Tildeling av Helse Vest sine forskingsmidlar 2024
Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon har 24. november 2023 tildelt midlar til 68 av dei totalt 248 søknadene som var sendt inn innan fristen 15. september. I tillegg har 157 stipendiatar og prosjekt fått vidareført si finansiering. Til saman går 188 millionar kroner til å finansiere nye og vidareførte prosjekt og stipend som har fått tildeling gjennom utlysing av frie midlar.
Tildelinga av frie midlar, utan tematiske føringar, tar utgangspunkt i søknadane som er sendt inn innan fristen 15. september. Minimum 75 prosent av Helse Vest sine forskingsmidlar skal gå til prosjekt som søkjer desse midlane. I tillegg til tildelinga av dei frie midlane, har Samarbeidsorganet vidareført tildeling til 15 strategiske prosjekt og satsingar. Samarbeidsorganet har også sett av midlar til monitorering av kliniske prosjekt.
Med kvalitet og nytte som utgangspunkt
Samarbeidsorganet sine retningslinjer og rammer for søknadsprosessen er førande for arbeidet som er gjort av dei eksterne vurderingskomiteane denne hausten, og dei har blitt godt ivaretekne gjennom evalueringsprosessen, leia av professor Tom Mala. Søknadene er vurderte ut frå dei to likeverdige vurderingskriteria vitskapleg kvalitet og klinisk nytte.
Vurdering av kvalitet og nytte er utgangspunkt for vurdering av søknadene, men i den endelege prioriteringa mellom gode prosjekt, er også regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og mellom forskingsmiljøa tillagt vekt. Dette er forankra i retningslinjene for søknadsvurdering.
For meir informasjon om vurderingskriteria, sjå formål og kriterium for Helse Vests forskingsmidlar.
Fleire gode kandidatar
– Talet på søknader ligg på same nivå som i fjor. Konkurransen blant søknader innan kategorien open prosjektstøtte har vore hard i fleire år. I denne tildelinga er det difor gledeleg at 24 prosjekt i denne kategorien har fått tildeling, ei auke på 60 % samanlikna med fjoråret, seier Tom Mala. Søknadsporteføljen viser fleire sterke, etablerte forskingsmiljø og nokre fagmiljø som er under utvikling, og kompleksiteten er stor.
– Arbeidet i komiteane har vore prega av grundige og gode diskusjonar. Som i fjor har komiteane brukt ein normalisert skår som førande for arbeidet på sjølve vurderingsmøta, og dette gir meir tid til diskusjon rundt søknader som kunne nå opp i prioriteringa.
– Samarbeidsorganet si presisering av kriteriet nytte på kort og lang sikt, med vekt på søknaden si framstilling av ein klar veg til klinisk praksis, er implementert etter beste evne, men det er framleis utfordringar knytt til dette. Nokre av søknadene er i denne samanhengen særs optimistiske, og i den endelege prioriteringa har dette også i år ført til at gode søknader ikkje er innstilt.
Tildelinger 2024 og søknader på venteliste (PDF)
Vidareførte stipend og prosjekt (PDF)
Tildelingsbrev blir sendt ut så fort som råd. Tilbakemelding til alle søkjarane vil bli sendt ut seinast 15. desember.