Utlysing av forskingsmidlar i Helse Vest for 2024
Helse Vest lyser ut midlar til forskingsprosjekt for 2024. Søknadsfrist er 15. september 2023. Midlane er lyste ut i open konkurranse og prosjekta skal vere relevante og til nytte for spesialisthelsetenesta.
– Forskingsmidlane til Helse Vest skal vere med på å støtte og sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Vi er den nest største helseregionen, også når det gjeld forsking, seier Renate Grüner, forskingsdirektør i Helse Vest. – Det skjer mykje god og viktig forsking i sjukehusa. Midlane vi deler ut skal vere eit insentiv til meir forsking av god kvalitet, og å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend.
Alle fagfelt like viktige
Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon avgjer tildelinga av forskingsmidlane med utgangspunkt i innstilling frå fagleg komité. Dei oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.
Å auke brukarmedverknad i forsking er eit klart oppdrag til helseregionen frå Helse- og omsorgsdepartementet. Samarbeidsorganet legg også vekt på at prosjekta viser til brukarmedverknad i forskinga.
– Alle fagfelt er like viktige, så lenge søknadane viser kvalitet og er relevante for tenesta. Målet er å sikre forsking og oppbygging av forskingskompetanse i føretaka, og auke produktiviteten, nytta og kvaliteten på forskinga, forklarar Grüner. – Naturleg nok kjem det flest søknadar frå dei store fagområda som kreft og hjerne- og nervesystem, men også psykisk helse og hjarte/kar har fått stor finansiering i tidlegare år, i tillegg til andre.
Oppmodinga er: Søk!
Forskingsdirektøren har ei klar oppmoding:
– Søk! Utan å søkje får ein ikkje midlar. Bruk gjerne kollegaer og andre til å gi kritiske tilbakemeldingar til søknaden. Og start gjerne i tide med søknaden. Det er lett å rote med vedlegg og formalitetar om alt skal skje siste dagen. Det er kjedeleg å bruke mykje tid på å skrive ein søknad som ikkje blir vurdert på grunn av formelle feil.
Forskingsmidlar i Helse Vest
Helse Vest legg til rette for forsking mellom anna gjennom utlysing av midlar. Brorparten av midlane regionen har til rådvelde held fram med å vere konkurranseutsett. I tillegg organiserer ein strategiske utlysingar ved høve. Dette har bidrege til å løfte forskingssvake område eller kompetanseløft innanfor utvalde område. Dei regionale helseføretaka er også alle del av KlinBeForsk-utlysingane, som er eit nasjonalt verkemiddel for forskingsfinansiering i spesialisthelsetenesta.
For tida arbeider regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon med å utvikle ein ny strategi for forsking og innovasjon som vil vere gjeldande frå 2024. Denne vil gi retning for forskinga framover.
I 2023 fekk 57 søknadar midlar. I tillegg fekk 160 stipendiatar og prosjekt vidareført finansieringa si. Vel 182 millionar kroner gjekk til å finansiere nye og vidareførte prosjekt og stipend.