Avtaler for openheit og betre samarbeid
For å få til enklare oppfølging og betre samarbeid mellom helseføretaka og industrien er det sett ned rammer for dette, i form av avtalar med legemiddelindustrien og den medisinske utstyrsindustrien. Desse samarbeidsavtalene blei oppdaterte tidlegare i år. Målet er enklare oppfølging og betre samarbeid.
Avtalane sikrar at samhandling mellom helseføretak og leverandørar skal skje på ein fagleg og etisk korrekt måte. Intensjonen i avtalane er samhandling basert på tillit, openheit og gjensidig respekt.
Det handlar om tillit
Medarbeidarar i alle helseføretak i Noreg er forplikta til å følgje samarbeidsavtalane. Dette gjeld også overfor leverandørar som ikkje er medlem i ein av LMI eller Melanor.
– Godt samarbeid mellom tilsette i helseføretak og leverandørar er ein føresetnad for eit velfungerande helse-Noreg. Avtalane mellom dei som samlar industrien og oss er til hjelp og bidreg til forenkling, openheit og transparens i samhandlinga mellom helseføretaka og leverandørar, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
– Dette handlar fyrst og fremast om tillitt og å gjera rett. Det er viktig for at samfunnet skal ha tillit til helseføretaka, leiarar og medarbeidarane sin sjølvstende, integritet – og dei vurderingane vi gjer.
Oppdaterte avtalar
Dei første samarbeidsavtalane med Legemiddelindustrien (LMI) vart underskrivne i 2006, medan avtalar med dåverande Leverandører til helse-Noreg (LFH), no Melanor, vart underskrive i 2011. Avtalane har ikkje vore gjenstand for endringar på nærare ti år.
No har avtalane vorte oppdaterte og ordlyd i avtalane med LMI og Melanor er no i all hovudsak lik.
Her finn du dei oppdaterte samarbeidsavtalane.
Viktig òg for leverandørane
Melanor er bransjeorganisasjonen for kompetansebedrifter som utviklar og leverer medisinsk utstyr, laboratorieutstyr, måleutstyr og hjelpemiddel i den norske marknaden.
– Oppdateringa av samarbeidsavtalane gjer handlingsrommet for samarbeid tydelegare. Då blir det enklare for helsepersonell og medisinsk utstyrsindustri å samarbeide om å finne gode effektive løysingar for pasient og helsevesen, seier Atle Hunstad, administrerande direktør i Melanor.
Legemiddelindustrien (LMI) er bransjeforeininga for legemiddelindustrien i Noreg.
– Oppdateringa av samarbeidsavtalane vil gi ein meir effektiv dialog mellom partane. Dette bidreg til at helseføretaka og selskapa kan bruke meir av tida si på god pasientbehandling og medisinske løysingar, seier Leif Rune Skymoen, administrerande direktør i LMI.