Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

100 millionar til klinisk forsking: Fire av fem prosjekt er frå Vestlandet

Nasjonalt program for klinisk behandlingsforsking i spesialisthelsetenesta (KLINBEFORSK) deler ut i alt 100 millionar kroner til nasjonale, kliniske studiar. Tre av prosjekta som har fått støtte, går føre seg i Helse Bergen, medan eitt kjem frå Helse Stavanger.

Publisert 25.05.2022
Sist oppdatert 30.05.2022

mann mot kamera

Dag Årsland frå Helse Stavanger er ein av fem som får støtte. Foto: Helse Stavanger.

– Kliniske behandlingsstudiar gir pasientane tilgang til nye behandlingsformer, og det gir behandlarar og forskarar ny og verdifull kunnskap. Det er svært gledeleg at forskingsmiljøa i både Stavanger og Bergen stiller så sterkt her, og leverer gode og viktige prosjekt som får støtte, seier administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne. 

​Tildelinga til dei fem prosjekta vart bestemde i møte mellom dei administrerande direktørane for dei regionale helseføretaka 23. mai 2022. 

Rusmiddelavhengnad, demens og genterapi

Bakgrunnen er at KLINBEFORSK fekk ei eingongsløyving på 100 millionar kroner (ref. Prop. 195 S (2020-2021) og Innst. 600 S (2020-2021)) for finansiering av nasjonale, kliniske studiar innanfor følgjande prioriterte område:
  • ​bruk av sentralstimulerande midlar i substitusjonsbehandling av personar med rusmiddelavhengnad
  • behandling av hjernesjukdommar som demens og ALS
  • bruk av genterapi for behandling av pasientar med:
    • ​sjeldne diagnosar
    • tilstandar som uhelbredeleg blodkreft, augesjukdommar, sjeldne immunsykdommer
    • alvorlege sjukdommar som rammar barn
I alt vart 15 søknader vurderte av internasjonale fagekspertar etter kriterium for både vitskapleg kvalitet og forventa nytteverdi for pasientbehandlinga.

Studiar av stor betydning

Prosjekta som har fått støtte omfattar område med stort behov for ny kunnskap, samtidig som dei bidreg til å gi pasientar tilbod om deltaking i avansert, utprøvande behandling. Frå Helse Bergen får studiar innan substitusjonsbehandling av rusmiddelavhengnad, ventilasjonsbehandling ved ALS (amyotrofisk lateral sklerose) og genterapiar for kreftbehandling støtte, medan Helse Stavanger får støtte for studie innan demens. I tillegg får også Oslo universitetssjukehus støtte for genterapi innan kreftbehandling.

– Dette er kliniske behandlingsstudiar som vil vere av stor betydning for kompetansebygging innan dei prioriterte områda for heile Noreg, seier Jan Frich, viseadministrerande direktør i Helse sør-aust RHF og leiaren for programstyret, til www.kliniskeforskning.rhf-forsk.org. 

Mann ser mot kameraOle Bjørn Tysnes frå Helse Bergen får forskingstøtte. Foto: UiB.
Mann smiler

Kjell Arne Johansson frå Helse Bergen får støtte til forsking på rusmiddelavhengnad. Foto: UiB.

​Desse har fått støtte

  1. Kjell Arne Johansson frå Helse Bergen HF med "Agonist Treatment with Lisdexamphetamine for Amphetamines Dependence: A Randomised Controlled Trial (ATLAS4dependence)." Støtte: 19 995 000 kroner.
  2. Dag Årsland frå Helse Stavanger HF med "The Norwegian Anti-Dementia Drug Trial Platform (NORADD-TP): A nationwide trial platform of symptomatic and disease-modifying anti-dementia compounds". Støtte: 20 000 000 kroner.
  3. Ole Bjørn Tysnes ved Helse Bergen HF med "Effects of long-term ventilation support in ALS on quality of life in patients and their families". Støtte: 19 922 000 ​kroner.
  4. Bjørn Tore Gjertsen ved Helse Bergen HF med "Clinical evaluation of CD37 CAR T for acute myeloid leukaemia." Støtte: 19 991 000 kroner.
  5. Jochen Büchner ved Oslo universitets-sykehus HF med "InsighT-1: A phase I first-in-human trial of genetically modified TdT TCR T-cells in children and adults with T- and B-cell acute lymphoblastic leukemia." Støtte: 19 993 000 kroner.
Mann smiler mot kamera

Bjørn Tore Gjertsen ved Helse Bergen er ein av dei fem som får støtte. Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen.