Strategi for digitale helsetenester
Les dokumentet her!
Strategi for digitale helsetenester beskriv tiltak som må gjennomførast for å utnytta potensialet til digitale helsetenester – å forenkla kvardagen til helsepersonellet og bidra til at fleire pasientar kan få god og tilpassa helsehjelp.
Ved utvikling av digitale helsetenester skal prioriteringskriteria for spesialisthelsetenesta blir følgd – nytte, ressursbruk og alvor.
Me må kunna tilføra mest mogleg nytte for flest mogleg pasientar for på den måten å bidra positivt til kapasitetsutfordringane i sjukehusa.
Ei heilskapleg digital helseteneste har komponentar frå alle områda under – kommunikasjon mellom pasient og behandlar, oppfølging basert på informasjon frå pasient, nettbasert behandling og pasientopplæring. Andre tenester slik som legemiddelgjennomgang og samtale om legemiddelbruk kan også vera ein del av dette.
Det er eit stort potensial for å auka bruken, spesielt dersom det blir utvikla meir heilskaplege digitale helsetenester der digital dialog er ein av fleire komponentar. Det har til no vore mest fokus på telefon- og videokonsultasjonar, men det er andre former for meldingsutveksling mellom pasient og behandlar som har mest potensiale for å redusera tidsbruken til helsepersonellet.
Denne hovudgruppa av digitale helsetenester inneber at pasientane kan få tilpassa oppfølging basert på informasjon frå pasienten. Informasjon frå pasient kan vera eigenregistrering ved utfylling av strukturert skjema og datafangst frå det medisinske utstyret til pasienten.
Dette inneber at ein vesentleg del av oppfølginga og behandlinga blir gitt gjennom nettbaserte løysingar basert på ein behandlingsplan. Pasientane slepper dermed møte til like mange vanlege konsultasjonar og kan gjennomføra behandlinga heime når det passar og i samsvar med avtalt plan.
Denne hovudgruppa av digitale helsetenester inneber at pasientar kan få tilgang til digitale opplæringsprogram for meistring av eigen sjukdom. Dette kan vera både rettleidd og ikkje-rettleidd opplæring, og det kan vera både individuell og gruppebasert opplæring.
Med digital plattform siktar ein til dei systemløysingar og tekniske eigenskapar som mogleggjer auka endringsevne, enklare tilgang til data og meir brukarnær tenesteutvikling . Eit døme kan vera at Helse vest har sett som mål at pasientane skal bruka Helsenoreg for å få kontakt med spesialisthelsetenesta og at helsepersonellet vårt skal bruka DIPS som hovudjournal.
Les dokumentet her!