Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Diagram

Behandling

Alle pasientar skal få god behandling på eit av sjukehusa i regionen vår, eller hos ein spesialisert institusjon me har avtale med.

Behandling

  • Fysisk helse blir gjerne omtalt som somatikk.
  • Pasientar i regionen vår kan få behandling i eit offentleg sjukehus, dei kan velje å bli behandla på eit privat sjukehus eller hos ein privat spesialist som har avtale med Helse Vest RHF.
  • Behandling kan vere dagbehandling, døgnbehandling, poliklinisk behandling og ambulant verksemd. Avhengig av sjukdom, blir det vurdert kva type behandling som passar.

 

  • Habilitering og rehabilitering skal hjelpe pasienten til å meistre livet sitt, vere sjølvstendig og kunne delta sosialt og i samfunnet.
  • Rehabilitering skjer både i spesialisthelsetenesta og i kommunane. Det er ei tverrfagleg behandling kor sjukehus, rehabiliteringsinstitusjonar, fastlegar, private fysioterapeutar og andre samarbeid.
  • Les meir om habilitering og rehabilitering på ei eiga side (helse-vest.no)

Helse og arbeid består av arbeidsretta behandlingstilbod. Det er i hovudsak eit behandlingstilbod for personar med psykiske lidingar (angst, depresjon) og muskel- og skjelettlidingar. 

Tilbodet blir gitt i sjukehusa våre og i private leverandørar innanfor psykisk helse og rehabilitering. Det er fastlegen som tilviser pasienten for behandling.

Tilbod om arbeidsretta behandling i Helse Vest

Helse Vest har driftsavtalar med privatpraktiserande spesialistar i regionen, fordelt mellom spesialistar innanfor somatikk og psykisk helsevern.

Lege- og psykologspesialistar​

Pasientar som ikkje kan få behandling i Noreg på grunn av manglande behandlingstilbod, har på visse vilkår rett til behandling i utlandet. 

Helse Bergen ved Haukeland universitetssjukehus er ansvarleg for utanlandsbehandling

Ekspertpanelet gir alvorleg sjuke pasientar med kort tid igjen å leve, ein moglegheit til å få ei ny medisinsk vurdering. Helse Bergen leier panelet:

helse-bergen.no/ekspertpanelet

Pasientinformasjon på helsenorge.no/ekspertpanelet

Tilvising

Dei fleste som er busett i Noreg, har krav på fastlege. Den som ikkje har fastlege eller er i tvil om han eller ho har rett til det, kan ringje veiledning Helsenorge på 23 32 70 00.

Logg inn for å bytte fastlege

  • For å få planlagd behandling på sjukehus og i resten av spesialisthelsetenesta, må pasienten ha tilvising frå fastlegen eller primærhelsetenesta. Ande behandlarar som psykologar, fysioterapeutar, manuellterapeutar og kiropraktorar kan tilvise til spesialist innafor sine fagområde.
  • Ofte er det også krav til kva tilvisinga må innehalde. Kva tilvisingsrutinar som er gjeldande, kan variere noko frå sjukehus til sjukehus.
  • I nokre tilfelle vil det vere nødvendig med innlegging i sjukehus eller institusjon, men ofte kan dagbehandling eller poliklinisk konsultasjon vere det som er rette for pasienten. 
  • Ta kontakt med gjeldande sjukehus om du vil vite meir om rutinar for tilvising på dei ulike områda.
  • Les meir om vurdering av tilvising å helsenorge.no.

Når sjukehusa mottek tilvisingar av pasientar, skal sjukehuset sørgje for at dei pasientane det hastar mest å få undersøkt, kjem først inn til behandling. Det er utvikla prioriteringsrettleiarar, som skal vere beslutningsstøtte for dei som vurderer tilvisingane til spesialisthelsetenesta. Det gjer det enklare å prioritere og sikre lik behandling av pasientane på tvers av føretak. Det er utarbeidd rettleiarar innanfor 33 fagområde.

Prioriteringsrettleiarar finn du på helsedirektoratet.no

Tilvising skal sendast til sjukehusa​​​​​

Helse Førde HF​​​, Fedmepoliklinikk

​​​Helse Bergen, Overvektpolikli​nikken

Helse Fonna HF​, Overvektsteam

Helse Stavanger, s​ykelig overvekt poliklinikk​​

Helseføretaka vurderer tilvisingane i tråd med prioriteringsforskrift og rettleiarar.​​

Private​​ tilbod livsstilsbehandling

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler i Sogn og Fjordane

​LHL-klinikkene Nærland​

​​​​Individuell vurderi​​ng​​​

​Helseføretaka har ansvaret for å vurdere dei ulike behandlingsalternativa (type kirurgisk behandling, livsstilsbehandling) for kvar pasient.

Livsstilsbehandling​​​​

Det er tilbod om livsstilsbehandling ved to stader. Behandlinga dreier seg om å endre livsstil, med fokus på sunn mat, mosjon og mental trening.

​​​​Krav som må oppfyllast:

For å bli vurdert for livsstilsbehandlinga, må pasienten og ha ein kroppsmasseindeks (KMI) på meir enn 40, eller 35 med tilleggslidingar som følgje av overvekt.

Pasienten må vere i stand til å delta på trening som følgjer av behandlingsopplegga. Pasienten må vidare vere motivert for ei varig livsstilsendring.

Kirurgisk behandling​​​​​​

Alle helseføretaka i regionen har eit kirurgisk tilbod for pasientar med overvekt.​

Helse Førde har ein regionfunksjonen for kirurgisk behandling av sjukleg overvekt, og gjennomfører dei mest ressurskrevjande operasjonane for sjukleg overvekt (biliopancreatic diversjon med duedenal switch).​

Du kan velje behandlingsstad

Dei som tilviser pasienten til behandling eller utgreiing i sjukehus, kan velje kva sjukehus dei ønskjer å tilvise pasienten til. Pasientar som er tilviste til sjukehus, kan velje om dei vil behandlast eller undersøkjast på den staden dei er innkalte til, eller om tilvisinga skal sendast til ein annan stad.

For at pasienten og den som tilviser, skal kunne gjere eit godt val, er det viktig at dei får god informasjon. Dei kan få informasjon om behandlingsstader, ventetider, talet på utførte behandlingar ved kvar behandlingsstad, og lenker til nasjonale kvalitetsindikatorar. Denne oversikta er tilgjengeleg på nettstaden Vel behandlingsstad.

Velg ​behandlingssted​ Helsenorge

For å kontakte pasienthjelparen i Helse Vest, kan du ringje administrasjonen på 51 96 38 00.

Du kan også sende ein direkte e-post til pasienthjelp@helse-vest.no.

Pasientrådgivarane er utdanna sjukepleiarar, og har erfaring frå sjukehusa. Dei kan blant anna gi informasjon om ventetider, korleis du kan bytte sjukehus, pasientrettar, transport, fristar og fristbrot.

Helse Vest har sidan 2007 hatt sin eigen pasienthjelpar. Pasienthjelparen er del av den nasjonale tenesta Velg behandlingssted.

Ventetider, kvalitet og legemiddel

Det finnast kvalitetsindikatora som belys kvaliteten i tenesta.

Gå til dei nasjonale kvalitetsindikatorar for heile landet (Helsedirektoratet)​​

Sjukehusapoteka Vest har avdelingar i dei fire største sjukehusa våre. Dei forsyner og produserer medisinar for sjukehusa og driv også publikumsretta apotekverksemd.

Sjukehusapoteka Vest

Beslutningsforum for nye metoder består av dei fire administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka. Forumet har myndigheit til å beslutte kva metodar og medikament som skal takast i bruk i spesialisthelsetenesta. Fram mot at ei avgjerd blir teken, blir det gjort ei omfattende vurdering av aktuelle metodar eller legemiddel.

Nasjonalt system for innføring av nye metoder

Samarbeid om innkjøp av legemiddel: Dei regionale helseføretaka har ein samarbeidsavtale når det gjeld legemiddelinnkjøp til helseføretaka. Samarbeidet er kalt Legemiddelinnkjøpssamarbeid med forkortinga LIS.

Legemiddelinnkjøpssamarbeid (Sykehusinnkjøp)​​
​​

Pasientforløp (pakkeforløp)

Pakkeforløp/pasientforløp

  • er nasjonale standardiserte forløp, der målet er rask utredning og behandlingsstart uten unødvendig ventetid.
  • skal gi forutsigbarhet og trygghet for pasientane og pårørende. 
  • beskriv organisering av utgreiing og behandling, kommunikasjon med pasientar og pårørande, ansvarsplassering og konkrete forløptider.

Sentralt i pakkeforløp er forløpkoordinatorar. Dei skal sikre oppfølginga til kvar enkelt pasient og sørgje for kontinuitet i heile forløpet. ​

Det er utvikla pakkeforløp (kallast også pasientforløp) innanfor både somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Les om pakkeforløp for kreft på helsenorge.

sjukehusas nettstader kan du lese om dei ulike pakkeforløpa.

 

Pasientforløp psykisk helse og rus skal leggje til rette for god behandling, betre samhandling, klare ansvarstilhøve og gode overgangar. Pasientforløpa er utvikla i samarbeid med ulike fagmiljø og brukarorganisasjonar.

 

Nasjonale tenester

Nasjonale tenester er eit samleomgrep for nasjonale behandlingstenester, fleirregionale behandlingstenester og nasjonale kompetansetenester (nasjonale medisinske kompetansetenester i spesialisthelsetenesta). 

Sjå oversiktside over dei regionale og nasjonale tenesta i Helse Vest.

 

Sist oppdatert 07.04.2025