Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Nullvisjon for sjølvmord

Sidan 2018 har Audun Pedersen og Bergen kommune arbeidd med å skap kunnskap om sjølvmordsførebygging i skulen og blant helsepersonell. – Sjølvmordsproblematikk må løftast fram og sjåast på som ei folkehelsesak, seier han.

Publisert 20.06.2023
En mann som står foran et vindu
Audun Pedersen. Foto: Privat

Helsepersonell og fagfolk i kommunar og skular speler ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje sjølvmord. I mai 2023 blir folkehelseopplysningskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar, det kan redde liv» halden i Vestland og Rogaland, og det er i kvardagen og gjennom menneskelege møte at handling kan setjast ut i livet. 

Bergen kommune har sidan 2018 jobba aktivt med ein nullvisjon for sjølvmord, og ferdigstillar no sin andre handlingsplan for korleis kommunen skal førebyggje sjølvmord. 

Hausten 2018 blæs det nye vindar mot byen mellom fjella. Korleis skal vi tenkje om sjølvmord, og korleis skal dette arbeidet organiserast i kommunane? Organisasjonen LEVE Hordaland vil sjå på dette som ei folkehelseutfordring, ikkje berre som ein del av psykiatrisk behandling. Dei fremjar ei sak om nullvisjon for sjølvmord i Bergen via eit innbyggjarinitiativ.

Audun Pedersen er seniorrådgivar for psykisk helse i Bergen kommune gjennom 25 år, og har i løpet av karrieren blant anna jobba med menneske med lange opphald i psykiatrien. Han har følgt det politiske spelet i byen i mange år, og fortel om ei ærbødigheit for temaet sjølvmord i bystyresalen denne gongen, ein sal som ofte rommar heite og høglydte diskusjonar. 

– Bystyret i Bergen hadde aldri snakka om dette før det kom på dagsorden frå LEVE. Mange blei personlege, og det var veldig sterkt. Nullvisjonen fekk ja, og dei vedtok i tillegg at det skulle lagast ein handlingsplan for gjennomføring av tiltak, fortel han. 

Nybrotsarbeid

Arbeidet i Bergen gjekk i gang før regjeringa lanserte sin handlingsplan «Ingen å miste», og Pedersen som blei sett til å leie arbeidet med handlingsplanen for Bergen kommune, hadde verken erfaring eller eksempel frå andre å vise til. 

– Prosessen den gongen var omfattande, og vi arrangerte innspelsseminar der vi inviterte breitt ut. Vi sette ned ei arbeidsgruppe på 12 personar, der dei fleste kom frå organisasjonar utanfor Bergen kommune, fortel han. 

Gruppa blei delt i to, der halvparten arbeidde med barn og unge, og den andre med vaksne og eldre. I november 2018 var planen klar, med 17 tiltakspunkt for arbeid som skulle gjelde frå 2018 til 2022.

– Det var for meg mange nye samarbeidspartnarar, det blei mykje diskusjon og mange rundar for å komme i mål. Vi var heldige og hadde brei politisk støtte og god vind i segla. Eg hadde dyktige folk rundt meg som gjorde at det gjekk bra, fortel Pedersen. 

For dei kommunane som ønskjer å lage sin eigen handlingsplan, så har dei Regionale ressurssentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) laga rettleiar til korleis det kan gjerast. 

 

 

Stort engasjement

At det var brukarorganisasjonar med på laget viste seg svært verdifullt i Bergen. Pedersen understrekar at dei kan ha stor påverking viss dei ønskjer det.

– Mange har pusha på og engasjert seg. Eg opplever også at organisasjonar som RVTS Vest og LEVE Hordaland har store aksjepostar i det som har skjedd, og at dette òg er litt deira plan. Det å ha ei «vaktbikkje» kan ha mykje å seie, seier han. 

Byggje kunnskap

I handlingsplanen står konkrete tiltak til korleis kommunen skal jobbe med å førebyggje sjølvmord. Mange av tiltaka handlar om å byggje kunnskap hos nøkkelpersonell i skule og helseteneste. 

I ein kvardag der det er ein kamp om tid og ressursar, særleg kanskje i skule og helseteneste, har det tidvis vore vanskeleg å få kommunisert kvifor sjølvmordsførebygging er viktig arbeid. 

– I skulen har vi jobba med å skape forståing for at det handlar om å møte barn og unge i krise, ikkje berre få dei til å overleve. Når desse unge skjønar at det kan hjelpe å dele tunge tankar med nokon, så er det kunnskap dei tek med seg vidare heile livet, seier Pedersen. 
– Sjølvmordsproblematikk må løftast fram og sjåast på som ei folkehelse-sak.

Trygge relasjonar

Lærarar som bruker dagen saman med barn og unge blir viktige personar i liva deira, og Pedersens erfaring er at unge som slit vil snakke med nokon dei er trygge på, ikkje ein framand psykolog. Då er det viktig å vete korleis du skal handtere det, og at du har kunnskap til å fange opp om nokon har det ekstra vanskeleg.

– Sidan vi byrja å jobbe med dette for seks år sidan har sjølvmord kome på dagsorden på ein heilt anna måte. No er tonen at dette ikkje først og fremst er oppgåva til helsevesenet å løyse, men samfunnet si oppgåve, seier Pedersen. 

Førebygging av sjølvmord blant eldre er noko Pedersen meiner eldretenestene absolutt treng.

– Det har ikkje vore lett å få til å prioritere sjølvmordsførebygging blant eldre. Men det er veldig viktig. Dei fleste eldre som tek sitt eige liv er menn, og dei aller fleste av desse både bur og er mykje åleine, seier han. 

Tap pregar ofte liva til eldre som har det vanskeleg. Tap av partnar, av jobb og vener, og tap av innhald og meining i livet. 

– Eg tenkjer at vi må prøve å innrette eldretenestene slik at dei gjev moglegheiter for meiningsfullt innhald i kvardagen og sosial kontakt med andre, då dette er heilt basale behov for å leve – og for å ville leve, seier han.

Følgje opp

Denne gongen inviterte Pedersen inn den same gruppa som sist, til å lage ein ny handlingsplan for dei komande åra. Planen var til høyring i mai, og skal vidare til bystyret i Bergen. Pedersen sjølv skal snart pensjonere seg, og etterfølgjaren hans følgjer planen på vegen vidare. 

Eit av dei viktige punkta etterfølgjaren no må ta seg av, er å føre vidare ei ressursgruppe som består av dei same som var med å lage handlingsplanen. Desse skal møtast kvart halvår, og sjå til at progresjonen i gjennomføringa faktisk følgjer bystyrevedtaket. 

– Gruppa skal justere viss det trengst, og komme med litt trykk nokre plassar eller setje opp møter så ting blir organisert. Det er viktig at ikkje planane hamnar i ein skuff og blir gløymde, understrekar Pedersen.