE)

Målet er å førebyggje at pasientar døyr eller blir alvorleg skada som følgje av legemiddelbehandling i Helse Vest. Hovudmerksemnda i dette arbeidet ligg på områda der det er størst fare for størst skade – og legemiddel og pasientgrupper som er forbundne med størst risiko.

Legemiddel er ein sentral innsatsfaktor i behandlinga av pasientar og for at dei skal ha størst mogeleg livskvalitet ut frå sine føresetnader. Dessverre skjer det at pasientar i helsetenesta døyr eller blir skada som følgje av legemiddelbehandling. 20 prosent av avviksmeldingane i Helse Vest involverer legemiddel og 20 prosent av pasientskadene er relatert til det.

I Helse Vest er legemiddel løfta fram som eitt av fem risikoområde ein vil følgje med ekstra merksemd og ha styring med risikoen på dei neste åra. Det handlar om at vi kan redde liv og unngå alvorlege skader om vi handterer legemiddel endå betre i helsetenesta. Arbeidet er forankra i Helse Vest sin strategi, Helse 2035, Helse Vest sin utviklingsplan og i Regional plan for kvalitet og pasienttryggleik 2020-2024 der det fremgår at 

Helse Vest arbeider etter å minimere og eliminere feil i samband med legemiddelhandtering.

Innsatsområde

KOMPETANSE

 
Ikon
.
 
Overordna mål og tiltak
Sikre at helsepersonell har tilstrekkeleg kompetanse om risikoområde innanfor legemiddelhandtering.

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Mangelfull kompetanse er ei av rotårsakane til feil på legemiddelområdet. Helse Vest bør difor ha tydelege kompetansekrav på følgjande prioriterte områder:

  • Legemiddelutrekning

  • Bruk av infusjonspumper

  • Handtering av risikolegemiddel

  • Dokumentasjon av legemiddelhandtering i elektronisk kurveløysing

Målgruppe

  • Alt helsepersonell som handterer risikolegemiddel

  • Leiarar på alle nivå som skal implementere kompetansekrava

 

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål

  • Regionale kompetansekrav er utarbeidd

  • Metodikk for måling av tal på einingar som har tatt kompetansekrava i bruk er utarbeidd

Effektmål

Helsepersonell har god kunnskap om legemiddelutrekning, bruk av infusjonspumper, handtering av risikolegemiddel og dokumentasjon av legemiddelhandtering i elektronisk kurveløysing.

 

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve
  • Kartlegge eksisterande sentrale kompetansekrav

  • Utarbeide regionale kompetansekrav for:

  1. Legemiddelutrekning

  2. Bruk av infusjonspumper

  3. Handtering av risikolegemiddel

  4. Dokumentasjon av legemiddelbehandling i elektronisk kurveløysing

  • Etablere metodikk for måling av tal på einingar som har tatt kompetansekrava i bruk

Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Førde

 

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar
  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka

  • Feil dose

  • Feil ved bruk av infusjonspumpe

  • Feil ved legemiddelutrekning

  • Manglande samstemming

  • Ufullstendig eller manglande ordinasjon

  • Manglande dokumentasjon

  • Overføringsfeil

  • Gitt seponert legemiddel

Risikolegemiddel
  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Overgang
  • Eksternt mellom spesialist- og primærhelseteneste

  • Internt i helseføretaka

Pasientgruppe
  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

 
 

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Internasjonale og nasjonale data viser at «feil dose» er forbunde med alvorlege og fatale feil på legemiddelområdet. Gjennomgang av Synergi-meldingar frå eigen region viser at «feil dose» er ei av dei hyppigaste feila på legemiddelområdet i Helse Vest. 

Kjente årsaker til at feil dose blir gitt er mangelfull kompetanse og uklare rutinar. I tillegg er samtidigheitskonfliktar, avbrot og stress kjente faktora.

Målgruppe
  • Primær målgruppe: Sykepleiere som istandgjør legemidler

  • Annet helsepersonell som ønsker å trene på istandgjøring av legemidler

 

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål

Læringsspel som simulerer utrekning og fortynning av legemiddeldosar er utvikla.

Effektmål

Helsepersonell har god kunnskap om utrekning og fortynning av legemiddeldosar

 

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve
  • Gjere risikovurdering for gjennomføring og innføring av tiltaket
  • Utarbeide prototype for spelkonsept med storyline, oppgåver og brukargrensesnitt. Herunder dialog med høgskulane for eventuelt samarbeid mot studentar
  • Spesifisere krav til spel
  • Utvikle spel
  • Utarbeide kommunikasjonspakke for spelet
Ansvarlege
  • Koordineringsteam

  • Koordineringsteam

  • Koordineringsteam

  • HVIKT eller ekstern aktør

  • Koordineringsteam

 

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar
  • Feil dose

  • Feil ved legemiddelutrekning

Risikolegemiddel
  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Pasientgruppe
  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

 

ARBEIDSPROSESSAR

Ikon
.
 
Overordna mål og tiltak
Endre og fornye arbeidsprosessar innan legemiddelområdet som er særleg knytt til auka risiko.

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Nasjonale data og undersøkingar i eigen region på legemiddelområdet viser at det skjer flest uheldige hendingar i forbindelse med at legemidla blir gitt til pasient. Ein god kontroll av kvart enkelt legemiddel mot ordinasjon ved utdeling aukar sannsynlegheita for riktig legemiddel i riktig dose til riktig pasient. Involvering av pasient/pårørende gir ytterlegare sikkerheit. 

Videre utrulling av eindose og legemiddeltraller styrkar behovet for ei regional tilnærming, for å sikre optimal utnytting og unngå dobbeltarbeid.  

Målgruppe
  • Helsepersonell som delar ut legemiddel til pasient

  • Pasientar som får utdelt legemiddel på sykehus

 

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål
  • Beste praksis for utdeling av legemiddel med pasientinvolvering er utarbeidd

  • Spørjeundersøking retta mot aktuelle pasientar og sjukepleiarar er gjennomført

Effektmål

Større grad av sikkerheit ved utdeling av legemiddel

 

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve
  • Kartlegge dagens praksis ved å innhente status og erfaringar frå sjukehusføretaka

  • Utarbeide beste praksis for utdeling av legemiddel med pasientinvolvering som legg til rette for bruk av legemiddeltraller og eindose

  • Gjennomføre spørjeundersøking som kartlegg aktuelle pasientar og sjukepleiarar si oppleving av legemiddelutdeling etter innføring av regional beste praksis

Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Stavanger og Haraldsplass Diakonale Sykehus.

 

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar
  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka

  • Feil dose

  • Feil ved legemiddelutrekning

  • Manglande samstemming

  • Ufullstendig eller manglande ordinasjon

  • Manglande dokumentasjon

  • Gitt seponert legemiddel

Risikolegemiddel
  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Pasientgruppe
  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Prosedyrar for legemiddelsamstemming er etablerte i alle sjukehusføretaka. Samtidig er det uklart kva som er status for innføring, kva variantar av arbeidsprosessar og medhjelparar som er etablerte, og om det finst hindringar som ein må prioritere å løyse regionalt. Det bør etablerast ein felles beste praksis for legemiddelsamstemming i regionen for å sikre effektiv ressursutnytting og best mogleg resultat, samt redusere uønskt variasjon

Målgruppe

Helsepersonell som utfører legemiddelsamstemming og medarbeidarar som jobbar med utvikling og samanstilling av prosedyrar, retningslinjer og styrande dokumentasjon

 

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål
  • Beste praksis for legemiddelsamstemming er utarbeidd, basert på ein kunnskapsbasert tilnærming
  • Status for legemiddelsamstemming i alle sjukehus viser auke frå rapport er tilgjengelig og 12 månader fram i tid
Effektmål
  • Auka grad av legemiddelsamstemming i Helse Vest
  • Legemiddelsamstemming i klinisk praksis bidrar til tryggare og meir effektiv legemiddelbehandling

 

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve
  • Gjere risikovurdering for gjennomføring og innføring av tiltaket
  • Innhente og samanlikne aktuelle prosedyrar frå dei ulike sjukehusføretaka
  • Etablere dialog med PLL-prosjektet
  • Gjennomgå og kvalitetsvurdere aktuell forskningslitteratur på området
  • Samanstille erfaringsbaserte- og forskningsbaserte tiltak for å etablere beste praksis for legemiddelsamstemming i regionen
Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Bergen og Helse Fonna

 

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar
  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka
  • Feil dose
  • Manglande samstemming
  • Ufullstendig eller manglande ordinasjon
  • Manglande dokumentasjon
  • Overføringsfeil
Risikolegemiddel
  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Pasientgruppe
  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

Overgang
  • Eksternt mellom spesialist- og primærhelseteneste

  • Internt i helseføretaka

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Kirurgiske forløp er kjenneteikna av risikofaktorar som overgangar, mange involverte aktørar, bruk av risikolegemiddel og fragmentert IKT-støtte. Data frå Synergi og internrevisjonar viser stort behov for avklaringar knytt til roller og ansvar i desse pasientforløpa.

Målgruppe

Helsepersonell som deltar i behandling av kirurgiske pasientar

 

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål
  • Erfaringar frå kirurgiske forløp i regionen er innhenta og analysert

  • Metodikk for kartlegging av utfordringsbildet og tiltak for avklaring av roller, ansvar og bruk av dokumentasjonsstøtte i kirurgiske forløp ved Stavanger universitetssjukehus er utarbeidde

  • Dokument som viser bruk av metodikk i praksis ved Stavanger universitetssjukehus er utarbeidde

  • Regional metodikk for kartlegging av utfordringsbildet og tiltak for avklaring av roller, ansvar og bruk av dokumentasjonsstøtte i kirurgiske forløp er utarbeidde

Effektmål

Sikrare legemiddelbehandling for kirurgiske pasientar ved overganger innad i sjukehus.

 

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve
  • Innhente og analysere erfaringar frå sjukehusføretak i regionen
  • Utarbeide metodikk for kartlegging av utfordringsbildet og tiltak for avklaring av roller, ansvar og bruk av dokumentasjonsstøtte i kirurgiske forløp
  • Teste og dokumentere bruk av metodikk for Stavanger universitetssjukehus
  • Utarbeide regional metodikk på bakgrunn av erfaringar frå Stavanger universitetssjukehus /Haraldsplass Diakonale Sykehus
Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Stavanger og Haraldsplass Diakonale Sykehus

 

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar
  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka

  • Feil dose

  • Manglande samstemming

  • Ufullstendig eller manglande ordinasjon

  • Manglande dokumentasjon

  • Overføringsfeil

  • Gitt seponert legemiddel

Risikolegemiddel
  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

Pasientgruppe
  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

Overgang
  • Eksternt mellom spesialist- og primærhelseteneste

  • Internt i helseføretaka

 

IKT-STØTTE

Ikon
.

 

Overordna mål og tiltak
Forbetre IKT-støtte til helsepersonell i kritiske ledd i legemiddelhandteringsprosessen (ordinering, gjere i stand, utdeling).

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Internasjonale og nasjonale data viser at «legemiddel ikkje gitt» er forbunde med alvorlege og fatale feil på legemiddelområdet.

Gjennomgang av Synergimeldingar frå eigen region viser at «legemiddel ikkje gitt» er ei av dei hyppigaste feila som skjer på legemiddelområdet i Helse Vest. 

Målgruppe

Helsepersonell som deltar i utdeling av legemiddel

 

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål
  • Risikovurdering av gjennomføring og innføring av tiltak er utførte

  • Mulige løysingar for elektronisk påminnelse skissert

  • Beste løysing for elektronisk påminnelse utviklet

  • Rapport fra elektronisk løysing viser at påminnelsene blir fulgt opp

  • Rapport fra elektronisk løysing viser utvikling i antall påminnelser over tid

Effektmål

Bidra til at legemiddel blir gitt til pasient i samsvar med ordinasjon

 

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve
  • Gjere risikovurdering for gjennomføring og innføring av tiltaket

  • Kartlegge mogelege påminningsløysingar

  • Skissere konsept for påminningsløysing

  • Utarbeide beslutningsgrunnlag for løysing

  • Spesifisere krav til løysing

  • Bestille ønska løysing

  • Utvikle og lansere løysing

Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Koordineringsteam

 

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar
  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka

  • Manglande dokumentasjon

Risikolegemiddel
  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Pasientgruppe
  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

Overgang
  • Internt i helseføretaka

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Fleire regionale undersøkingar viser behov for forbetring av funksjonalitet knytte til dokumentasjon av komplekse ordinasjonar i elektronisk kurveløysing. Komplekse ordinasjonar er til dømes oppstarts-/vedlikehaldsdosar, opp-/nedtrapping og infusjonar beståande av fleire komponentar. Problemstillinga er kjent i Helse Vest, men i den seinare tida har viktigheita av å løfta dette arbeidet vorte understreka.

Målgruppe
  • Legar
  • Anna helsepersonell som dokumenterer ordinasjonar i elektronisk kurveløysing

 

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål

Forbetringar i elektronisk kurve knytt til komplekse ordinasjonar har høg prioritet i vidareutvikling av løysinga

Effektmål

Sikrare og meir effektiv dokumentasjon av komplekse ordinasjonar

 

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve
  • Kartlegge behov og status for pågåande arbeid

  • Formidle funn til ansvarlege organ og avgjerdstakarar

Ansvarlege

 Koordineringsteam

 

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar
  • Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka

  • Feil dose

  • Feil ved legemiddelutrekning

  • Ufullstendig eller manglande ordinasjon

  • Manglande dokumentasjon

  • Overføringsfeil

Risikolegemiddel
  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Pasientgruppe
  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

Overgang
  • Internt i helseføretaka

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Gjennomgang av Synergi-meldingar fra egen region viser at «feil dose» er en av de hyppigst forekommende feil på legemiddelområdet i Helse Vest. Studier på nasjonalt nivå har vist at «feil dose» er assosiert med halvparten av alle fatale feil på legemiddelområdet.

Mengdekalkulator i elektronisk kurveløysing er tilgjengelig i forskrivningsmodulen, men ikkje når ein gjer i stand legemidler.

Målgruppe
  • Helsepersonell som gjer i stand legemiddel

 

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål
  • Risikovurdering av gjennomføring og innføring av tiltak er utførte

  • Eksisterende løysingar for utregning i elektronisk kurve er utredet

  • Mulige løysingar er skissert

  • Ønsket løysing er utviklet

  • Opplevd nytte er undersøkt som del av brukerundersøkinga for elektronisk kurveløysing

Effektmål

Bidra til riktige doseutrekningar når ein lagar til legemiddel

 

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve
  • Gjere risikovurdering for gjennomføring og innføring av tiltaket

  • Vere pådrivar for at innføring av funksjonalitet blir prioritert

  • Utgreie kva løysingar som allereie finst i elektronisk kurve

  • Skissere ønsket løysing for mengdkalkulator

  • Utvikle og lansere mengdkalkulator

Ansvarlege
  • Koordineringsteam
  • KULE

 

KVA for risikoar blir reduserte?

Hendingar
  • Feil dose

  • Feil ved legemiddelutrekning

Risikolegemiddel
  • Opioid

  • Systemisk antibiotika

  • Antikoagulantia

  • Antitrombotika

  • Insulin

  • Kalium

  • Digoksin

  • Lågdose metotreksat

Pasientgruppe
  • Eldre

  • Barn

  • Nyfødde

  • ≥5 legemiddel

 

STYRING OG LEIING

Ikon
.

 

Overordna mål og tiltak
Styre og forbetre legemiddelområdet for å redusere risikoar.

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Det er behov for meir standardisert og strukturert informasjon i Synergi ved uønska hendingar på legemiddelområdet, for enklare å kunne nytte informasjonen i forbetringsarbeidet

Målgruppe
  • Leiarar og medarbeidarar som jobbar med oppfølging av feil på legemiddelområdet

 

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål
  1. Behovet for informasjon frå meldar og saksbehandlar for betre å kunne lære av uønska legemiddelhendingar er utgreidd

  2. Identifiserte behov for endring i Synergi er utgreidd, beslutta og gjennomført

  3. Dashboard for legemiddelhendingar er utvikla og gjort tilgjengeleg for alle føretaka

  4. Informasjons- og opplæringstiltak er utarbeidd

Effektmål

Bedre styring av forbetringsarbeid på legemiddelområdet basert på rapporter fra Synergi

 

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve
  1. Utgreie behov for informasjon frå meldar og saksbehandlar i Synergi for betre å kunne lære av uønska legemiddelhendingar

  2. Utgreie behov og moglegheit for endring i Synergi

  3. Utarbeide beslutningsgrunnlag for endring i Synergi for beslutning i systemeigarmøte

  4. Gjennomføre endringar i Synergi og kommunisere endringane

  5. Utvikle dashboard for legemiddelhendingar og gjere dei tilgjengelege i føretaka

  6. Utarbeide og gjere tilgjengeleg informasjons- og opplæringstiltak

Ansvarlege

Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Bergen (BLEST), i samarbeid med systemansvarlege/-eigarar i Synergi

KVIFOR gjer vi det?

Bakgrunn

Vidareutvikling av risikoområdet legemiddel vil kreve ei mer heilskapleg og proaktiv styring, der organisatoriske, faglege og teknologiske risikoar og tiltak blir styrt samla. 

Det er behov for å utgreie kva ulike aktørar meiner om vidare styring av området og kva overordna som skal til for å redusere risiko for alvorlege hendingar på legemiddelområdet.

Målgruppe

Leiarar med ansvar for styring av risiko i Helse Vest

 

KVA skal vi oppnå?

Resultatmål
  1. Risikovurdering av gjennomføring og innføring av tiltak er utførte

  2. Innsiktsarbeid for å belyse behov for styring og vidareutvikling er utført

  3. Diskusjonsgrunnlag presentert for fagdirektør- og direktørmøtet

Effektmål

Heilskapleg og proaktiv styring av risikoområde legemiddel gir auka pasienttryggleik i Helse Vest

 

KORLEIS gjer vi det?

Oppgåve
  1. Gjere risikovurdering for gjennomføring og innføring av tiltaket

  2. Utføre eit innsiktsarbeid for å gi innspel til styringsmodell for risikoområde legemiddel til fagdirektør- og direktørmøtet.

Ansvarlege

Koordineringsteam

Grafisk brukergrensesnitt, tekst, applikasjon
Styringsmodell ROMLE

 

 

Sist oppdatert 29.07.2024