Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Vestlandslegar for framtida

Sju medisinstudentar er no i gang med Vestlandslegen på Stavanger universitetssjukehus, ein studiemodell der eitt av måla er at å auke rekrutteringa av legar på Vestlandet.

Publisert 29.08.2023
En gruppe legestudenter på SUS

Foto: Svein Lunde

Frå venstre: Guro Bjørnnes, Linn Embla Norheim Haug, Vetle Bremnes Gilje, Tuva Øverland Rømuld, Ivy Alo, Isaac Alo og Nora Baran​.

Universitetet i Bergen har laga studiemodellen Vestlandslegen, der mottoet er å utdanne legar på Vestlandet for Vestlandet. Modellen går ut på at medisinstudentane er dei tre første åra av studia i Bergen, og dei neste tre åra (år 4-6 av utdanninga) kan gjerast på dei ulike sjukehusa i regionen. 

En mann som smiler til kameraet

Foto: Hanne Tveit

Fagdirektør Bjørn Egil Vikse. 

No er dei første medisinstudentane på plass for å ta dei tre siste åra av medisinutdanninga si ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). Kvar haust framover skal det komme nye studentkull til Stavanger, og målet er at studentane etter kvart kan søkje seg også til helseføretaka i Haugesund og Førde. 
– Denne studiemodellen gjer det mogleg å auke talet på medisinstudentar på kvart kull frå dagens 180 til nærare 300, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF. 

Ein så stor auke vil berre vere mogleg dersom alle sjukehusa på Vestlandet tas i bruk, og at alle helseføretak blir gitt kompetanse og tilført ansvar for å ta i mot medisinstudentar.
– For Helse Vest er fordelen med ein slik studiemodell at vi aukar den akademiske kompetansen i alle sjukehusa på Vestlandet. Sjukehusa på Vestlandet har i nesten 25 år hatt medisinstudentar frå UiB utplassert i praksisperiodar, men med denne studiemodellen vil omfanget auke betydeleg og sjukehusa vil også få betydeleg større oppgåver i sjølve undervisninga. 

Positiv for rekrutteringa

Vikse trur ein slik modell til virke rekrutterande for å få legar til sjukehusa. 
– Helse vest støttar denne studiemodellen nettopp fordi vi ser det som eit viktig ledd i oppbygningen av sjukehusa våre på Vestlandet. Vi har tru på det at å byggje opp akademisk kompetanse kan gi auka kvalitet i pasientbehandlinga for alle sjukehus.  

Talet på studieplassar i medisin i Noreg har hatt ein svak vekst over mange år, og legebehovet tilseier at talet på studieplassar i medisin må aukast. 
– Det er brei einigheit blant fakulteta i Noreg om at dette er noko som er ønskeleg, men oppbygningen har gått sakte, og det er kostbart. Utdanning av legestudentar er vesentleg meir komplisert enn andre studieplassar, det tek tid å byggje opp og det er tidkrevjande å skaffe finansiering, forklarer Vikse. 

Han trur at det å utdanne legar i Noreg gir større sikring for at legane hamnar på dei plassane i landet som har størst behov. 
– Til dømes er allmennmedisin løfta opp i dei norske utdanningane, for det er eit fag vi synest er viktig i Noreg. Vi ser framover og ønskjer at Vestlandslegen blir ein viktig del av legeutdanninga på heile Vestlandet. 

Vinne forskingsmidlar

Dekan Per Bakke ved Det medisinske fakultetet, Universitetet i Bergen trur modellen vil bidra til eit akademisk kompetanseløft for Vestlandet. 
– Vi vil få meir forskingsbasert utdanning, og forskingsbasert tilnærming til behandling på heile Vestlandet. På denne måten kan vi igjen styrkje konkurransen om å vinne forskingsmidlar, seier han. 

Samarbeidet mellom både undervisning, forsking og helseføretak vil også få eit løft, meiner han. 
– Vi tek heile Vestlandet i bruk, og styrkjer samarbeidet langs heile kysten i vest. Dette er noko alle vil tene på.