Institutt for psykologisk rådgivningstjeneste, Bergen og Haugesund
I Bergen og i Haugesund har Institutt for psykologisk rådgivning (IPR) eit poliklinisk arbeidsretta behandlingstilbod for personar med angst og depresjon.
Hovudinnhaldet i tilbodet
Ved arbeidsretta behandling for personar med angst og depresjon, blir pasientens arbeidssituasjon og jobbmeistring kartlagt. Ved sjukefråver, nedsett arbeidsevne og for personar utan arbeidsforhold blir det utarbeidd ein plan for gradvis tilbakeføring til jobb i samarbeid med fastlege og eventuelt andre aktørar i primærhelsetenesta, arbeidsgivar og NAV.
Hensiktsmessig samarbeid med anna spesialisthelseteneste står sentralt i alle forløp. Behandlingstilbodet består av poliklinisk samtaleterapi med eit gjennomsnittlig behandlingsforløp på 10-15 konsultasjonar.
Behandlarane er psykologar og psykologspesialistar.