Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Eit felles ansvar: – Ingen skal utsetjast for vald og truslar på jobb

Ein ny rapport frå Helse Vest viser at medarbeidarar i helseføretaka vart utsette for vald og truslar over 2 000 gonger i 2022. Slag, spark, kloring, spytting og truslar om vald og drap pregar dessverre arbeidssituasjonen for mange medarbeidarar.

Publisert 14.06.2023
Kvinne som er redd, mann med knyttneve står foran henne.
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Styret i Helse Vest RHF har fått rapporten og bede om at det vert sett i verk tiltak.
 

 

–  I Helse Vest er det nulltoleranse for vald og truslar. Tala viser at realiteten dessverre er ein annan og slik skal vi ikkje ha det. No har vi fått eit felles, regionalt kunnskapsgrunnlag som gjer at vi kan arbeide meir målretta med dette. Styret er opptatt av at medarbeidarar i sjukehusa skal vere trygge og ikkje skal skadast på jobb. Dette vil vi følgje tett framover, seier Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF.

Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF seier dette er eit særs viktig innsatsområde: –  Vi veit dette er ei utfordring og vi kan ikkje akseptere at det er slik. Med felles innsats frå heile føretaksgruppa, skal vi klare å gjere noko med dette. Prosjektet har no samla inn eit solid kunnskapsgrunnlag, og tilrår ei rekkje viktige tiltak, som saman skal bidra til å redusere risikoen for vald og truslar i tenesta.

Sjå tiltaka nedst i saka.

Opplæring og meldekultur viktig

Ingeborg Sævareid er konsernhovudverneombud i Helse Vest. Ho seier at å hindre vald og truslar mot medarbeidarar er noko av det viktigaste føretaka arbeider med, og at ein må arbeide saman om dette.

 – Vi aksepterer ikkje at medarbeidarar blir utsette for vald og truslar i sjukehusa, sjølv om det er ein kjend risiko. Medarbeidarane må få tilpassa opplæring i eiga eining. For å auke meldekulturen, er det svært viktig at leiarane set i gang tiltak og følgjer opp medarbeidarane som har meldt frå om vald og truslar. Dette vil bidra til ein tryggare arbeidsdag, seier Sævareid.

Merksemd, fellesskap, støtte og vurderingar, openheit og felles haldningar er heilt sentralt i dette forbetringsarbeid.

Lovverket er ikkje godt nok

Rapporten som er lagd fram presenterer kunnskap som ein kan bruke til forbetring. Dette vil dreie seg om arbeid internt, like mykje som godt samarbeid med andre, som politi, brann, pasientar og pårørande. Medarbeidarar skal ha det same juridiske handlingsrommet for å verne seg mot vald og truslar, uavhengig av sektor og organisatorisk eining. Slik er det ikkje i dag.

–  Det er gjort mykje godt arbeid i helseføretaka for å hindre vald og truslar over mange år. Ein god meldekultur er ein føresetnad. Men det må meir til, skal vi få bukt med dette problemet. Dette krev mellom anna endringar av lovverket, som ikkje er godt nok i dag, seier Bryne. – Vi vil jobbe for eit godt vern, også gjennom å foreslå endringar i regulatoriske føresegner – slik at dette blir på lik linje med andre samfunnskritiske sektorar, som til dømes politiet. Godt vern må gjelde alle, likt.

Tiltaksområda

Her er nokre av tiltaksområda som helseføretaka i Helse Vest saman skal jobbe vidare med:

  • Regulatoriske føresegner må endrast. Det må vere tilstrekkeleg handlingsrom, vern og like moglegheiter, uavhengig av somatikk og psykiatri, slik at medarbeidarar til dømes kan frata pasientar farlege gjenstandar og gå gjennom bagasje.

  • Det må vere lik metodikk for risikovurdering av vald og truslar, og lik registrering og dokumentasjon i journalsystema.

  • Valdshendingar må bli politimelde og følgde opp.

  • Rutinar, melding av vald og truslar i systema for avvik og registrering av kritisk informasjon i journalsystema skal vere lett tilgjengeleg og godt kjent.

  • Haldningskampanjar må vere synlege i helseføretaka, både for medarbeidarar og publikum.

  • Det må vere standardisering av opplæring, rettleiing og øvingar.

  • Føretaka bør etablere eit system for å sikre rett dimensjonering og samansetning av personell ved plutseleg endring i driftssituasjonen med omsyn til risiko for vald.

  • Ein må etablere samarbeidsavtalar og dialog med politiet. I tillegg må ein skape felles haldning saman med politiet, slik at dei følgjer opp meldingar på same måte som når polititenestemenn blir utsette for vald og truslar.

  • Gjennomføring av kartlegging og trening av risikovurdering av forhold ved arbeidssituasjonen, og vurdere tiltak som kan nyttast når det er nødvendig - særleg for avdelingar med høg risiko for vald og truslar.

  • Ein må setje i verk tiltak som kan gi leiarar tryggleik for å kunne vareta medarbeidarane etter alvorlege hendingar.

  • Ein skal etablere eit regionalt nettverk for vidare læring og systematisk utvikling over tid, der ein deler erfaringar på tvers av føretak.

Fakta om prosjektet

Helseføretaka på Vestlandet har identifisert fem risikoområde som det særleg er behov for å følgje opp i føretaksgruppa. Ein av dei er vald og truslar mot medarbeidarar.

For å få ned talet på vald og truslar mot medarbeidarar, har Helse vest RHF leidd eit regionalt prosjekt, der helseføretaka og Haraldsplass Diakonale Sjukehus deltok.

I prosjektet er det laga eit felles kunnskapsgrunnlag og tiltaksområde, som føretaka skal jobbe vidare saman om.

Målet i prosjektet er å endre haldningane til vald og truslar mot medarbeidarar, etablere eit felles kunnskapsgrunnlag ved å kartleggje nåsituasjonen og peike på tiltaksområde som kan redusere vald og truslar mot medarbeidarar.