Må systematisere rehabilitering og opplæring
I perioden 2018-2022 fekk berre ein av fire pasientar rehabilitering i spesialisthelsetenesta etter akutt hjarteinfarkt i Noreg. – Helseføretaka må jobbe med å systematisere og styrke rehabilitering og opplæring av pasientar etter hjarteinfarkt, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest.

Foto: Hanne Tveit
Saka kort oppsummert
- Helseatlas kartlegg variasjonar i helsetenester i Noreg og har kartlagt hjarteinfarkt og rehabilitering.
- Hovudfunnet er at berre ein av fire pasientar som har hatt hjarteinfarkt, får standard rehabilitering, lærings- og meistringskurs eller spesialisthelsetenestebehandling
- Helse Vest arbeider med å utvikle digitale opplæringsprogram for hjartepasientar, og desse undersøkingane viser at det er behov for å systematisere og styrkje rehabiliteringsarbeidet
Helseatlas driv systematisk kartlegging av variasjon i helsetenestene i Noreg, og er organisert i Helse Førde. Dei samanliknar befolkninga sin bruk av helsetenester i ulike geografiske område. Helseatlas går inn i detaljane på ulike emne relatert til kvalitet, og har no kartlagt hjarteinfarkt og rehabilitering på hjarteinfarkt.
– Hovudfunnet er at berre ein av fire pasientar har fått standard rehabilitering, lærings- og meistringskurs, eller trening i spesialisthelsetenesta etter akutt hjarteinfarkt. Dette er lågare enn det vi kunne ønskje, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest.
Digitale opplæringsprogram
Helse Stavanger er nede på omtrent ni prosent, mot Vestfold på 45 prosent. Landsgjennomsnittet er omtrent 25 prosent.
– Helse Bergen, Helse Førde og Helse Fonna ligg over landsgjennomsnittet. Det er litt vanskeleg å vite kva det ideelle målet burde vere, men det bør truleg vere vesentleg høgare enn 25 prosent, meiner Vikse.
I Helse Vest er det prosjekt som tek sikte på å lage gode, digitale opplæringsprogram. Blant anna har hjarteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus ei digital hjarterehabilitering, kalla eHjerteRehab.
– Helseføretaka må jobbe med å systematisere og styrke rehabilitering og opplæring av pasientar etter hjarteinfarkt. I tillegg bør vi systematisere arbeidet som blir gjort i dei kliniske avdelingane, og oppfølginga etter hjarteinfarkt, understrekar Vikse.
Konsekvensane av manglande rehabilitering er at pasientar som har hatt hjarteinfarkt risikerer å ha dårlegare behandlingsresultat, meistring av eiga sjukdom og langtidsprognose.