Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Helse Vest

Prinsipp for strategiske satsingar

Prinsipp for etablering og gjennomføring av strategiske satsingar

Forankring

Ei strategisk satsing skal forankrast i det føretaket eller privat, ideell institusjon som får hovudansvaret for satsinga. Institusjonen har saman med forskingsmiljøet eit ansvar for at satsinga kan vidareførast etter at finansiering frå Helse Vest er avslutta.

Regionalt samarbeid

Satsingane skal dekke heile regionen, og det er forventa at satsingane inkluderer alle relevante miljø i regionen. Det skal beskrivast i søknaden korleis dei andre miljøa er involvert og korleis dette blir budsjettert. Dersom det ikkje er mogeleg, skal det grunngjevast.

Fordeling av midlar

Midlar skal fordelast etter den aktuelle aktiviteten som skissert i søknaden, og dette må vere avtalt og budsjettert i søknaden om strategisk satsing. Det er ikkje noko mål at midlane skal fordelast til føretaka etter størrelse.

Prinsipp for evaluering

Strategiske satsingar skal rapportere årleg i prosjektperioden. Rapportane vurderast kvart år av Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon.

Generell måling av resultatoppnåing

Resultat i form av formidling, vitskaplege publikasjonar og avlagte doktorgrader.

Samarbeid

Grad av samarbeid vil kunne målast gjennom talet på samarbeidspartar slik det kjem fram i søknadar og evalueringar.

Betyding for helsetenesta

Dokumentasjon av endring i klinisk praksis på bakgrunn av forskingsresultat og/eller utviking av kunnskap som er relevant for helsetenesta.

Regionalt samarbeid

Regionalt samarbeid vil blant anna bli målt etter forfattaradresseringa på publikasjonar som utgår frå den strategiske satsinga, og gjennom tilbakemelding om samarbeid.

Sist oppdatert 22.03.2024