Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest
Tegnet kvinne foran PC

Slik skriv vi klart

Alle vala du tek når du skriv, er med på å gi teksten ein stil og tone. Lange setningar, passivt språk og gammaldagse ord skaper ein avstand mellom den som skriv, og den som les teksten. Her finn du fire retningslinjer for å gjere denne avstanden mindre.

1. Vit kven du skriv til, og kva du vil seie 

For å skrive klart må du tenke gjennom 

  • kven du skriv til 
  • kva dei skal bruke teksten til 

Ta berre med det som er relevant for den som skal lese teksten. Du bør også vere tydeleg på kva du forventar av lesaren: 

  • «Her finn du ...» 
  • «I dette brevet får du ...» 
  • «Vi ønsker at du ...» 
  • «Du må ...» 

Vurder kva lesaren veit frå før, og kva du bør forklare. Ein tydeleg tekst er ikkje alltid kort. Av og til er det nødvendig å legge til nokre forklarande setningar for at teksten skal bli lettare å forstå. 

 

Tips!

Les teksten høgt for deg sjølv. Det som ikkje kjennest naturleg å seie, skal du heller ikkje skrive. Du kan også få ein kollega til å lese gjennom teksten, eller teste teksten på dei som skal bruke han. 

 

Hugs!

Dei fleste tekstane vi skriv på jobb, er brukstekstar, og har ein konkret, praktisk funksjon. Det kan til dømes vere eit innkallingsbrev til operasjon, der det står korleis pasienten skal førebu seg før operasjonen. Då er det ikkje viktig kven som har skrive teksten, men at teksten gjer jobben sin, og fungerer som han skal. 

 

2. Lag orden i teksten 

Skriv informative overskrifter 

  • Lag ei overskrift som fortel kva teksten handlar om. Overskrifta skal gi meining for den som skal lese teksten. 
  • Tilpass overskrifta til formålet med teksten. Skal lesaren gjere noko, eller er teksten berre til informasjon? Få det fram tidleg. 

Overskrifta «Blodprøve» kan bety fleire ting.

.
Unngå Vurder heller
Blodprøve

Bestill time til blodprøve

Du har fått time til blodprøve

Resultata frå blodprøva di

 

Skriv det viktigaste først 

  • Skriv det som er viktigast for lesaren, tidleg i teksten.  
  • Sorter resten av innhaldet etter prinsippet om fallande viktigheit: Etter at du har skrive det aller viktigaste, kan du presentere bakgrunnsinformasjon, detaljar og utdjupingar seinare i teksten. 

 

Tips!

Det som blir opplevd som viktig for deg som skriv teksten, er ikkje alltid det viktigaste for dei som skal lese han.

Bryt opp teksten 

  • Del lange tekstar inn i avsnitt. 
  • Lag mellomtitlar for kvart hovudpoeng, slik at teksten blir lett å skumlese. 
  • Bruk punktlister når du ramsar opp noko. 

 

Hugs!

Viss du skal bruke kunstig intelligens til å produsere tekst, bør du vere kritisk til språket. Gå alltid gjennom teksten for å kvalitetssikre han. Det finst eigne retningslinjer i Helse Vest for bruk av kunstig intelligens på jobben. 

3. Skriv enkle og konkrete setningar 

Sei éin ting om gongen 

  • Del opp lange setningar.  
  • Set punktum i staden for komma der du kan.  
.
Unngå Vurder heller
Spesialistar frå store sjukehus skal hjelpe spesialistar på mindre sjukehus nærare pasienten, spesialistar frå sjukehus skal samarbeide med kommunal helse- og omsorgsteneste og pasientar skal i større grad kunne møte spesialisthelsetenesta heime, digitalt eller gjennom ambulante tenester.  Spesialistar frå store sjukehus skal hjelpe spesialistar på mindre sjukehus nærare pasienten. Dei skal også samarbeide med kommunal helse- og omsorgsteneste. Pasientane skal i større grad møte spesialisthelsetenesta heime, digitalt eller gjennom ambulante tenester. 

Gjer teksten konkret med verb 

  • Bruk verb for å uttrykke handlingar. 
  • Unngå å gjere verb om til kompliserte substantivuttrykk. 

Her er verbet å greie ut gjort om til substantivet utgreiing: 

.
Unngå Vurder heller
Det blei gjennomført ei utgreiing av pasienten. Pasienten blei utgreidd. 

Her er verbet å endre gjort om til substantivet endring:

.
Unngå Vurder heller
Det bør skje ei endring i rutinane. Avdelinga bør endre rutinane.

 

Skriv aktivt når du kan 

Bruk subjekt (kven som gjer det) og aktive verb (kva som blir gjort) for å få tydeleg fram kven som gjer kva: 

.
Unngå Vurder heller
Prøva blir lesen av, og det blir informert om eventuelle funn. Hudlegen les av prøva, og informerer deg om eventuelle funn.
Apparatet kan hentast dersom det passar best for deg.  Vi hentar apparatet dersom det passar best for deg.

Skriv direkte til dei som bruker tenesta, ikkje om dei, der det er relevant. Bruk «du» og «dokker», og unngå «ein»: 

.
Unngå Vurder heller
Pasienten blir undersøkt.  Legen undersøker deg. 
Ein skal ikkje ete mat eller drikke mjølkeprodukt før operasjonen. Du skal ikkje ete mat eller drikke mjølkeprodukt før operasjonen.  

 

Unntak 

Du kan bruke passiv når  

  • handlinga er viktigare enn kven som utfører handlinga 
  • du ikkje veit kven som handlar 
  • du ikkje vil/kan seie kven som handlar 
  • det ikkje er tvil om kven som handlar, og du vil variere setningane 
.

Meona blir oppdatert fredag ettermiddag. 

 

4. Vel ord som mottakaren forstår 

Ver merksam på faguttrykk og stammespråk 

Tenk som lesaren, og bruk det same språket og orda som lesaren. Forklar faguttrykk og forkortingar som kan vere ukjende for lesaren. Det kan du gjere ved å 

  • skrive ei forklaring eller eit synonym i parentes 
  • legge til ei forklarande setning 
  • gi døme 
.
Unngå Vurder heller Endå betre
Tonsillektomi blir utført i narkose.  Fjerning av mandlane (tonsillektomi) blir utført i narkose. Du får narkose før du skal fjerne mandlane.
Oppfølging ism. gjennomgått behandling.  Oppfølging i samband med gjennomgått behandling. Slik blir du følgt opp etter behandlinga. 

 

Bruk eit oppdatert språk 

Ver på vakt mot upresise og vage uttrykk som «i forhold til» og «fokus». 

 

Hugs! 

 I forhold til betyr «samanlikna med». Du kan bruke «samanlikna med» eller «enn» i staden. 

«Større enn» er betre enn «stor i forhold til». Ikkje bruk det som fyllord, som her: «I forhold til det du skreiv ...». Her kan vi heller skrive «Med tanke på det du skreiv ...» eller «Når det gjeld det du skreiv ...». 

Fokus kan ikkje vere breitt, stort eller utvida. Byt det heller ut med uttrykk som «konsentrere seg om», « arbeide med», «legge vekt på» eller «rette merksemda mot». 

 

Unngå stive ord og uttrykk som ikkje blir brukte i daglegspråket, men som vi ofte finn i tekstar frå det offentlege. I Kansellisten på sprakradet.no finn du ei oversikt over slike ord og uttrykk. 

.
Unngå Vurder heller
angåande  om  
vedrørande  om, i samband med, som gjeld
samtlege alle
ytterlegare  endå meir, fleire, nærare 

 Unngå nakne substantiv. Eit nakent substantiv har ingen artikkel (ein, ei, eit) eller  
bøying (-a, -en, -eit). Nakne substantiv er med på å gjere språket unødvendig stivt og formelt. Bruk heller ikkje enkel bestemming, som «denne lov» og «dette sjukehus». Kle på substantiva og bruk dobbel bestemming, slik du ville gjort det munnleg: «denne lova», «dette sjukehuset». 

.
Unngå Vurder heller
denne lov, dette sjukehus  denne lova, dette sjukehuset 
Pasient tek kontakt med fastlege. Pasienten tek kontakt med fastlegen.
I første møte blei vidare retning for det regionale prosjekt avklart.   I det første møtet blei den vidare retninga for det regionale prosjektet avklart.

Eigedomsord, som «din», «min» og «vår», set vi som hovudregel etter substantivet, i tråd med munnleg språk.

.
Unngå Vurder heller
Vår avdeling har eit godt fagmiljø.  Avdelinga vår har eit godt fagmiljø. 
Våre medarbeidarar og deira kompetanse er den viktigaste ressursen i helsetenesta.  Medarbeidarane våre og kompetansen deira er den viktigaste ressursen i helsetenesta.  

 

Inkluderande språk

Inkluderande språk er eit språk som 

  • respekterer mangfaldet i befolkninga  
  • reflekterer ei haldning om at alle menneske er likeverdige og har rett til å bli sett og høyrt 
  • ikkje skaper unødvendige forskjellar mellom menneske 
     

Ver klar over kva du treng å tematisere, og når. Vurder om det er nødvendig å legge vekt på 

  • kjønn 
  • kulturell bakgrunn 
  • religion eller anna trusoppfatning 
  • funksjonsmangfald 
  • seksuell orientering 
  • økonomi 
  • tilsettingsforhold 
  • alder 

 Legg vekt på moglegheitar, ikkje avgrensingar:  

.
Legg vekt på avgrensingane Legg vekt på moglegheitene
Kontakt oss viss du har spesielle behov Treng du tilrettelegging? Beskriv behovet ditt.

 

Ord vi kan bruke om ulike grupper i befolkninga 

.
Unngå Vurder heller
ein dement person  ein person som lever med demens 
ein person som sit i rullestol  ein person som bruker rullestol 
person med innvandrarbakgrunn  fleirkulturell person 
kone/mann  partnar/ektefelle 
mor/far  forelder/føresett, du som har eit barn innlagt på sjukehuset 
kva heiter faren til barnet? 

har barnet fleire foreldre?  

kva heiter den andre forelderen? 

ta med ektefelle/partnar/sambuar/næraste pårørande  ta med nokon som kan støtte deg og få informasjonen saman med deg 

 

Kjønnsnøytrale ord 

.
Unngå Vurder heller
vaskedame  reinhaldsarbeidar 
varamann  varamedlem 
kvinneleg ingeniør  ingeniør 
enkeltmannsføretak  enkeltpersonføretak
politimann  politibetjent 

 

Kva med «hen»?

«Hen» blei opphavleg innført som eit kjønnsnøytralt pronomen som kan brukast om alle. I dag blir det også brukt om personar som ikkje reknar seg som mann eller kvinne.  

Dersom du er i tvil om kva for eit kjønnsnøytralt uttrykk som passar best, kan du bruke «han/ho».  

På sprakradet.no finn du oppdaterte råd om bruken av «hen». 

Sist oppdatert 18.12.2024