Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Senter for kjønnsinkongruens for barn og unge på plass

Alle helseregionane har no etablert eit regionalt senter for kjønnsinkongruens. Dette er ei stor milepæl for pasientane, nærståande og fagpersonar i både kommune og spesialisthelsetenesta.

Publisert 10.11.2023
Kvinne med laptop

Foto: Jorunn Busk

Carina Paulsen Mæland leiar arbeidet frå Helse Vest.

Saka kort oppsummert

  • Alle helseregionane har nå etablert eit regionalt senter for kjønnsinkongruens for barn og unge. 
  • I Helse Vest ligg senteret på Haukeland universitetssjukehus. 
  • Samarbeid mellom dei regionale sentera og den nasjonale behandlingstenesta er i gang, og sentera er i startfasen med testing av arbeidsprosessar og pasienterfaringsundersøkingar.

 

I Helse Vest er senteret blitt lagt til Haukeland universitetssjukehus. Her er det tilsett koordinator i 100 prosent stilling, og psykologspesialist i 50 prosent stilling. No kan alle som har behov ringe til dei regionale sentera både for råd, rettleiing og ein prat.

– Dei regionale sentera har mellom anna ansvar for å koordinere pasientforløpa, gi god behandling til pasientar i eigen region og rettleiing til pasientar, nærståande og fagpersonar, seier Carina Paulsen Mæland, som leiar arbeidet frå Helse Vest. 

Du som er fastlege kan allereie tilvise pasientar rett til dei regionale sentera. Nokre av sentra har ikkje full drift no frå start, men sentra har ansvar for å koordinere tilvisingar i eigen helseregion. 

Det blir no jobba med informasjon, og kva du som tilvisar skal ha undersøkt før tilvisinga blir sendt til spesialisthelsetenesta.

Ei startfase

Ansvaret for oppstart av hormonblokkarar, hormonbehandling og vurdering til kirurgisk behandling ligg fortsett til den Nasjonale behandlingstenesta på Oslo universitetssykehus. 
– Bakgrunn for det er at både kunnskapsgrunnlaget og pasientvolumet er for lågt til å forsvare oppstart av pubertetsutsetjande og hormonell behandling i dei nyoppstarta regionale sentera, forklarer Mæland.

Dei regionale sentera og den nasjonale behandlingstenesta har allereie kome i gang med samarbeid om interne arbeidsprosedyrar, rettleiing og kompetanseheving.

Sentera er i ei startfase, og vil no teste ut alle arbeidsprosessane i små pilotar, etter forbetringsmodellen PDSA (plan, do, study, act).

Helsetenesta er opptatte av korleis pasientane opplever tenestene våre. Pasienterfaringar er ein viktig del av kvaliteten på helsetenestane, og vi jobbar no med å få til pasienterfaringsundersøkelsar i dei regionale sentera og i den nasjonale behandlingtenesta. 

Kontaktinformasjon til dei ulike sentera finn du her:

Helse Nord:

Regionalt senter for kjønnsinkongruens (RSKi) - Universitetssykehuset Nord-Norge HF (unn.no)

Telefon: 77754641. Mob: 98476969. 

Helse Midt: 90297870 

Helse Vest: 41701531/41701538 

Helse Sør-Øst, Sykehuset i Vestfold

Regionalt senter for kjønnsinkongruens - Sykehuset i Vestfold (siv.no)

Veiledningstelefon: 47659137 

Helse Sør-Øst, AHUS

Telefon: 62 88 74 50/ mobil: 90 40 10 19