NB! Høg risiko for hjerneslag!
Eit slikt varsel kan om nokre år bli verkelegheita for operatørane på AMK-sentralen. Ved hjelp av algoritmar, data og kunstig intelligens utviklar forskarar nå eit verktøy som kan bidra til å redde liv i dei avgjerande minuttane.
Saka kort oppsummert
- Saka handlar om AMK Bergen, der operatørar handterer nødsamtale, og vurderer hastegrada av nødsituasjonar.
- Forskarar jobbar med eit prosjekt kalla AISMEC for å utvikle kunstig intelligens-støtte til nødsamtale-operatørar, spesielt for å oppdage hjerneslag raskare.
- Dette prosjektet jobbar med å forbetre akuttmedisinsk teneste ved å bruke kunstig intelligens til å tolke samtalar, kople symptom til sjukdommar og hjelpe operatørar med å ta raskare og meir informerte avgjerder. Det vil truleg ta minst tre år før prosjektet er ferdig.
Det er ein hektisk dag inne på AMK Bergen. Kveldsskiftet har akkurat starta, og telefonane ringer i eitt. Operatørane sit med fire skjermar framfor seg og skal handtere ei enorm mengde informasjon på kort tid. Både helseopplysningar, kart, adresser og fargekodar, flimrar over skjermane.
Samstundes skal operatøren ta stilling til alt som blir sagt, kor akutt situasjonen er og all anna relevant informasjon. For her inne handlar det om dei viktige minutta. Minutta som kan skilje mellom liv og død.
Raske avgjerder
– Vi må heile tida ta stilling til kva type hjelp innringar trenger. I dag bruker vi Norsk Indeks for medisinsk naudhjelp som støtte når vi vurderer 113-henvendingane. Vi fastsett hastegrad rød, gul eller grøn, så sender ambulansekoordinator ut ambulanse, fortel Tone Alfsvåg Engelsen, fagutviklingssjukepleiar ved AMK Bergen. Ho er òg vaktleiar på sentralen.
– Vår avgjerd skal gå fort. Vi får over 50 naudtelefonar kvar vakt, og vi må vere raske. I ein samtale på eit par minutt skal vi skrive, snakke, lytte og vurdere. Det er viktig at ingenting glepp.
Kvart år får over 10 000 pasientar i Noreg akutt hjerneslag. Hjerneslag krev effektiv terapeutisk behandling innan ein viss tidsfrist, og berre halvparten av dei ramma kjem til sjukehus innan den første kritiske tidsramma.
Hjerneslag aleine utgjer den tredje høgaste dødsårsaka og er den største årsaka til alvorleg funksjonshemming som krev langtidspleie ved institusjonar. Berre 60 prosent av dei akutte hjerneslagpasientane får i dag riktig diagnose og påfølgande medisinsk behandling, skriv forskarane bak AISMEC-prosjektet (Artificial Intelligence Support in Medical Emergency Calls).
Dei har som mål å utvikle kunstig intelligens-basert støtte i avgjerder for operatørar som handterer medisinske nødrop.
Teknologi for kvalitet
I København har KI-analyse av lyd og tale i nødrop vist seg å overgå operatørar når det gjeld å oppdage hjartestans. AISMEC-prosjektet set saman analyse av kva innringar seier, med pasienten sine medisinar og data frå tidlegare sjukehusjournalar.
Basert på dei ulike datakjeldene, vil kunstig intelligens berekne om det er sannsynleg at pasienten har akutt hjerneslag, og vidare varsle operatøren. Teknologien kan bidra til å forbetre kvaliteten i akuttmedisinsk teneste, og systemet skal i første omgang testast på hjerneslag.
Medan operatørane er opptekne med å få heile bildet, kan framtidas robot hjelpe dei med å tolke orda som blir sagt. Fall. Vondt i hovudet. Bevisstlaus.
Kople symptom og sjukdom
– Dette verktøyet kan tolka orda som blir sagt i samtalen. Den vil òg kunne finne reseptdata på innringaren, hente utvalde data frå sjukehusjournalen og ut frå disse kunne berekne helserisikoen på ein augeblink. Det gjer at operatørane kan få ulike varsel på skjermen svært raskt.
Det seier overlege Emil Iversen i KoKom – Nasjonalt kompetansesenter for helsetjenestens kommunikasjonsberedskap. KoKom skal bidra til å sikre høg kompetanse og kvalitet i den medisinske naudmeldingstenesta og har blant anna utvikla den nye modellen.
Iversen er med i forskargruppa og held på med ein doktorgrad om prosjektet. Han seier det er viktig å utvikle betre støtte til operatørane i dei kritiske minutta.
– Som lege på legevakt og i AMK Oslo, har eg sett behovet tydeleg fleire gonger. Det går raskt, og tilgjengeleg god informasjon kan vere avgjerande, spesielt for behandling av hjerneslag. Om pasienten berre har eitt av symptoma på slag, kan det vere vanskeleg å kople symptom og sjukdom. En KI-modell kan sjekke historikk og data og dermed bidra til at vi blir obs på det eine symptomet.
Studien er eit samarbeid mellom KoKom, Helse Vest IKT, Helse Bergen, Høgskolen på Vestlandet, LHL Hjerneslag og Norsk Hjerneslagregister og er finansiert av Forskningsrådet.
Forskarane har blant anna kartlagt alle pasientar som ringde AMK i perioden 2018-2019. Reseptdata og data frå tidlegare sjukehusjournalar er kopla saman, og det skal nå utviklast ein modell for vidare testing.
– Vi er i ei tidleg fase og vil nok ikkje få dette i bruk før om tidlegast tre år. Status nå er at vi jobbar med å kople saman data. Vidare skal vi trene modellen ved å teste den på historiske data før vi kan sette den ut i bruk. Dette vil ta tid.
Positiv til verktøyet
For Tone Alfsvåg Engelsen og dei andre operatørane går kveldsskiftet i eitt. Det er overdosar, brystsmerter, kuttskadar og folk som kjenner seg uvel.
– Om kunstig intelligens kan hjelpe oss i framtida, vil det berre vere positivt. Vi kan spare minutt, vi kan ta tryggare avgjerder og vi kan hjelpe pasientane endå betre. Denne vil først og fremst bidra når det dreier seg om hjerneslag. Eg ønskjer meg eit verktøy kor kunstig intelligens leiter i alle slags symptom og som kan komme med fleire forslag til avgjerd. Noko slikt kommer nok òg ein gong i framtida, trur vaktleiaren på AMK-sentralen i Bergen.